Bygstad



































Bygstad
stad

Bygstad.jpg

Bygstad sett frå Storehesten

Foto:
Per Olav Bøyum




Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane

Kommune

Gaular



Postnummer
6977 BYGSTAD

Preposisjon

i Bygstad


Wikimedia Commons: Bygstad


Bygstad er ei bygd og eit sokn i Gaular kommune i Sunnfjord. Staden ligg inst i Dalsfjorden. I Bygstad er det kyrkje, nærbutikk, pub, samfunnshus, barnehage og barneskule. Barneskulen har i gjennomsnitt i overkant av 100 elevar. Frå Bygstad er det vel to mil til regionssenteret Førde, om lag fire mil til industristaden Høyanger i Sogn og 15 mil til Bergen.



Bygstad sokn |





Bygstad kyrkje bygd i 1845 og flytt i 1939


Bygstad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Det er ei kyrkje i soknet, Bygstad kyrkje frå 1845 i Bygstad. Ho erstatta ei stavkyrkje frå 1200-talet[1]


Bygstad og resten av Gaular høyrde fram til 1755 til Holmedal prestegjeld, då vart det deld i to og Gaular oppretta som Indre Holmedal prestegjeld. Indre Holmedal skifte namn til Gaular prestegjeld i 1911.[2]



Kjelder |



  • Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen

  • Om Bygstad sokn på nettstaden til Den norske kyrkja



Fotnotar |





  1. ↑ ««Bygstad kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon».  Vitja 25. desember 2008


  2. ↑ ««Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket».  Vitja 25. desember 2008




Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Guggisberg

Riksmekleren

Robin Clark