Johannes Olai Holsen (27. mars 1910–18. september 1992) var ein hardingfelespelemann frå Viksdalen i Gaular kommune i Sogn og Fjordane.
Innhaldsliste
1Bakgrunn
2Opplæring/tradisjon
3Musikalsk ettermæle
4Diskografi
5Bakgrunnsstoff
Bakgrunn |
Johannes Holsen vart fødd våren 1910 og vaks opp på garden Hetle i Viksdalen i Gaular i Sunnfjord, som son av Nikolai Ludvigson Holsen (1871-1953) frå Holsen, Førde og Olina Holsen (f. Hetlem 1876-1968) frå Viksdalen, Gaular. Han vaks opp i ein søskenflokk på ni born.
I 1933 flytta Johannes Holsen til Førde, og han var busett der heile sitt vaksne liv. Dei fyrste åra dreiv han ein kafé på Flaten saman med søstera si. Han utdanna seg som urmakar ved «Forskolene for Håndverks- og Industrilærlinger» i Bergen. Tilbake i Førde starta han sin eigen urmakarverkstad på Hafstad, og han hadde også ein frisørstol i forretninga der kundane også kunne få seg ein hårklipp om det trongst. I sommarhalvåret var Johannes ein mykje brukt spelemann i bryllaup i heile indre Sunnfjord, og kanskje spesielt i Viksdalen og elles i Gaular. Han var ein ivrig deltakar på både små og store kappleikar rundt ikring.
Opplæring/tradisjon |
Johannes Holsen byrja å spele hardingfele åtte år gamal. Det meste av spelet sitt lært han av far sin, Nikolai Holsen (f. 1871), og farfaren Ludvig Holsen (1839-1892). Holsen hadde ei Øverås-fele, bygd i 1931.
Han gjorde innspelingar både for NRK Folkemusikkarkivet og Arne Bjørndals Samling, og det er særleg runddans- og bygdedansslåttar etter faren og farfaren som pregar repertoaret hans.
Musikalsk ettermæle |
Johannes Holden er ei viktig kjelde for Gaular Spelemannslag, Indre Sunnfjord Spelemannslag og Gro Marie Svidal.
Diskografi |
Hardingfelespel frå Sunnfjord (Nils Furnes, Johannes Holsen og Knut Sandal) (ta:lik, 2005)
Bakgrunnsstoff |
Artikkel frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Info om ta:lik si plateutgjeving Hardingfelespel frå Sunnfjord
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin utøvardatabase
Lydopptak av Johannes Holsen kan du høyre her. Opptaka er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkavdelinga.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...