Mariehamn






Mariehamn kyrkje, utforma av arkitekten Lars Sonck


Mariehamn (fi. Maarianhamina) er den einaste byen og dermed hovudstaden på Åland. Han har om lag 10 500 innbyggjarar. Mariehamn vart grunnlagd i 1861, medan Finland framleis var under russisk styre. Han er oppkalla etter kona til tsar Alexander II av Russland, Maria Alexandrovna.


Skipsfart har alltid vore ein viktig industri for byen. I dag er ferjetrafikken, og turistane dei tek med seg, den viktigaste. Frå Västerhamn går det ferjer dagleg til mellom anna Stockholm, Åbo og Helsingfors.



Venskapsbyar |




  • Flagget til Sverige Visby


  • Flagget til Island Kópavogur


  • Flagget til Noreg Kragerø


  • Flagget til Estland Kuressaare


  • Flagget til Russland Lomonosov


  • Flagget til Danmark Slagelse


  • Det færøyske flagget Tórshavn


  • Flagget til Finland Valkeakoski



Bakgrunnsstoff |


  • Ofisiell heimeside




Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal