Huangelva, Huang He ('Gul elv') er den nest lengste elva i Kina etter Chang Jiang. Ho renn gjennom provinsane Qinghai, Gansu, Indre Mongolia og Shandong og ut i Bohaibukta. Elva er den 8. største i Kina når det gjeld vassføring.
Innhaldsliste
1Geografi
2Kultur
3Bakgrunnsstoff
4Kjelder
Geografi |
Huangelva har kjeldene sine i det tibetanske høglandet. Som hovudkjelde reknar ein Karelva (Kar Qu) som renn langs nordskråninga av Bayanharfjella (Bayan Har Shan) i Qinghai. Huangelva renn ut av Qinghai i nordaustleg retning gjennom Gansu, gjer ein lang boge mot nord til Indre Mongolia rundt Ordos-platået, renn så sørover igjen gjennom tronge juv og tek imot elvane Fen He frå nordaust og Wei He frå vest. Ho bøyer så mot aust, passerer nord for Taifjellet (Tai Shan) i Shandong før ho munnar ut i Bohaibukta.
Sattellittbilde av elvedeltaet i 2010.
Huangelva renn gjennom tørre strøk, og middelvassføringa er difor lita, men ho kan ha store flaumar etter monsunregnet. Elveløpet går gjennom strekningar dekte av løss, som lett blir slipt ned og ført med som slam. Dette gjev elva gulfargen som har gjort at ho blir kalla Den gule elva. Slammet blir lagt opp i det veldige elvedeltaet som byrjar ved Kaifeng, 500 km før utløpet. I deltaet er løpet lite stabilt. Elveleiet er inngjerda av dike som er opp til 10 m høge, men desse blir ikkje sjeldan brote ved flaum. Flaumar kan òg grava ut nye kanalar, og elva har skifta løp fleire gonger. Før 1300 gjekk ho omtrent som no, men forandra så løp og munna ut sør for Shandong i 500 år, til 1853, då ho igjen tok det nordlege løpet. I 1938 og 1947 vart løpet omdirigert.
Kultur |
Framstilling av elva frå Qing-tida.
Området kring den nedre delen til elva og bielva Wei blir rekna som fødestad for den kinesiske sivilisasjonen. Flaumfaren gjorde at elva tidlegare blei kalla «Kinas svøpe». Under ein flaum i 1931 skal 3,7 millionar menneske ha mista livet.
Huangelva har lita tyding for samferdsla, men avgjerande tyding for jordbruket i Nord-Kina. Store damanlegg og kanalbygging har redusert flaumkatastrofane og utvida dei irrigerte områda.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...