Stockport























































Stockport



Utsyn frå Stockport Viaduct
Utsyn frå Stockport Viaduct
Plassering




Stockport is located in









Styresmakter
Land

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Konstituerande land

Flag of England.svg England

Grevskap

Stor-Manchester
Distrikt
Stockport
Grunnlagd

Geografi
Flatevidd
 - By


29,5 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik


136 082
  4 612,9 /km²
Koordinatar

53°24′″N 2°9′″WKoordinatar: 53°24′″N 2°9′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer
SK1-SK8, SK12
Telefon-retningsnummer
0161

Nettstad: www.stockport.gov.uk



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stockport



Stockport er ein by i Stor-Manchester i England. Han ligg rundt 10 kilometer sør for byen Manchester, på staden der elvane Goyt og Tame renn saman og dannar den kjende elva Mersey. Stockport er den største kommunen i Metropolitan Borough of Stockport, og hadde ved folketeljinga i 2001 eit innbyggjartal på 136 082.


Byen var historisk ein del av Cheshire. På 1500-talet var Stockport ein liten by som då i heilskapen sin låg på sørsida av Mersey, og var kjent for dyrking av hamp og framstilling av tau. På 1700-talet hadde byen ein av dei første mekaniserte silkefabrikkane i Storbritannia. På 1800-talet var likevel den leiande industriverksemda til Stockport innan bomull og tilknytte industriar. Stockport var òg senter for hatt-industrien i landet, og eksporterte i 1884 over seks millionar hattar per år. I desember 1997 vart den siste hattefabrikken i Stockport stengt. Hattehistoria til byen er bevart i hattemuseet «Hat Works».


Den vestlege innfarten til byen blir dominert av Stockport Viaduct. Han vart bygd i 1840 og viadukten har 27 teglsteinsbogar som fører hovudjernbanen frå Manchester til Birmingham og London over elva Mersey. Dette byggverket var bakgrunn på mange av måleria til L.S. Lowry.


Fotballaget til byen er Stockport County FC, som for tida (2010/11) spelar i Football League Two, det fjerde nivået i engelsk fotball. Dei spelar heimekampane sine på Edgeley Park.




Innhaldsliste






  • 1 Folketalsutvikling


  • 2 Venskapsbyar


  • 3 Kjende folk frå Stockport


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Folketalsutvikling |

































Folketalsutvikling i Stockport sidan 1901
År
1901
1911
1921
1931
1939
1951
1961
1971
1981
1991
2001
Folketal
92 832
108 682
123 309
125 490
134 132
141 650
142 543
139 598
136 792
132 813
136 082

County Borough 1901–1971 [1] · Urban Subdivision 1981–2001[2][3][4]





Venskapsbyar |




  • Flagget til Frankrike Béziers, Frankrike (1972)


  • Flagget til Tyskland Heilbronn, Tyskland (1982)



Kjende folk frå Stockport |




  • Norman Foster (f.1935) – arkitekt[5]


  • Peter Boardman (1950–1982) – fjellklatrar, døydde på Mount Everest.[6]


  • Peter Butterworth (1917-1978) – skodespelar, kjent frå Carry on-filmane [7]


  • Wendy Hiller (1912-2003) – skodespelar[8]


  • Sarah Harding (f.1981) – songar/låtskrivar i popgruppen Girls Aloud[9]


  • Dominic Howard (f.1977) – trommeslager i rockbandet Muse.[10]


  • Will Mellor (f.1976) – skodespelar, kjent for rolla som Gaz i Two Pints of Lager and a Packet of Crisps.[11]


  • Dominic Monaghan (f.1976) – skodespelar, kjent for rolla som Munti Brennibukk i Ringenes herre.[12]


  • Tim McInnerny (f.1956) – skodespelar, kjent for rollene som Lord Percy og Captain Darling i Blackadder.[13]


  • Paul Morley (f.1957) – musikkjournalist, musikar, produsent og grunnlegger av plateselskapet ZTT [14]


  • Fred Perry (1909–1995) – tennisspiller, Wimbledon-vinner.[15]


  • Daz Sampson (f.1974) – songar og plateprodusent, representerte Storbritannia under Eurovision Song Contest 2006.


  • Paul Warhurst (f.1969) – fotballspelar, spelte mellom anna for Blackburn Rovers, Bolton Wanderers, Oldham Athletic og Sheffield Wednesday.[16][17]


  • Joanne Whalley (f. 1964) – skodespelar


  • Joseph Whitworth (1803–1887): framståande viktoriansk ingeniør[18][19]



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Stockport» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2011.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:


  • Steve Cliffe: Stockport History and Guide (2005), Tempus, ISBN 0-7524-3525-6

  • Peter Arrowsmith: Recording Stockport's Past: Recent Investigations of Historic Sites in the Borough of Stockport (1996) Stockport Metropolitan Borough Council, ISBN 0-905164-20-2

  • Peter Arrowsmith: Stockport: a History (1997), Stockport Metropolitan Borough Council, ISBN 0-905164-99-7





  1. Stockport County Borough, Vision of Britain  Vitja 10. juli 2011


  2. 1981 Key Statistics for Urban Areas GB Table 1, Office for National Statistics, 1981 


  3. 1991 Key Statistics for Urban Areas, Office for National Statistics, 1991 


  4. KS01 Usual resident population: Census 2001, Key Statistics for urban areas, National Statistics, arkivert frå originalen 2007-04-21, henta 10. juli 2011 


  5. «Lord Norman Foster portrait». The Daily Telegraph. 8. august 2008. Henta 10. juli 2011. 


  6. «Peter Boardman Biography». Biographybase. Henta 10. juli 2011. 


  7. «Peter Butterworth biography». IMDb. Henta 10. juli 2011. 


  8. «Manchester Celebrities Television, Film, Media & Broadcasting (16): Dame Wendy Hiller OBE». Virtual Encyclopedia of Greater Manchester. Manchester UK, Papillon Graphics. Henta 10. juli 2011.  linjeskift-tegn i |tittel= på plass 23 (hjelp)


  9. «Pop sensation Sarah Harding is in control». Stockport Express. 29. april 2009. Henta 10. juli 2011.  Parameteren |forfatter= er ikkje støtta av malen. Meinte du |forfattar=?) (hjelp)


  10. «Hurrah, it's the end of the world!». The Daily Telegraph. 18. september 2003. Henta 10. juli 2011.  Parameteren |forfatter= er ikkje støtta av malen. Meinte du |forfattar=?) (hjelp)


  11. «Will Mellor biography». IMDb. Henta 10. juli 2011. 


  12. «Dominic Monaghan biography». IMDb. Henta 10. juli 2011. 


  13. «Tim McInnerny Biography». Moviezen. Henta 10. juli 2011. 


  14. «Paul Morley mini biography». The Art of Noise Online. 2008. Henta 10. juli 2011.  Parameteren |forfatter= er ikkje støtta av malen. Meinte du |forfattar=?) (hjelp)


  15. «Fred Perry Way». Stockport.gov.uk. Henta 10. juli 2011.  Parameteren |forfatter= er ikkje støtta av malen. Meinte du |forfattar=?) (hjelp)


  16. «Double Boost for County». Stockport Express. 8. januar 2009. Henta 10. juli 2011. 


  17. «Paul Warhurst». Soccerbase.com. Henta 10. juli 2011. 


  18. «Sir Joseph Whitworth, Engineer». The Industrial Heritage of Britain. Peter J Whitehead. Henta 10. juli 2011. 


  19. «Manchester Celebrities - Philanthropy, Philosophy & Religion (2 of 5)». Papillon Graphics' Virtual Encyclopedia of Greater Manchester. John Moss, Papillon (Manchester UK) Limited. 14. mars 2009. Henta 10. juli 2011. 






Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad


  • Stockport Express, lokalavis





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal