Ål kommune

Multi tool use
Ål kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land |
![]() |
|
---|---|---|
Fylke |
Buskerud |
|
Adm.senter |
Ål |
|
Areal |
1 171 km² |
|
- land |
1 083 km² |
|
- vatn |
88 km² |
|
Folketal |
4 626 (1. januar 2018) |
|
Folketettleik |
4 / km² |
|
Målform |
nynorsk |
|
Ordførar |
Solveig Vestenfor (Ap) |
|
Kommunenr. |
0619 |
|
![]() | ||
Wikimedia Commons: Ål, Buskerud | ||
Nettstad: www.aal.kommune.no | ||
Ål kommune er ein kommune som ligg nord i Hallingdal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i aust til Gol og Nes, i sør til Nore og Uvdal, i vest til Hol, i nordaust til Hemsedal og i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane. Kommunegrensene til Ål kommune vart endra i 1979, då eit mindre område vart overført til Hemsedal, og i 2005 då eit mindre område vart overført frå Hol.
Utsyn over Ål om vinteren, sett frå den vestre fjellsida.
Administrasjonssenteret i kommunen er Ål, som har vidaregåande skule og folkehøgskule. Lokalavisa er Hallingdølen, som kjem ut tre dagar i veka.
Innhaldsliste
|
Geografi |
Ål kommune strekkjer seg mot nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Ål er ein utprega fjellkommune, der over 80 % av arealet er fjell og vidde over 900 moh., med nesten 1700 sjøar og vatn. Det høgste fjellet i kommunen er Raudbergskarvet (1819 moh.) i nordvest på grensa til Lærdal kommune. Eit anna markant og høgt fjell er Reineskarvet (1791 moh.). Hallingdalen dannar hovuddalen i Ål kommune og går gjennom kommunen i den sørlege delen i retning vest–aust, og Hallingdalselve dannar i Ål den lange og smale Strandefjorden. Ål kommune har to tettstader, Ål og Torpo. I tillegg har kommunen bygdene Vats, Leveld, Votndalen, Torpo, Uppheim, Kvinnegardslia, Øvre-Ål, Sundre, Breie og Strand.
Næringsliv |

Tømmerhus med torvtak i Ål i Hallingdal

Torpo stavkyrkje

Frå Leveld
Ål har eit allsidig næringsliv (med ei fordeling av sysselsette på primærnæring 11%, industri 13%, bygg og anlegg 10%, tertiærnæring 29% og offentleg forvaltning 33% [1]).
Det er mykje eng og beitemark i kommunen og fleire setrar er framleis i drift. Turistnæring er ei viktig satsing i Ål med kring 2500 hytter, nokre hotell, to alpinanlegg og fleire preparerte løyper, men kommunen er ikkje ein like utprega turiststad som Geilo, Gol og Hemsedal. I tettstaden Ål kjem avisa Hallingdølen ut tre gonger i veka, på tysdagar, torsdagar og laurdagar[2].
Ål er eit skulesenter, med Ål vidaregåande skule, Lien landbruksskule og Ål folkehøyskole og kurssenter for døve. Hallingdal Sjukestugu er distriktsmedisinsk senter i Hallingdal og ligg på Sundre.
Samferdsel |
Bergensbanen går gjennom Ål kommune, på sørsida av dalen med stasjonane Ål og Torpo. På nordsida av dalen går riksveg 7 Oslo–Bergen. Det er fylkesveg nordover til bygdene Leveld og Vats, og opp til Myking gjennom dalføret til Kvinda. Fleire av vegane i fjellet er bygd ut i samband med kraftutbygginga.
Kjende folk frå Ål |
Herbrand Sata (1753-1830), rosemålar
Nils Bæra (1785-1873), rosemålar
Embrigt Bæra (1788-1876), rosemålar
Olav Sataslåtten (1891-1971), spelemann
Sevat Sataøen (1892-1962), spelemann
Olav Thon (1923-), finansmann og hotelleigar
Aagot Noss (1924-2015), tradisjonsforskar
Nils Ellingsgard(1928-), målar og statsstipendiat
Stein Torleif Bjella (1968-), musikar
Hellbillies, countryrock-gruppe
Kjelder |
«Ål» av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon, snl.no.
Referansar |
↑ Drangsland, Kari Anne K. og Stig-Erik Jakobsen: Sluttevaluering av omstillingsprogrammeti Ål. Samfunns- og næringslivsforskning AS. http://www.innovasjonnorge.no/TP_fs/Regional_Omstilling/Dokumentasjon%202010/Ål.pdf
↑ http://www.hallingdolen.no/
Bakgrunnsstoff |
- Nettsidene til Ål kommune
Hallingdølen - lokalavis i Ål
Ål kulturhus - informasjon om kultur i Ål
Velkommen til Ål i Hallingdal - turistinformasjon om Ål i Hallingdal
Heimbygda - Ål si historie i tekst og bilete
Kommunar i Buskerud | ||
---|---|---|
|
![]() |
Koordinatar:
|
wgCuUQntYp7L7WNfV26a,Ac4WxW5HstLylXA0gEpKU2GZDZsS6iQi,53WJ aGMQpKs cF8hxNbzRabC ouK