Port Said
Būr Saʿīd (ar. بورسعيد) | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Guvernement | Egypt Bur Saʿid |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2008) | 588 935 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Tidssone - Ved sommartid | EET (UTC+2) EEST (UTC+3) |
Port Said er ein hamneby nordaust i Egypt ved Middelhavet. Han ligg ved austenden av Nildeltaet og vest for munningen av Suezkanalen.
Innhaldsliste
1 Soge
2 Økonomi
3 Transport
4 Bysborn
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Soge |
Byen blei grunnlagd i 1859 i samband med bygginga av kanalen, og kalla opp etter den dåverande visekongen av Egypt, Muhammad Said. På andre sida av Suezkanalane ligg Port Fouad, som blei bygd i 1927 for å minska overfolkinga i Port Said.
Sidan 1976 har byen vore ein frihandelsone.
Økonomi |
Som hamneby har Port Said lenge vore ein stasjon for skip som går gjennom Suezkanalen, og driv skipsforsyning og eksport av egyptiske varer. Viktige næringsvegar er fiske og industriverksemd knytt til mellom anna mat, kjemikaliar og sigarettar.
Transport |
Gratis ferjesamband knyter saman nabobyane Port Said og Port Fouad.
Byen har også ein mindre flyplass, Port Said lufthamn.
Bysborn |
Fødde i Port Said:
Cecil Purdy (1906-1979), australsk sjakkspelar
Amr Diab (f. 1961), musikar
Mohamed Zidan (f. 1981), fotballspelar
Budde i Port Said:
Olaf Stapledon (1886-1950), engelsk science fiction-forfattar
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Port Said» frå Wikipedia på engelsk, og «Port Said» frå Wikipedia på tysk den 25. mai 2009.
Bakgrunnsstoff |
|