California Plateau
California Plateau | |
platå | |
Land | Antarktis |
---|---|
Stad | Marie Byrd Land |
- høgd | 3 275 moh. |
- koordinatar | |
Lengd | 55 km |
Administrert under | Antarktistraktaten |
California Plateau (Antarktis) |
California Plateau er eit bølgjande, isdekt platå, 55 km langt og frå 2 til 22 km breitt, med ei høgd på 3000 moh ved austsida av Scottbreen. Det høgaste punktet på platået er 3275 moh ved Mount Blackburn i sørenden. Nordvestsida av platået er markert av bratte klipper ved Watson Escarpment; søraustsida fell slakt ned til innlandsisen. Han vart kartlagt av United States Geological Survey frå landmålingar og frå flyfotografi frå U.S. Navy i 1960–64 og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter dei fleire greinene av University of California som har sendt mange forskarar til Antarktis.[1]
Kjelder |
↑ «California Plateau». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 14. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «California Plateau» (innhald frå Geographic Names Information System).
|