Karelsk















































Karelsk
(karjala)

Klassifisering:

uralske språk
 austersjøfinske språk

Bruk

Tala i:

Russland, Finland

Område:

Den karelske republikken i Russland

Karelsktalande i alt:
ca. 25 600 (2010)

Rangering:
ikkje blant dei 100 største

Skriftsystem:
(Kyrillisk), latinsk
Offisiell status


Offisielt språk i:

Den karelske republikken

Språkkodar

ISO 639-2:
krl

ISO 639-3:
krl

Karelsk er eit språk som høyrer til den austersjøfinske språkgreina av den uralske språkfamilien. Karelsk blir snakka av ca. 25 600 av dei ca. 60 800 karelarane i Russland framfor alt i den karelske republikken. Dessutan er det ei diaspora-gruppe i Tver sørvest for Moskva, dei er etterkommarar av karelarar som flykta frå dei svenske okkupantane på 1600-talet. Karelsk språk er ikkje det same som karelske dialektar av finsk.




Innhaldsliste






  • 1 Dialektar


  • 2 Skriftspråk


    • 2.1 Dagens skriftspråk




  • 3 Sjå også


  • 4 Bakgrunnsstoff


    • 4.1 Karelske tekstdøme







Dialektar |


Karelsk består av mange ulike dialektar, som seg i mellom er ulike nok til at det vanskeleg å skape eit felles skriftspråk for alle karelarar.



  • karelsk språk i trong meining

    • kvitsjøkarelsk (nordkarelsk)

    • sørkarelsk

    • øykarelsk (vart snakka i Käxholms län (Käkisalmen lääni) fram til 1600-talet)

      • tverkarelsk

        • dorža

        • maksuatiha

        • ruameška

        • tolmatšu

        • vessi (vesjegonsk)



      • tihvinäkarelsk (s. 2000 talarar)

      • valdakarelsk (utdøydd)





  • onegakarelsk (aunus, livvi – blir også betrakta som eit eige språk)


  • lydisk (blir også betrakta som eit eige språk eller som ein dialekt av vepsisk)



Skriftspråk |


Etter Oktoberrevolusjonen fekk karelsk eit skriftspråk basert på det latinske alfabetet. Dette vart skifta ut med eit kyrillisk alfabet på midten av 1930-talet. Etter krigen vart karelsk brukt i svært liten grad, i staden var det finsk som vart vald som offisielt språk (attmed russisk) i den karelske republikken. Etter Sovjettida har fleire karelarar tatt i bruk det latinske alfabetet att, me.a. inspirert frå finsk.



Dagens skriftspråk |


Det karelske skriftsystemet er basert på finsk ortografi, slik at finnar kan lese karelsk utan store problem. Karelsk skil seg likevel frå finsk, både på grunn av russisk påverknad og interne språklege skilnader.



  • Det er fleire frikativar og affrikatar i karelsk enn i finsk, og karelsk står nærare urfinsk enn det finsk gjer på dette punktet. I finsk er det berre 's' og ordinternt 'ts' som står att.

  • Ustemte affrikatar blir merkte med ein bokstav, eller bokstaven 'c' blir uttalt [ts] og 'č' [tš], men stemt affrikat blir skrive 'dž' (som i finsk). I og med at dei ustemte frikativane kan vera fonetisk lange, blir dei markert med dobbeltskriving, t.d. seiččemän, finsk seitsemän, «sju».

  • Dei stemte lydane (b, d, g, z, ž) er separate fonem; dette er ikkje berre påverknad frå russisk, men fonem som har utvikla seg frå urfinsk. Finsk ordintern 'v' svarar til dømes ofte til karelsk 'b'.

  • Palatalisering blir markert med apostrof, til dømes d'uuri', fi. «juuri», « nett, nettopp».

  • Lyden /y/ (som finsk <y> og tysk <ü> blir ofte skrive <ü>, som i tysk og estisk.





























































Frikativar og affrikatar
kirjain korvaava fonetisk onegakarelsk (livvi) tverkarelsk finsk
c c
/ʦ/
kučču kuču kutsu
č ch
/ʧ/
čoma, seiče šoma, seičemen soma, seitsemän
s s
/s/
se že se
š sh
/ʃ/
niškoi niškoihin niskoihin
z z
/z/
tazavaldu tažavalda tasavalta
ž zh
/ʒ/
kiža, liedžu kiza, liedžu kisa, lietsu

Bokstavane skrive med caron (hajek) kan skrivast med <h> i staden. Dette er komplisert når det blir to affrikatar etter kvarandre, som i ruochchi «Sverige».



Sjå også |



  • Santtu Karhu & Talvisovat - karelskspråkleg rockeband


Bakgrunnsstoff |



  • Karjalane lehüt

  • Kotus: Karjala – kieli, murre ja paikka


  • Karjalan kielen sanakirja 1-6 (Kotus & SGR) (Karelsk ordbok)


  • Burlakat, (Vandringsmennene), karelskspråkleg folkemusikkgruppe



Karelske tekstdøme |



  • Lapsi synty metsälammin jiällä (Barnet blir fødd på isen til skogstjernet

  • Vienan Karjala on ottan käyttöön kuukausien uuvet nimet Kvitsjøkarelsk tar i bruk dei nye månadsnamna


  • Tuatto miän..., Fader vår på tverkarelsk frå 1804


  • V. Garšin: Löttö-matkaniekka, den russiske barnebokforfattaren si forteljing frå 1937-38 på eit felleskarelsk skriftspråk


  • Kuunelgua vai armas rahvahaine!, Det karelske folkets dikt, songar og eventyr, songar og eventyr om Lenin og Stalin, om revolusjonære heltar, og om det nye, glade livet









Austersjøfinske språk

estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk |
livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?