Fulfulde

































Fulfulde
(Fulfulde, pulaar, pular)

Klassifisering:

Niger-kongospråk
 Atlantisk
  Nordleg
   Senegambiske språk

Bruk

Tala i:

Mauritania, Senegal, Mali, Guinea, Burkina Faso, Niger, Nigeria, Kamerun, Gambia, Chad, Sierra Leone, Benin, Guinea-Bissau, Sudan, Den sentralafrikanske republikken, Elfenbeinskysten, Ghana, Togo

Fulfuldetalande i alt:
10–16 millionar[1]

Språkkodar

ISO 639-1:
ff

ISO 639-2:
ful

Glottolog:

fula1264

Fulfulde er eit språk i Vest-Afrika. Det blir tala av fulaniane frå Senegal til Kamerun og Sudan. Etter arabisk og dei tidlegare europeiske kolonispråka engelsk og fransk er fulfulde det språket som har den største geografiske utbreiinga i Afrika. Fulfulde har 20 nominalklassar («grammatisk kjønn») i eintal – noko som truleg er flest av alle språk.




Innhaldsliste






  • 1 Namn på språket


  • 2 Typologi


    • 2.1 Syntaks


    • 2.2 Morfologi


    • 2.3 Fonologi




  • 3 Slektskap


  • 4 Dialektar


  • 5 Lånord


  • 6 Alfabet


    • 6.1 Det latinske alfabetet


    • 6.2 Det arabiske alfabetet




  • 7 Fonologi


    • 7.1 Stavingsstruktur


    • 7.2 Vokalar


    • 7.3 Konsonantar




  • 8 Morfofonologi


    • 8.1 Framlydsveksling


    • 8.2 Suffiksveksling




  • 9 Morfologi


    • 9.1 Substantiv


    • 9.2 Adjektiv


    • 9.3 Verb




  • 10 Anna


  • 11 Fotnotar


  • 12 Bakgrunnsstoff


  • 13 Litteratur





Namn på språket |


Talarar vestanfor Maasina i Mali kallar språket sitt pulaar, bortsett frå i Guinea, der dei kallar det pular, medan dei som snakkar dialektar frå Maasina og austover, seier fulfulde.


Språket fulfulde er òg kjent under mange andre namn:




  • Fula. Særleg nytta på engelsk; kjem frå mandinka fula 'fulani'.


  • Ful. Særleg nytta på tysk; laga frå rota til ordet fulfulde.


  • Fulani. Særleg nytta på engelsk; kjem av hausa Filàanii 'fulaniar', fleirtal av Bàfillaacèe.


  • Peul. Særleg nytta på fransk; kjem av wolof Pël 'fulani'.




Fulanikvinner i Paoua i Den sentralafrikanske republikken.
Foto: Brice Blondel for HDPTCAR



Desse nemningane blir òg mykje nytta om den etniske gruppa, i denne artikkelen omtala som fulaniar, fleirtal av fulani. Sjølve kallar dei seg pullo (eintal), fulɓe (fleirtal). Eit anna namn på folket er fellata, som kjem av kanuri fǝláta 'fulani'.
Pular er det offisielle regionale språket i Guinea, og mange talarar er einspråklege (monolingvale).



Typologi |



Syntaks |


Fulfulde er eit SVO-språk med kjerneinitiale frasar, som illustrert i dette dømet:




















































S

V
O
Adv

NP


NP

PP



kjerne

attributtar

kjerne

attributt


substantiv
adjektiv
talord
preposisjon
NP

Gaynaako

tawii

na'i

daneeji

ɗiɗi

bannge

maayo
gjætar
fann
kyr
kvite
to
nær
elv

Gjætaren fann to kvite kyr nær elva


Morfologi |


Fulfulde er eit syntetisk språk, ved at mange ord inneheld meir enn eitt morfem. I setninga Gaynaako tawii na'i daneeji ɗiɗi bannge maayo 'Gjætaren fann to kvite kyr nær elva' inneheld alle orda fleire morfem, unnateke preposisjonen bannge 'nær':














































Gaynaako

tawii

na'i

daneeji

ɗiɗi

bannge

maayo

gaynaa-

-ko

taw-

-ii

na'-

-i

dan-

-ee-

-ji

ɗiɗ-

-i

bannge

maay-

-o

gjætar
O-klasse

finne
aktiv, fri, perfektiv

ku
ƊI-klasse

kvit
ADJ
ƊI-klasse

to
ƊI-klasse

nær

elv
NGO-klasse

Gjætaren fann to kvite kyr nær elva

Det er dessutan eit flekterande språk. Bøying blir uttrykt gjennom modifikasjon og suffiks, og mange suffiks er uttrykk for fleire grammatiske trekk. I dømet over ser vi at suffikset -ii i verbforma tawii 'fann' er uttrykk for tre grammatiske trekk, aktiv (i motsetnad til medium og passiv), fri (i motsetnad til konjunkt) og perfektiv (i motsetnad til imperfektiv).
Fulfulde har ikkje kasus.



Fonologi |


Fulfulde har berre to stavingstypar, ON og ONK, der O = opptakt, N = nukleus (også kalla kjerne) og K = koda. Stavinga har med andre ord obligatorisk opptakt og nukleus og valfri koda. Opptakt og koda inneheld éin og berre éin konsonant. Nukleus inneheld ein stutt eller ein lang vokal. Språket har ikkje diftongar.



Slektskap |


Hovudartikkel: Slektskapen mellom fulfulde og andre språk


Fulfulde blir rekna til undergruppa Senegal-språk i den nordlege greina av dei atlantiske språka, som utgjer ei hovudgrein av språkfamilien niger-kongo.



Dialektar |




Dette kartet over fulanske jihād-statar kring år 1830 viser samstundes område i Vest-Afrika der fulfulde framleis står særskilt sterkt, nemleg Fuuta Jaloo (dialektområde 1), Fuuta Tooro (dialektområde 2), Maasina (dialektområde 3) og området for det gamle Sokkoto-kalifatet (dialektområde 4, 5 og 6).


Hovudartikkel: Dialektar av fulfulde


Fula har fleire ulike dialektar. Ei mogeleg inndeling er:[2]



  • 1. Pular, Fuuta Jaloo (Guinea)

  • 2. Pulaar, Fuuta Tooro (Senegal, Gambia, Mauritania og Vest-Mali)

  • 3. Fulfulde, Maasina (det midtre Mali)

  • 4. Fulfulde, Liptaako-Sokkoto (Aust-Mali, Burkina Faso, Vest-Nigeria og Vest-Niger)

  • 5. Fulfulde, Aust-Niger og Midt-Nigeria

  • 6. Fulfulde, Aadamaawa (Aust-Nigeria og Nord-Kamerun)



Lånord |


Språket har lånt mykje frå arabisk og fransk språk, men også frå engelsk, portugisisk, malinke, susu, wolof og andre språk. Lånorda frå arabisk gjeld fyrst og fremst religion (islam), filosofi, grammatikk og skriftkultur, medan lånorda frå fransk og engelsk gjeld moderne teknologi.


Her er nokre døme - frå Aadamaawa-dialekten - på lånord frå arabisk:




  • annaboojo 'profet' < arabisk an-nabī النبي


  • asama 'himmel' < arabisk as-samāʔ السماء


  • mallum(jo) 'koranlærar' < muʕallim معلم


  • deftere 'bok' < arabisk daftar دفتر 'skrivehefte, kladdbok'



Alfabet |


Fula blir skrive med det latinske alfabetet og det arabiske alfabetet.



Det latinske alfabetet |


Det latinske alfabetet blei teke i bruk for å skrive fulfulde på 1800-talet, i samband med europeisk kolonisering og misjon.


I februar-mars 1966 skipa UNESCO ein konferanse i Bamako (hovudstaden i Mali), Meeting of Experts for the Uni!cation of Alphabets of the National Languages. Der blei det føreslege ny ortografi i det latinske alfabetet for mange afrikanske språk, mellom anna fulfulde. Det trongst ein standardisert ortografi, for skrivemåten varierte sterkt frå bok til bok, og framleis blir det gjeve ut bøker med avvikande ortografi.


Det latinske alfabetet har desse store og små bokstavane: ', A a, B b, Ɓ ɓ, Mb mb, C c, D d, Ɗ ɗ, Nd nd, E e, F f, G g, Ng ng, H h, I i, J j, Nj nj, K k, L l, M m, N n, Ɲ ɲ, Ŋ ŋ, O o, Pp, R r, S s, T t, U u, V v, W w, Y y, Ƴ ƴ, Z z. I staden for Ɲ ɲ nyttar ein òg Ñ ñ eller Ny ny. Den glottale lukkelyden ' blir oftast ikkje skriven fremst i ord, slik at anndal 'kunnskap' står for /ʔanndal/. Den fonetiske verdien til dei ulike bokstavane er beskriven i avsnittet Lydsystemet nedanfor.



Det arabiske alfabetet |


Det arabiske alfabetet har vore kjent mellom fulaniane sidan muslimske handelsfolk kom til Vest-Afrika på 800-900-talet.
Dette alfabetet kan nyttast på fleire vis for å skrive fulfulde. Tabellen under viser den tradisjonelle skrivemåten av konsonantane i Nord-Kamerun.













































































Det arabiske alfabetet


Labial

Apikal

Laminal

Dorsal

Glottal

Nasal

m م

n ن

ny ي

ŋ غ
 

Prenasal plosiv

mb ب

nd د

nj ج

ng غ
 

Stemd plosiv

b ب

d د

j ج

g غ
 

Implosiv

ɓ ب

ɗ ط

ƴ ي
 
 

Ustemd plosiv

p ف

t ت

c ش

k ك

' ع

Ustemd frikativ

f ف
 

s س
 

h ح

Rotikon
 

r ر
 
 
 

Approksimant
 

l ل

y ي

w و
 

Som tabellen viser, blir stemde plosivar og prenasale plosivar skrivne likt. Vidare skil ein mellom anna heller ikkje mellom b og ɓ eller mellom f og p.
Vokalane i, a og u blir skrivne som på arabisk, jamfør til dømes عَسِرِ asiri 'bedetid ved 16-tida' (< arabisk ʕaṣr عَصر) og سُبَحَ subaha 'bedetid før soloppgang' (< arabisk subħ سُبح), medan o blir skriven med ʿ over konsonanten og e med . under konsonanten.


Dei siste tiåra har ein ny skrivemåte blitt utvikla, der alle konsonantfonema er skilde frå kvarandre. Dei prenasale plosivane blir skrivne مب mb, ند nd, نج nj og نغ ng; p blir skrive پ ; ɓ og ƴ blir skrivne som høvesvis ب b og ي y med ء ʔ over. Ny blir skriven som ein kombinasjon av ن og ي, slik at eldre يَامَ nyaama får ein prikk over fyrste konsonanten.



Fonologi |


Hovudartikkel: Fonologi i fulfulde



Stavingsstruktur |


Fulfulde har stavingar av typane CV, CVV, CVC og CVVC, der C = konsonant, V = stutt vokal og VV = lang vokal. Med andre ord byrjar alle stavingar med éin og berre éin konsonant.



Vokalar |


Fula har fem stutte og fem lange vokalfonem:





























Fremre urunda

Sentral urunda

Bakre runda

Trong

i /i/ - ii /iː/


u /u/ - uu /uː/

Midtre

e /e/ - ee /eː/


o /o/ - oo /oː/

Open


a /a/ - aa /aː/
 

I mange dialektar varierer uttalen av dei midtre vokalane e, ee, o og oo allofonisk mellom dei trong-midtre [e], [eː], [o] og [oː] på den eine sida og dei open-midtre [ɛ], [ɛː], [ɔ] og [ɔː] på den andre.
Fula har ingen diftongar.



Konsonantar |













































































Labial

Apikal

Laminal

Dorsal

Glottal

Nasal

m /m/

n /n/

ny /ɲ/

ŋ /ŋ/
 

Prenasal plosiv

mb /mb/

nd /nd/

nj /ndʒ/

ng /ŋɡ/
 

Stemd plosiv

b /b/

d /d/

j /dʒ/

g /ɡ/
 

Implosiv

ɓ /ɓ/

ɗ /ɗ/

ƴ /ʄ, j̰/
 
 

Ustemd plosiv

p /p/

t /t/

c /tʃ/

k /k/

' /ʔ/

Ustemd frikativ

f /f/
 

s /s/
 

h /h/

Rotikon
 

r /r/
 
 
 

Approksimant
(v /ʋ/)

l /l/

y /j/

w /w/
 

Frå Maasina og vestover blir ƴ uttala som ein palatal implosiv og austafor Maasina blir han uttala som ein knirkestemd halvvokal.

Alle implosivane kan alternativt uttalast som knirkestemde plosivar.[3]

Skiljet mellom v og w finst berre i nokre dialektar i Aadamaawa. Alle andre dialektar har berre w. Jamfør artikkelen Fulfulde: framlydsveksling. I Maasina blir w uttala [ɥ] føre fremre vokal (i, ii, e, ee).



Morfofonologi |



Framlydsveksling |


Hovudartikkel: Framlydsveksling i fulfulde.


Eit karakteristisk drag ved fulfulde er framlydsvekslinga, det at konsonanten fremst i eit ord vekslar ved ordbøying. Her er nokre døme i Aadamaawa-dialekt:


Substantiv




  • pullo 'fulani', fleirtal fulɓe 'fulaniar'; eintalsforma (i O-klassen) tek til med p og fleirtalsforma (i ƁE-klassen) med f


  • fowru 'hyene', fleirtal pobbi 'hyenar'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med f og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med p


  • reedu 'mage', fleirtal deeɗi 'magar'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med r og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med d


  • yitere 'auga', fleirtal gite 'augo'; eintalsforma (i NDE-klassen) tek til med y og fleirtalsforma (i ƊE-klassen) med g


  • hofru 'kne', fleirtal koppi 'kne'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med h og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med k


  • mbeewa 'geit', fleirtal be'i 'geiter'; eintalsforma (i NGA-klassen) tek til med mb og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med b


Verb




  • o warii 'ho/han kom', fleirtal ɓe ngarii 'dei kom'; verbet tek til med w med eintalssubjekt og med ng med fleirtalssubjekt


  • o fiɗii 'ho/han skaut', fleirtal ɓe piɗii 'dei skaut'; verbet tek til med f med eintalssubjekt og med p med fleirtalssubjekt


  • o reenii 'ho/han venta', fleirtal ɓe ndeenii 'dei venta'; verbet tek til med r med eintalssubjekt og med nd med fleirtalssubjekt


Ei rot kan førekome med tre ulike konsonantar. Rota war- 'kome' finst i variantane war-, gar- og ngar-, der framlydskonsonanten førekjem i høvesvis kontinuant-stadiet, plosiv-stadiet og prenasal-stadiet. Heile framlydsvekslingssystemet med døme er presenterte i Fulfulde: framlydsveksling.



Suffiksveksling |


Hovudartikkel: Suffiksveksling i fulfulde


Nominalklassesuffiksa, som vi primært finn på substantiv, adjektiv og partisipp, varierer i form, her illustrert med fire substantiv i NGAL-klassen (suffiksa er skilde ut med ein bindestrek):




  • gerl-al 'rapphøne'


  • jigaa-wal 'gribb'


  • iloo-gal 'fiskeørn'


  • jaaw-ngal 'perlehøne'


Desse fire variantane utgjer dei fire suffiksvekslingsstadia til suffikset i NGAL-klassen. Dei fire stadia har desse namna:




  • -al nullstadiet


  • -wal kontinuantstadiet


  • -gal plosivstadiet


  • -ngal prenasalstadiet


Dei tre siste stadia, kontinuantstadiet, plosivstadiet og prenasalstadiet, kan jamførast med dei tre stadia i framlydsvekslinga. Her er eit oversyn over alle dei vekslingsrekkjene som finst ved nominalklassesuffiksa:


















































Suffiksvekslinga


Ɗ-rekkja

Gi/e-rekkja

Gu/o/a-rekkja

B-rekkja

D-rekkja

K-rekkja

Nullstadiet

-

-

-

-

r

-

Kontinuantstadiet

j

y / w

w

w

r

h / w

Plosivstadiet

ɗ

g

g

b

d

k

Prenasalstadiet

ɗ

ng

ng

mb

nd

k

Det står y / w i kontinuantstadiet i Gi/e-rekkja. Vi finn w i Fuuta Jaloo- og Maasina-dialekten og y i andre dialektar. Det står h / w i kontinuantstadiet i K-rekkja. Vi finn w i Maasina-dialekten og h i andre dialektar. B-rekkja finst berre i Fuuta Jaloo- og Fuuta Tooro-dialekten.



Morfologi |


Eit karakteristisk drag ved fulfulde og dei fleste andre niger-kongo-språk er nominalklasse-systemet. I fulfulde kongruerer adjektiv, talord, partisipp og determinativ med substantivet med omsyn til nominalklasse, og skil seg frå bantuspråka, der finitte verb også har nominalklasse-kongruens med subjekt og objekt.



Substantiv |


Hovudartikkel: Substantiv i fulfulde


Substantivet på fulfulde førekjem i normalt i seks ulike former som alle høyrer til kvar sin nominalklasse, her illustrert med substantivet RAWAANDU 'hund' i Aadamaawa-dialekten:

























Eintal

Fleirtal

Grunn-nominalklassar

rawaandu 'hund'

dawaaɗi 'hundar'

Diminutiv-nominalklassar

dawaangel 'liten hund'

ndawaakon 'små hundar'

Augmentativ-nominalklassar

ndawaanga 'stor hund'

ndawaako 'store hundar'

I tillegg til diminutiv og augmentativ eintal og fleirtal finst ei noko mindre vanleg diminutiv-pejorativ eintalsform, i dette tilfellet ndawaangum 'liten fillehund'. Væsker og massar førekjem i ei eiga diminutiv-form for små mengder, jamfør dihal 'litt vatn' til ndiyam 'vatn'. Av grunn-nominalklassane finst det kring 15 i eintal og 3 i fleirtal. Tala på nominalklassar varierer litt frå dialekt til dialekt. Eit substantiv førekjem i maksimalt éin eintals grunn-nominalklasse og éin fleirtals grunn-nominalklasse. Nokre substantiv, i fyrste rekkje lånord, har ikkje noko suffiks som viser kva eintals grunn-nominalklasse dei høyrer til, og det er nominalklassekongruensen ved adjektiv, partisipp, determinativ og pronomen som fortel kva eintals grunn-nominalklasse eit substantiv høyrer til.


Alle nominalklassane har ei relativt veldefinert prototypisk tyding; jamfør artikkelen Nominalklassesemantikk i fulfulde.



Adjektiv |


Hovudartikkel: Adjektiv i fulfulde


Adjektiva blir bøygde i alle nominalklassar. Adjektivet wuy- 'tjuvaktig' er vist i alle 24 former i tabellen FRAMLYDSVEKSLING i artikelen Framlydsveksling i fulfulde.


På fulfulde blir ikkje adjektiv gradbøygde. I staden nyttar ein verbet ɓura 'overgå' i ein konstruksjon som illustrert i dette dømet:


Nyiiwa ɓuran tireewa semmbe. 'Elefanten er sterkare enn sjiraffen', ord for ord «elefant overgår sjiraff [med omsyn til] styrke».



Verb |


Hovudartiklar: Verbbøying i fulfulde og Verbavleiing i fulfulde


Verbet på fulfulde blir bøygd i dei åtte grammatiske kategoriane i tabellen nedanfor. Til venstre står namna på dei grammatiske kategoriane og til høgre dei ulike grammatiske trekka i kvar kategori.








































Grammatisk kategori

Grammatisk trekk

Tal (numerus)

eintal (singularis), fleirtal (pluralis)

Modus

indikativ, imperativ

Aspekt

perfektiv, imperfektiv; habitualis, progressiv, stativ

Anterioritet

anterior, ikkje-anterior

Diatese

aktiv, medium; passiv

Polaritet

positiv, negativ

Konjunktivitet

fri, konjunkt

Emfase

nøytral, emfatisk


Anna |


Professor Rolf Theil utnemnde i 2008 fulfulde til det vakraste språket i verda.[4] Han meinte språket var nydeleg å høyre på og nemnte order mallimalloore 'hagl' som døme.



Fotnotar |




  1. fub ved ethnologue.com. Denne kjelda seier kanskje 13 millionar.


  2. D.W. Arnott 1970: The Nominal and Verbal Systems of Fula. Oxford, at the Clarendon Press.


  3. Ladefoged, P. 1964. A phonetic study of west African languages. Cambridge: Cambridge University. Reprinted 1968. ISBN 0-521-06963-7


  4. «Rolf Theil - Fulfulde verdens vakreste språk». Aftenposten. 1. oktober 2008. s. 12. 





Bakgrunnsstoff |


  • SIL Fulfulde Language Family Report


Litteratur |



  • Anderson, Stephen E. 1976. On the description of consonant gradation in Fula. Studies in African Linguistics VII(1):93-136.

  • Alhassoumi Sow, Salamatou. 1987. Quelques aspects du Fulfulde-hawsa (parlers peuls orientaux du Niger): Esquisse des différences dialectales avec les parlers occidentaux. Mémoire pour l'obtention du DEA. Niamey: INALCO.

  • Arnott, D. W. 1966. The tense system in Gombe Fula. Afrika und Übersee XLIX:1-3.

  • Arnott, D. W. 1970. The nominal and verbal systems of Fula. Oxford: The Clarendon Press.

  • Bendor-Samuel, John, ed. 1989. The Niger-Congo languages. Chapter 4 - "Atlantic" by W. A.A. Wilson, 81-104. Lanham: University Press of America.

  • Bidaud L., et A. Prost. 1982. Manuel de langue peule. Paris: POF etudes.

  • Churma, Donald G. 1988. Consonant gradation in Fula suffixes: the ugly truth. Studies in African Linguistics 19(1):35-74.

  • De Wolf, Paul P. 1995. English-Fula dictionary: (Fulfulde, Pulaar, Fulani): a multidialectal approach. Sprache und Oralitat in Afrika 18. Berlin: Dietrich Reimer.

  • Fagerberg-Diallo, Sonja. 1984. A practical guide and reference grammar to the Fulfulde of Maasina (Part 1: Dialogues, texts, and grammatical notes). JCMWA, 307 pp.

  • Fagerberg-Diallo, Sonja. 1984. A practical guide and reference grammar to the Fulfulde of Maasina (Part 2: Glossary and grammatical summary). JCMWA, 124 pp.

  • Klingenheben, August. 1963. Die Sprache der Ful. Dialekt von Adamawa. Grammatik, Texte und Wörterverzeichnis. (Afrikanische Forschunger, 1.) Hamburg: J.-J. Augustin.

  • Lieber, Rochelle. 1984. Consonant gradation in Fula: an autosegmental approach. In Language and sound structure, M. Aronoff, and R. T. Oehrle, eds., 329-345. Cambridge, MA: MIT Press.

  • McIntosh, Mary. 1984. Fulfulde syntax and verbal morphology. KPI, Boston, Melbourne and Henley.

  • Mukoshy, Ibrahim. 1977. Fulfulde suffix morphophonemic changes. Harsunan Nijeriya 7:1-22.

  • Niang, Mamadou. 1997. Pulaar-English English-Pulaar standard dictionary. New York: Hippocrene Books.

  • Paradis, Carole. 1992. Lexical phonology and morphology: The nominal classes in Fula. New York: Garland Publishing, Inc.

  • Stennes, Leslie H. 1961. An introduction to Fulani syntax. Hartford, CT: Hartford Studies in Linguistics.

  • Stennes, Leslie H. 1967. A reference grammar of Adamawa Fulfulde. East Lansing: Michigan State University.

  • Sylla, Yero. 1982. Grammaire moderne du pulaar. Dakar: Les Nouvelles Editions Africaines.

  • Taylor, F. W. 1921. A first grammar of the Adamawa dialect of the Fulani language (Fulfulde). Oxford University Press.

  • Taylor, F. W. 1932. A Fulani-English dictionary. Oxford C.P.

  • Taylor, F. W. 1953. A grammar of the Adamawa dialect of the Fulani language. London, Oxford C.P.

  • Theil, Rolf 2008: Fulfulde. Grammatikk over dialekten i 'Aadamaawa. Oslo: Unipub.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva