Syre




For syreplantar, sjå syreslekta.

Ei syre er eit stoff som kan gje frå seg H+ ioner (proton), syra kan reagera med ein base og danna eit salt og har pH-verdi under 7 i vassløysning. Sterke syrer er fullstendig protolyserte i vatn, medan svake syrer berre er delvis protolyserte. Det vil seia at ikkje all syra reagerer med vatnet.


Generelt kan ein reaksjon mellom ei syre og vatn skrivast slik:


HA + H2O <--> H3O+ + A-

Ein skil mellom organiske og uorganiske syrer. Aminosyrer og karboksylsyrer er organiske syrer. Dei sterkaste syrene, som svovelsyre, er uorganiske.


Ei einprotisk syre er ei syre som gjev frå seg 1 proton (H+). Ei fleirprotisk syre er ei syre som gjev frå seg to eller fleire protoner (H+)




Innhaldsliste






  • 1 Definisjonar på ei syre


  • 2 Viktige syrer


    • 2.1 Organiske


    • 2.2 Uorganiske


      • 2.2.1 Svake


      • 2.2.2 Sterke






  • 3 Reaksjonar


  • 4 Bruk av syrer


  • 5 Sjå òg


  • 6 Bakgrunnsstoff





Definisjonar på ei syre |



  • Ei Brønsted-Lowry-syre er ein protondonor. Ho gjev frå seg eit hydrogenion. Stoffet som tek imot protonet er ein base.

  • Ei Lewis-syre er eit stoff som er ein elektronparakseptor.


Svante Arrhenius definerte ei syre som eit stoff som kan gje frå seg hydrogenion når ho er løyst i vatn. Etter denne definisjonen må syrer vera vassløyselege. Det er ikkje nødvendig om ein brukar definisjonen til Brønsted og Lowry. Ei Lewis-syre treng ikkje eingong å innehalda hydrogen.



Viktige syrer |




Vinsyre



Organiske |




  • Aminosyrer - stoffgruppe


  • Askorbinsyre - C-vitamin

  • Benzosyre

  • Eddiksyre

  • Sitronsyre

  • Vinsyre



Uorganiske |



Svake |


  • Flussyre


Sterke |



  • Salpetersyre

  • Saltsyre

  • Svovelsyre



Reaksjonar |


Salt vert danna i nøytraliseringsreaksjonar mellom syrer og basar. Denne reaksjonstypen er viktig i analysemetoden syre-base-titrering. Endepunktet i titreringa vert funne ved hjelp av ein indikator eller ved pH-målingar.



Bruk av syrer |


Ein del organiske syrer vert brukt i matlaging. Eddiksyre i form av eddik er mykje brukt, mellom anna i dressingar. Nokre av syrene vert brukt som konserveringsmiddel.



Sjå òg |



  • Base

  • Salt

  • Titrering



Bakgrunnsstoff |



Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva