Hafslovatnet
| Hafslovatnet | |
innsjø | |
Hafslovatnet med Lustrafjorden i bakgrunnen | |
| Land | |
|---|---|
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Kommune | Luster |
| Høgd over havet | 169 moh |
| Areal | 6,56 km² |
| Kystlengd1 | 23,98 km |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Wikimedia Commons: Hafslovatnet | |
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Hafslovatnet er ein innsjø som ligg ved Hafslo i Luster kommune. Hafslovatnet er regulert som magasin for Årøy kraftverk.
Den vestlegaste delen av innsjøen er verna i Hafslovatnet fuglefredingsområde.
Hafslovatnet er eit godt fiskevatn, der ein kan driva sportsfiske etter aure med oter, dorg og stang ved å løysa fiskekort (personar under 18 år treng ikkje fiskekort). Fiskesesongen er frå 1.januar til 30. september. Bruk av båt med motor på inntil 8 hk er lov, med unntak av området Straumavatnet, mellom Straumbrua og Sogebrua. Den siste laurdagen i august vert det kvart år arrangert Hafslo fiskefestival av 10.-klassen ved Hafslo barne- og ungdomsskule, med fiskekonkurranse i sju ulike klassar.
Is på vatnet |
| År | Første dag med permanent is på heile vatnet | Siste dag | Dagar med is |
|---|---|---|---|
| 2018 - 2019 | 12.12.2018 | ||
| 2017 - 2018 | Romjula | 30.04.2018 | 121 (ca) |
| 2016 - 2017 | Romjula | 14.04.2017 | 105 (ca) |
| 2015 / 2016 | Romjula | 30.04.2016 | 121 (ca) |
| 2014 / 2015 | Romjula | 16.04.2015 | 107 (ca) |
| 2013 / 2014 | 16.01.2014 | 15.04.2014 | 89 |
| 2012 / 2013 | - | 20.05.2013 kl 16.19 | |
| 2011 / 2012 | 31.12.2012 | 29.03.2012 | 88 |
| 2006 / 2007 | 20.01.2007 kl 07.00 (rekord?) | - | |
| 1978 / 1979 | - | 25.05.1979 (rekord?) |
|