Middelhavssporv









































Middelhavssporv

Status i verda: LC Livskraftig


Foto: Francesco Veronesi
Foto: Francesco Veronesi


Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Passeriformes

Familie:

Passeridae
Slekt:
Passer

Art:

P. hispaniolensis

Namn på andre språk


  • Engelsk: Spanish sparrow

    • Bokmål: Middelhavsspurv




  • Vitskapleg namn
    Passer hispaniolensis

    Temminck, 1820


    Middelhavssporv (Passer hispaniolensis) er ein fugl i sporvefamilien. Han lever i middelhavsområdet og sørvestlege og sentrale Asia. Arten liknar på den nært nærskylde gråsporv, og dei to artane viser det nære tilhøvet med hybridisering, noko som kompliserer identifisering av individ av denne arten.



    Skildring |


    Middelhavssporven er 15-16 centimeter lang og har kroppsvekt på 22-38 gram. Hoer liknar mykje på hofuglar av gråsporv i fjørdrakta, men kan ha ei aning lysare underside. Hannfuglar av middehavssporven har kastanjebrun isse, svart smekk og elles svart brystparti og kraftige svarte strek på undersida. Han har kvite kinn der gråsporven er grå. Nebbet er kraftig og kjegleforma.[1][2]


    Lætet til denne sporven liknar gråsporvlætet, men er meir metallisk i tonen enn gråsporven.[1]


    Middelhavssporven har ei fragmentert utbreiing frå Makaronesia i vest der han er introdusert, og gjennom middelhavsområdet til Sentral-Asia. Hekkeområdet inkluderer Iberia, Sardinia, Balkan, Kanariøyane, Nordvest-Afrika, Kypros, austlege Anatolia, Levanten, nordlege Iran, sørlege Kasakhstan og nordvestre Kina. Overvintringsområde finst fragmentert i Nord-Afrika, sørlege Iran, Pakistan og Nordvest-India. Han lever året rundt i nokre område som Iberia og Nordvest-Afrika. Streiffuglar når så langt nord som til Skottland og Noreg. Det er dokumentert eit funn på Lista i 1990 og eit ved Larvik to år tidlegare.[3] Habitatet for denne arten er fuktige, nær vatn, gjerne kultiverte, men òg i steppeområde og halvørken. Føda er først og fremst vegetabilsk, slik som grasfrø, dessutan virvellause dyr.[2]


    Populasjonen er estimert til å ligge mellom 61 og 131,5 millionar individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]



    Kjelder |



    • Denne artikkelen bygger på «Spanish sparrow» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2018.


    Referansar




    1. 1,01,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.


    2. 2,02,1 Summers-Smith, D. (2018). Spanish Sparrow (Passer hispaniolensis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. august 2018


    3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 20. august 2018. 


    4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Passer hispaniolensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. august 2018




    Bakgrunnsstoff |




    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Middelhavssporv








    Popular posts from this blog

    What are all the squawk codes?

    What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

    Hudsonelva