Gallipoli i Italia






Gallipoli, med utsyn mot nybyen


Gallipoli er ein hamneby og ein kommune i provinsen Lecce i regionen Puglia i Italia. Kommunen har 20 000 ibuarar (2012) og eit areal på 40,4 km².


Hamnebyen Gallipoli ligg ved Tarantobukta. Han består av gamlebyen, bygt på ei kalksteinsøy, og den nye byen, bygt på fastlandet. Næringslivet er i fyrste rekke basert på fiskeri og turisme.


Byen vart grunnlagd av greske nybyggjarar som Kallipolis, og var såleis del av Magna Graecia. Romarriket erobra byen i 266 f.Kr., på 1000-talet e.Kr. vart han normannisk.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Gallipoli (Apulien)» frå Wikipedia på tysk, den 21. juni 2014.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva