James Prescott Joule
James Prescott Joule | |
| |
Fødd | 14. desember 1818 Salford |
---|---|
Død | 11. oktober 1889 Sale i Stor-Manchester |
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Område | fysikk |
Yrke | fysikar |
Alma mater | University of Manchester |
Ektefelle | Amelia Grimes |
Medlem | Royal Society American Academy of Arts and Sciences Accademia delle Scienze di Torino |
James Prescott Joule (24. desember 1818–11. oktober 1889) var ein britisk fysikar og ølbrygga fødd i Salford nær Manchester i England.[1]
Gjennom studiar av varme kom han fram til at han hadde likskapar med arbeid, og er dermed ein av grunnleggjarane av læra om varme som ei form for energi. Arbeidet hans leidde også til formuleringa av den første loven innan termodynamikk. Joule samarbeidde med lord Kelvin om å utvikla ein absolutt temperaturskala, studerte magnetostriksjon (at ein gjenstand endrar storleik ved magnetisering) og oppdaga Joules lov.
Joule blei vald inn i Royal Society i 1850 og fekk fleire utmerkingar, mellom anna Royal Medal og Copleymedaljen. SI-eininga for arbeid, joule, er kalla opp etter han.[1]
Prisar og utmerkingar |
- 1852 – Royal Medal
- 1870 – Copleymedaljen
Kjelder |
«James Prescott Joule» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «James Prescott Joule» frå Wikipedia på dansk, og «James Prescott Joule» frå Wikipedia på svensk den 1. juni 2010.
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: James Prescott Joule
Denne fysikkartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|
↑ 1,01,1 «James Prescott Joule» i Store norske leksikon, snl.no.