Kem




For elva med same namn, sjå Kemelva

















































Kem
Кемь


Horisonten til






Byvåpenet til Kem

Byvåpenet til Kem



Plassering




Kem is located in Russland













Kem is located in Karelia









Styresmakter
Land

Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt

Karelia
Grunnlagd
Bystatus
1300-talet
1785
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)


13 504
Koordinatar

64°57′″N 34°36′″EKoordinatar: 64°57′″N 34°36′″E
Tidssone
- Ved sommartid

MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer
18661x
Retningsnummer (tlf)
+7 81458
Bilnummer
10

Nettstad: kem.onego.ru

Kem (russisk: Кемь, finsk Vienan Kemi) er ein historisk by i Republikken Karelia i Nordvest-Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Byen ligg ved munningen til elva Kem i Kvitsjøen. Jernbanen frå Petrozavodsk til Murmansk går igjennom Kem.




Utsikt til Kem i 1911.


Det er funne spor etter menneske i Kemområdet frå mesolittisk tid (ca. 8000–4000 f.Kr.) og det er òg spor etter vikingar i området. Kem er først nemn som eit gods som høyrte til Novgorod sin posadnik (samsvarar statthaldar) Marfa Boretskaja i 1450, då ho donerte byen til Solovkiklosteret som ligg på den største av Solovkiøyane i Kvitsjøen like utanfor byen. I 1657 vart ei trefestning reist i byen. Den merkverdige katedralen i byen, Maria innsovnelses-katedralen, er òg ein trebygning, reist i perioden 1711-1717. Katedralen er eit flott døme på ein valmtakkonstruksjon (sadeltak der delar av gavlane vert skrådde inn mot midten av mønet), som er veldig mykje brukt i eldre russisk arkitektur. Ikonostasen i katedralen (vegg med tre dører som skil kor frå skip) har same særpreg som kostelege ikon frå Novgorod på 1600-talet.


Innbyggjarane i Kem har historisk vorte kalla pomorar («kystbuarar»). Mellom 1740 og 1917 gjekk pomorhandelen føre seg mellom folk i Kvitsjøområdet og fiskarar i Nord-Noreg, med hovudsakleg fisk frå Noreg og korn frå Russland som handelsvarer. Kem var ein av dei viktigaste hamnebyane som tok del i denne handelen og Pomormuseumet i byen har rundt 6500 gjenstandar frå denne tida.


I stalintida vart det oppretta fleire fangeleirar innan Gulag-systemet i byen. Utbygginga av slike leirar tok av rundt Kem omkring 1930. I Kem låg dei viktigaste leirane under anlegget av kanalen mellom Austersjøen og Kvitsjøen der dei største slusene vart bygt. I Kem låg òg administrasjonssenteret for fangeleirene på Solovkiøyane og byen var transporthamn til øyane. Det er reist eit monument til minne om dei som døydde i leirane i Kem.


I dag er det turisttransport med båt ut til Solovki-øyane frå hamna i Kem. Reisa tar mellom to og tre timer og er den kortaste vegen til desse øyane.



Sjå òg |




  • Pomorar - historiske lokale innbyggjarar


  • Pomorhandelen - historisk samband mellom Kvitsjøbyane og Nord-Noreg

  • Kvitsjøen


  • Solovkiøyane - ei øygruppe utanfor kysten til Kem med det kjente Solovki-klosteret



Bakgrunnsstoff |



  • Satellittbilete av Kem (Google Maps)


Kjelder |



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Kem» frå Wikipedia på bokmål, den 31. januar 2009.













Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?