Bamako






Kartet viser kvar i Mali Bamako ligg.




Utsyn over Bamako frå ein ås rett utanfor byen.




Gatebilete frå Bamako.




Minibussar i Bamako.




Pont des Martyrs 'Martyrbrua', som bind i hop bydelane på kvar side av elva Niger.


Bamako er hovudstaden i det afrikanske landet Mali. Byen ligg ved elva Niger (Joliba 'blodelva' (joli 'blod', ba 'elv') på bambara) i den sørvestlege delen av landet. Bamako er administrativt sentrum i landet, og er ein viktig hamneby og eit regionalt handelssentrum. Hovudnæringane er tekstil, matvarer og metall.




Innhaldsliste






  • 1 Folkesetnad


  • 2 Namnet på byen


  • 3 Bydelar


  • 4 Klima


  • 5 Venskapsbyar


  • 6 Kjende personar som er fødde i Bamako


  • 7 Norske organisasjonar i Bamako


  • 8 Bibliografi


  • 9 Fotnotar





Folkesetnad |


Bamako er på sjetteplassen mellom dei raskast veksande byane i verda.[1] I 1884 hadde byen 2 500 innbyggjarar, i 1908 8000 innbyggjarar[2], i 1945 37 000 innbyggjarar, i 1960, året då Mali blei uavhengig, hadde talet stige til 100 000, og i 2009 var det kome opp i 2 209 225[3]. Byen er dessutan den sjuande største i Vest-Afrika, etter Lagos, Abidjan, Kano, Ibadan, Dakar og Accra.



Namnet på byen |


Namnet Bamako kjem frå bambara og tyder 'krokodillerygg' (bama 'krokodille'; 'rygg').[4]



Bydelar |


Bamako har desse bydelane; namna er skrivne på bambara (bamanankan) og nokre i tillegg på fransk (etter skråstreken når båe språka er med):











  • Hippɔdrɔme / Hippodrome

  • Korofina

  • Badalabugu / Badalabougou

  • Bamakɔ Kura / Bamako Coura

  • Jikoroni / Djicoroni

  • Bakɔ jikɔrɔni / Baco Djicoroni

  • Misira / Missira

  • Medina Kura / Médina Coura

  • Bankɔni / Bankoni

  • Maɲambugu / Magnambougou





  • Dravela

  • Jɛlibugu

  • Bolibana

  • Wɔlɔfɔbugu

  • Bajalan I,II,III

  • Ɲarela

  • Bagadaji

  • Bozola

  • Falaje

  • Ɲamakoro





  • Sɛbenikɔrɔ

  • Quinzanbugu

  • Kinsanbugu

  • Amdalayɛ

  • Sabalibugu

  • Titibugu

  • Lafiabugu

  • Badalabugu

  • Torokɔrɔbugu

  • Quartier du fleuve











Klima |


Bamako ligg lengst sør i Sahel og har eit tropisk klima med ein gjennomsnittleg nedbør på 878 mm i året, og med ei klårt åtskild tørketid og regntid.



Venskapsbyar |




  • Flagget til Frankrike Angers, Frankrike (sidan 1974)


  • Flagget til Burkina Faso Bobo Dioulasso, Burkina Faso


  • Flagget til Senegal Dakar, Senegal


  • Flagget til Tyskland Leipzig, Tyskland


  • Det amerikanske flagget Rochester, New York, USA (sidan 1975)


  • Flagget til Brasil São Paulo, Brasil


  • Flagget til Indonesia Sinyar, Indonesia


  • Det amerikanske flagget Slocomb, Alabama, USA (sidan 1912)



Kjende personar som er fødde i Bamako |



  • 1954, 24. oktober, Amadou Bagayoko, songar og gitarist i Amadou & Mariam

  • 1955, 23. juni, Jean Tigana, fransk fotballspelar og -trenar

  • 1958, 15. april, Mariam Doumbia, songar Amadou & Mariam

  • 1968, 25. februar, Oumou Sangaré, songar, feminist og menneskerettsaktivist

  • 1979, 15. juli, Boubacar Diarra, malisk fotballspelar

  • 1978, 15. april, Soumaila Coulibaly, malisk fotballspelar i FSV Frankfurt



Norske organisasjonar i Bamako |


Mange internasjonale humanitære organisasjonar og misjonsorganisasjonar er etablerte i Bamako, og mellom norske organisasjonar finn vi Kirkens nødhjelp, Strømmestiftelsen, Santalmisjonen og Det norske misjonsselskap.[5]



Bibliografi |


Brauner, Siegmund 1974. Lehrbuch des Bambara. Leipzig: VEB Verlag Enzyklopädie.



Fotnotar |




  1. The world’s fastest growing cities and urban areas from 2006 to 2020


  2. S. Konaté, Bamako, enracinée dans l’histoire, ouverte au Monde, L’Essor , 1er décembre 2005.


  3. Jf. artikkelen om Bamako på fransk wikipedia.


  4. Jf Artikkelen om Bamako på tysk wikipedia og Brauner (1974).


  5. Eigne observasjonar under fleire opphald i Bamako; Rolf Theil.





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?