Inishbofin (Inis Bó Finne på irsk, som tyder «Den kvite kua-øya») er ei øy om lag 8 km utanfor kysten av Connemara i County Galway i Republikken Irland. Ho er om lag 5,5 km lang og 3 km brei, og har rundt 200 innbyggjarar. Ein kan nå Inishbofin med båt frå Cleggan. Ho har òg ein landingsplass for helikopter og det er planlagt ei flystripe.
Innhaldsliste
1Historie
2Fotnotar
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Historie |
Den engelske namnet på øya kjem frå det irske namnet Inis Bó Finne. Namnet har sitt opphav i eit lokalt segn. Øya har vore busett sidan bronsealderen. I 668 grunnla St. Colmán eit kloster[1] på Inishbofin som overlevde fram til 900-talet.[2]. Her ligg òg ruinar av Cromwell sine kasernar, bygd i 1652. Då den mykje hata Cromwell hadde makta vart Inishbofin omforma til ein straffekoloni for den katolske preststanden. Ein uheldig biskop vart binde fast til «Bishop's Rock» ved fjøre sjø og drukna då vatnet steig.
På Inishbofin ligg Dún Gráinne, restane av eit fort som vart nytta av den legendariske Grace O'Malley, Irland si sjørøvardronning, i tillegg til ruinar av eit keltisk fort frå 1000-talet fvt. Ein meiner at Inishbofin har vore busett i opp mot 10 000 år.[3] Øybuarane omtalar fortet som Oliver Cromwell's Fort. Det vart bygd i 1650-åra under Cromwell-krigane for å kontrollere inngangen til hamna. Inishbofin var ein av dei viktigaste skipshamnene på vestkysten av Irland i seglskipsdagane. Det var ein av dei siste rojalistskansane som fall til Cromwell sin hær og var okkupert av dei fram til slutten av hundreåret. Cromwell-tilhengjarane nytta han som ein samlingstad for irske menn og kvinner som skulle transporterast til Vestindia.[4]
I dag har øya om lag 200 innbyggjarar. På det meste hadde øya over 1000 innbyggjarar i 1840-åra.
Fotnotar |
↑«St. Colman». Henta 17. september 2006.
↑«Inishbofin». Henta 17. september 2006.
↑http://www.inishbofin.com/
↑. New York Times. Hoffstoff, Darlyn Brewer, Where Legends Outnumber People, August 1, 1999.
Kjelder |
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Inishbofin, Galway frå Engelsk Wikipedia .
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...