Edgar Froese
Edgar Froese | |
| Verkeleg namn | Edgar Wilmar Froese |
| Fødd | 6. juni 1944 (74 år) Sovetsk |
| Død | 20. januar 2015 |
| Instrument | Piano, synthesizer, gitar, bassgitar, munnspel, mellotron, orgel, horn, mellofonium |
| Sjanger | Elektronisk musikk |
| Yrke | Musikar, låtskrivar |
| Tilknytte artistar | Tangerine Dream |
| Plateselskap | Virgin/EMI Records |
Edgar Wilmar Froese (6. juni 1944–20. januar 2015) var ein tysk kunstnar og pioner innan elektronisk musikk, mest kjend for å ha starta gruppa Tangerine Dream. Solo- og gruppeinnspelingane hans før 2003 har på namnet «Edgar Froese», men på soloalbuma hans frå 2003 og frametter er han omtalt som Edgar W. Froese.
Froese vart fødd i Tilsit (Sovetsk) i Aust-Preussen under andre verdskrigen. Han tok pianotimar frå han var 12 år gammal, og starta å spele gitar som femtenåring.[1] Etter å tidleg ha vist interesse for kunst, gjekk Froese på Kunstakademiet i Vest-Berlin for å studere måling og bilethogging. I 1965 starta han bandet The Ones, som spelte rock og R&B. Då dei spelte i Spania, vart dei inviterte til å spele heime hos Salvador Dalí i Cadaqués. Dette møtet vart særs viktig for Froese og det inspirerte han til å eksperimentere meir i musikken. The Ones vart oppløyst i 1967 og gav berre ut ein singel, («Lady Greengrass» / «Love of Mine»).
Etter å ha kome attende til Berlin, byrja Froese å finne musikarar for frirock-bandet som skulle verte Tangerine Dream.
Solodiskografi |
Aqua (1974) gjeve ut i to versjonar med forskjellig sporliste, begge i 1974.
Epsilon in Malaysian Pale (1975) òg gjeve ut som Ypsilon in Malaysian Pale
Macula Transfer (1976)
Ages (1978)
Stuntman (1979)
Electronic Dreams (circa. 1980) samleplate
Solo 1974–1979 (1981) samleplate
Kamikaze 1989 (1982) filmmsuikk for ein tysk film med Rainer Werner Fassbinder
Pinnacles (1983)
Beyond the Storm (1995) samleplate
Introduction to the Ambient Highway (2003) sampler
Ambient Highway, Vol. 1 (2003) blanding av nye og gamle spor
Ambient Highway, Vol. 2 (2003) blanding av nye og gamle spor
Ambient Highway, Vol. 3 (2003) blanding av nye og gamle spor
Ambient Highway, Vol. 4 (2003) blanding av nye og gamle spor
Dalinetopia (2004)
Ages (2005) delvis nyinnspeling
Epsilon in Malaysian Pale (2005) delvis nyinnspeling
Stuntman (2005) delvis nyinnspeling
Aqua (2005) delvis nyinnspeling
Macula Transfer (2005) delvis nyinnspeling
Pinnacles (2005) delvis nyinnspeling
Orange Light Years (2005) blanding av nye og gamle spor
Solo 1974–1983 (2012) samleplate
Kjelder |
↑ http://thequietus.com/articles/03878-edgar-froese-tangerine-dream-interview
Bakgrunnsstoff |
- Heimeside
- Tangerine Dream-side
Tangerine Dream | |
|---|---|
| Noverande medlemmar | Edgar Froese · Linda Spa · Thorsten Quaeschning |
| Tidlegare medlemmar | Volker Hombach · Lanse Hapshash · Kurt Herkenberg · Charlie Prince · Steve Jolliffe · Klaus Schulze · Conrad Schnitzler · Steve Schroyder · Peter Baumann · Christopher Franke · Michael Hoenig · Klaus Krüger · Johannes Schmoelling · Paul Haslinger · Ralf Wadephul · Jerome Froese |
| Gjesteartistar | Udo Dennebourg · Roland Paulyck · Florian Fricke · Christian Vallbracht · Jochen von Grumbcow · Hans Joachim Brüne · Johannes Lücke · Eduard Meyer · Susanne Pawlitzki · Jocelyn Bernadette Smith · Jacquie Virgil · Diamond Ross · Jerome Froese · Hubert Waldner · Chi Coltrane · Zlatko Perica · Enrico Fernandez · Richi Wester · Jayney Klimek · Roland Braunstein · Julie Ocean · Gisela Kloetzer · Mark Hornby · Gerald Gradwohl · Emil Hachfeld · Vicki McClure · Iris Camaa · Barbara Kindermann · Claire Foquet · Jane Monet · Bianca Acquaye · Bry Gonzales · Jack Liberty · Lerk Andebracht · Saskia Klumpp · Tatjana Kouchev · Fridolin Johann Harms · Brandenburg Symphonic Orkester · Neuer Kammerchor Potsdam · Christian Hausl · Claire Fouquet · Barbara Kindermann · Diane Miller · Jane Monet · Gynt Beator · Thomas Beator · Bernhard Beibl · Hetty Snell · Zoe Marshall · Stephanie Oade · Rebecca J. Herman |
| Studioalbum | Electronic Meditation · Alpha Centauri · Zeit · Atem · Phaedra · Rubycon · Stratosfear · Cyclone · Force Majeure · Tangram · Exit · White Eagle · Hyperborea · Le Parc · Green Desert · Underwater Sunlight · Tyger · Optical Race · Lily on the Beach · Melrose · Rockoon · Quinoa · Turn of the Tides · Tyranny of Beauty · Goblins Club · Mars Polaris · Phaedra 2005 · Madcap's Flaming Duty · Tangerine Dream Plays Tangerine Dream · Under Cover – Chapter One |
| Konsertalbum | Ricochet · Encore · Quichotte · Logos Live · Poland · Livemiles · 220 Volt Live |
| Filmmusikk | Sorcerer · Thief · Das Mädchen auf der Treppe · Risky Business · Wavelength · Firestarter · Flashpoint · Heartbreakers · Legend · Three O'Clock High · Near Dark · Shy People · Miracle Mile · Destination Berlin · Canyon Dreams · The Keep · Great Wall of China · Mota Atma · L'Inferno |
| Videoar | Canyon Dreams |
|