Nordlandsekspressen




Nordlandsekspressen er ei snøggbåtrute drive av reiarlaget Torghatten Nord. Ruta går frå Sandnessjøen i sør til Svolvær i nord, med Bodø som knutepunkt. Til dagleg vert skipa MS Salten, MS Steigtind og MS Ofoten nytta. Ruta har lange tradisjonar, og vert omtala som ei livsnerve for kystsamfunna langs Nordlandskysten. Det er mange korrespondansar undervegs, mellom anna korresponderer nattoget på Nordlandsbanen frå Trondheim med nordgåande båt frå Sandnessjøen via buss frå Mosjøen. I tillegg korresponderer båten med ei rekkje båt- og bussruter. Nordlandsekspressen var også et lyntog på Nordlandsbanen fra ca. 1960, og 10-15 år fremover. Toget hadde færre stopp enn dagtogene, og kjørte Trondheim-Bodø ca. 2 timer raskere. Lyntoget kjørte bare ca. 2 måneder sommerstid.



Bodø - Sandnessjøen - Bodø |


Denne ruta går kvar dag kl. 6.45 om morgonen frå Sandnessjøen, og er framme i Bodø om lag kl 12. Sørover går båten kl. 16 frå Bodø på kvardagar og er framme i Sandnessjøen om lag kl. 22. Desse hamnene kan vitjast frå sør til nord:



  • Sandnessjøen

  • Bjørn

  • Løkta

  • Nesna

  • Handnesøya

  • Onøya

  • Indre Kvarøy

  • Tonnes

  • Selsøyvik

  • Gjerøya

  • Rødøy

  • Nordvernes

  • Vågaholmen

  • Bolga

  • Grønnøya

  • Ørnes

  • Støtt

  • Sørarnøy

  • Sørfugløy

  • Våg på Sandhornøya

  • Bodø



Bodø - Svolvær - Bodø |


På kvardagar går denne ruta kl. 6.30 om morgonen frå Svolvær og er framme i Bodø kl. 10. Frå Bodø går ho kl. 17.15 dei fleste kvardagane og er framme i Svolvær ca. kl. 21. Desse hamnene kan vitjast av ruta (frå sør til nord):



  • Bodø

  • Kvig

  • Brennsund

  • Helnessund

  • Nordskot

  • Holkestad

  • Bogøy

  • Skutvik

  • Skrova

  • Brettesnes

  • Svolvær



Kjelder |




  • Wikipedia på bokmål om Nordlandsekspressen.

  • Rutetidene til Nordlandsekspressen på Torghatten Nord sine nettsider.









Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva