Timbuktu



































Timbuktu
by

Timbuktu Mosque Sankore.jpg


Sankoremoskéen i Timbuktu

Land

Flag of Mali.svg Mali
Region

Tombouctou-regionen
Distrikt

Timbuktu Cercle

Folketal
54 453 (2009)


Grunnlagd
1100-talet[1]


Wikimedia Commons: Timbuktu


Timbuktu (koyra chiini Tumbutu, fransk Tombouctou) er ein by i Mali på grensa til Sahara. Han ligg eit stykke frå Nigerelva og rundt 70 mil nord for hovudstaden i landet, Bamako.[2] Byen hadde ei stordomstid frå 1300- til 1500-talet, og var ein av dei største og rikaste i Afrika, med om lag 100 000 innbyggjarar rundt 1450.[2] Timbuktu var eit senter for både handel, kultur og religion.[1] Den særeigne og storslåtte arkitekturen frå denne tida har gjort at Timbuktu er teken med på UNESCO si liste over verdsarv.


Timbuktu er òg kjend som byen med 333 helgenar og perla i ørkenen. I Vesten har namnet ein mystisk klang som skriv seg frå den lange historia til byen som handelspost. Timbuktu bind saman Afrika sør for Sahara og det arabiske Nord-Afrika. Handelsmenn frå Europa kom òg hit, sjølv om byen var nokså utilgjengeleg. Det er truleg dette som har gjort Timbuktu til ein segnomsust stad, og at namnet «Timbuktu» ofte blir brukt som metafor for fjerne, eksotiske land.



Historie |


Timbuktu blei grunnlagd som ein leir av nomadiske tuaregar, som berre budde her delar av året. Namnet blir mellom anna forklart med at staden blei vakta av ei kvinne kalla Buktu. «Tim-Buktu» eller 'Buktu-staden' hadde ei strategisk plassering der fleire handelsruter møttest, og voks raskt i storleik og rikdom.[1] Den lukrative handelen gjennom Sahara omfatta gull, elfenbein, slavar, salt, korn, storfe og andre varer.[3] Den kulturelle kontakten som handelen medførte, gjorde også at islam spreidde seg raskt i området.[4] Rundt 180 koranskular som skal ha hatt 25 000 studentar gjorde byen til eit viktig senter for lærdom. Kostbare manuskript som samla lærdom om vitskap og religion blei skrivne og selde her. Fleire av dei er tekne vare på fram til våre dagar.[1]


Timbuktu var den viktigaste byen i fleire rike: Ghanariket, Maliriket og Songhairiket.
Under invasjonar av Ghanariket flykta mange lærde hit frå Oualata. I 1324 blei byen annektert av kong Musa I av Mali, som fekk bygd eit kongsslott her.[5] Han skal også ha stått bak oppføringa av den første Djinguerebermoskeen.[6][7][8]


Då Maliriket gjekk tilbake først på 1400-talet fekk Timbuktu ei nokså fri stilling. Etter ei tid blei byen teken opp i det veksande Songhairiket. Han blei erobra i 1468 eller 1469, og undertvinga av herskaren Sunni Ali Ber (1468–1492). Seinare, under Askia Mohammad I (1493–1528) fekk både Timbuktu og Songhairiket ei stordomstid.[9][10]


Nedgangstidene kom for Timbuktu då Portugal og seinare andre europeiske makter slo seg ned i Vest-Afrika. Dei frakta varer sjøvegen og skapte dermed eit alternativ til den farefylte karavanehandelen gjennom Sahara. Den økonomiske og intellektuell nedgangen skaut fart etter at byen blei erobra av leigesoldatar sende av den marokkanske sultanen Ahmad I al-Mansur i 1591. To år seinare blei ei rekkje lærde forviste eller drepne. Ein av dei var den vidgjetne Ahmad Baba, som måtte bu fleire år i Marrakesh.[11]


Marokko trekte seg etterkvart tilbake, og tuaregar tok kontroll over byen ei kort tid i 1737. I påfølgjande år blei byen erobra eller omleira av ulike tuareg-, bambara og kountagrupper.[12]Massinariket tok byen i 1826 og Toucouleurriket i 1865.


Timbuktu blei «gjenoppdaga» av europearar på 1800-talet, men var då redusert til ein stor landsby av leirhus. Fleire bygningar frå stordomstida var forsvunne, som El-Hena-, Kalidi- og Algoudour Djingareye-moskeane.[1] Byen blei teken over av franske styrkar og gjort del av det franske imperiet i 1893.[2] I dag er Timbuktu framleis ein fattig by truga av ørkenspreiing.[1]



Verdsarv |












UNESCO si liste over verdsarv
Flag of UNESCO.svg Innskriven ved UNESCO sin 12. sesjon i 1988 som den 119. verdsarvstaden.
Bakgrunnsstoff
UNESCO: Timbuktu

Timbuktu blei oppført på verdsarvlista til UNESCO i 1988.[1]
Tre hovudmoskéar er viktige for oppføringa:





Djingareibermoskéen frå 1327.




  • Djinguerebermoskéen, bygd i 1327 av El Saheli


  • Sankoremoskéen, også kjend som Universitetet i Sankore, bygd tidleg på 1400-talet


  • Sidi Yahyamoskéen, bygd tidleg på 1400-talet


I tillegg nemner verdsarvoppføringa 16 mausoleum.[1]


Den lokale arkitekturen med leiremoskéar skal ha inspirert den spanske arkitekten Antoni Gaudí.



Kjelder |





  1. 1,01,11,21,31,41,51,61,7 «Timbuktu», UNESCO World Heritage Centre. Henta 10. juli 2015.


  2. 2,02,12,2 Hansen, Ketil Fred. «Timbuktu» (13. november 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. juli 2015.


  3. «Timbuktu», Encyclopædia Britannica Online, Encyclopædia Britannica, Inc., henta 5 November 2010 


  4. Saad 1983, s. 24.


  5. Hunwick 2003, s. 9–10.


  6. Levtzion 1973, s. 201.


  7. Hunwick 2003, s. 81.


  8. Kâti 1913, s. 56.


  9. Saad 1983, s. 11.


  10. Fage 1956, s. 27.


  11. Hunwick 2003, s. lxii–lxiii.


  12. Saad 1983, s. 206–214.






  • Denne artikkelen bygger på «Delvis=ja» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:  





  • Fage, J.D. (1956), An Introduction to the History of West Africa, London: Cambridge University Press, s. 22 


  • Hunwick, John O. (2003), Timbuktu and the Songhay Empire: Al-Sadi's Tarikh al-Sudan down to 1613 and other contemporary documents, Leiden: Brill, ISBN 90-04-12560-4 . First published in 1999 as ISBN 90-04-11207-3.


  • Kâti, Mahmoûd Kâti ben el-Hâdj el-Motaouakkel (1913), Tarikh el-fettach ou Chronique du chercheur, pour servir à l'histoire des villes, des armées et des principaux personnages du Tekrour (på French), Houdas, O., Delafosse, M. ed. and trans., Paris: Ernest Leroux  CS1 maint: Unrecognized language (link). Also available from Aluka but requires subscription.


  • Levtzion, Nehemia; Hopkins, John F.P., red. (2000), Corpus of Early Arabic Sources for West Africa, New York, NY: Marcus Weiner Press, ISBN 1-55876-241-8 . First published in 1981 by Cambridge University Press, ISBN 0-521-22422-5.


  • Saad, Elias N. (1983), Social History of Timbuktu: The Role of Muslim Scholars and Notables 1400–1900, Cambridge University Press, ISBN 0-521-24603-2 .









Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?