Berle




Koordinatar: 61°50′N 5°07′E





Berle is located in Sogn og Fjordane





Plasseringa til Berle



Berle er ei bygd nær Stad på vestkysten av Noreg, ho ligg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane.




Utsyn over bygda Berle, Berlepollen og Frøysjøen t.v


Staden har ei rik historie som går attende til 700-talet, då Berle var busett av vikingar. Den mest kjende var Berle Kåre. Snorre Sturlason, den islandske historikaren, skriv om Berledrotten, kongen og sønene hans var eit sentralt tema i historiene om Harald Hårfagre. Salbjørg. dotter hans, var farmor til den vidgjetne Egil Skallagrimsson.


I Berle er det fleire spor som peikar tilbake på Vikingtida. På ein av dei største gardane er det funne blant anna eit sverd og eit spyd. I 1905 vart det funne restane etter eit vikingskip på staden Gotraneset. I eldre kartverk er denne staden nemnt som Góteneset (frå oldn. gudi som betyr gud eller prest), og i rett tyding av det gamle namnet, so skulle denne staden ha namnet Gudeneset. Rett over fjorden Frøysjøen ligg fire vikinggraver ved stranda ved eit landmerke kalla Omvendesskaret. Namnet kan tyda på at gravene er frå tida då Noreg vart kristna.


På 1600-talet var det i nokre år gjestgivari og skysstasjon i Berle. Skysskaffar Elling Mogensson Berløff budde på garden "Berle-Lillehauge" og var registrert som gjestgjevar og skysskaffar i 1640-1650-åra.


I løpet av andre verdskrigen bygde tyske soldatar ein forsvarsbase, som del av altlanterhavsmuren, på Gotraneset for å hindre dei allierte frå å entre Frøysjøen.


Namnet Berle er knytt til handel med Bergen, men er ikkje lånt frå Tyskland eller Nederland. Berle er norsk; det stammar frå bygda Berle, tidlegare Berdlu (med ein stum d), seinare Berdle. Bygda sitt namn er nemnt so tidleg som i Egils saga, og berd- stammar frå bord (rand eller kant) frå former i landskapet. Topografien i bygda er særmerkt av to forhold:



  1. Landskapshevinga, som har skjedd sprangvis har etterlate seg markerte kantar (den bratte skråninga, marbakken, under flomålet). For kvar gong landmassane har heva seg, so har det skapt ein ny bord, eller kant.

  2. Ei elv, Storelva renn frå Berledalen til sjøen. Elva har skore seg ned i morenemassene, og av den grunn er elvebreddene bratte. Dette er den andre forklaringa på opphavet til namnet Berdlu.



Bakgrunnsstoff |



  • Vikinghovdingar frå Berle


  • Fylkesarkivet - SFFkl-119702

    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?