Niccolò Machiavelli
Niccolò Machiavelli | |
Fødd | 3. mai 1469 Firenze |
Død | 21. juni 1527 |
Yrke | skribent, politikar, historikar, filosof, politisk teoretiker, militærteoretiker, omsetjar, lyrikar, diplomat |
Far | Bernardo di Niccolò Machiavelli |
Ektefelle | Marietta Corsini |
Born | Piero Macchiavelli, Bartolomea Macciavelli, Bernardo Macciavelli, Ludovico Macciavelli, Guido Machiavelli |
Niccolò Machiavelli på Commons |
Niccolò Machiavelli (3. mai 1469–21. juni 1527) var ein italiensk forfattar, statsmann, diplomat og filosof. Han levde i Firenze i renessansen. Hovudverka er Fyrsten (1513) og Drøftingar av dei første ti bøkene hjå Titus Livius (1513–21).
I dag er kanskje Machiavelli mest kjend for si tilnærming til omgrepet makt. Temaet vart teke opp i boka Fyrsten. Boka er like mykje ei praktisk handbok for leiarar i maktbruk, som ei filosofisk drøfting av omgrepet makt. Machiavelli si tilnærming til makt er like aktuell i dag som på 1500-talet. Enkelte kritiserer tankane hans om makt for å vera utslag av kynisme.
Hans E. Kinck skreiv ei lengre utgreiing om Machiavelli og samtida hans, og eit skodespel om mannen, Mot Karneval. Kinck meinte Machiavelli skreiv Fyrsten som han gjorde av di han hadde mist alle illusjonar om ein god leiar for Italia. Alle fyrstane han opplevde i samtida mangla det han meinte skulle til for å nå dei måla som var naudsynte. Kinck nytta og Machiavelli for å åtvara mot fascismen som voks fram i Italia på den tida skodespelet Mot Karneval vart til.
Musikk til verka Mandragola og Clizia vart skrive av den samtidige komponisten Philippe Verdelot.
Nokre verk |
Discorso sopra le cose di Pisa, 1499
Del modo di trattare i popoli della Valdichiana ribellati, 1502
Del modo tenuto dal duca Valentino nell' ammazzare Vitellozzo Vitelli, Oliverotto da Fermo, etc., 1502
Discorso sopra la provisione del danaro, 1502
Decennale primo, 1506
Ritratti delle cose dell'Alemagna, 1508-1512
Decennale secondo, 1509
Ritratti delle cose di Francia, 1510
Discorsi sopra la prima deca di Tito Livio, 3 vol., 1512-1517
Il Principe, 1513 (Fyrsten)
Andria, 1513 (?)- Mandragola,
Della lingua (dialog), 1514
Clizia, 1515 (?)
Belfagor arcidiavolo, 1515
Asino d'oro, 1517
Dell'arte della guerra, 1519-1520
Discorso sopra il riformare lo stato di Firenze, 1520
Sommario delle cose della citta di Lucca, 1520
Vita di Castruccio Castracani da Lucca, 1520
Istorie fiorentine, 8 bøker, 1521-1525
Frammenti storici, 1525.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Niccolò Machiavelli
Detaljert biografi
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|