Amorittisk

Multi tool use
Amorittisk er eit nordvestsemittisk språk som vart talt av dei folkestammane som vart kalla for amorittene i oldtiden i Midtausten. Språket er kjent utelukkande frå akkadiske skrifter der det opptrer namn som ikkje er akkadiske og som vart skrive ned i den tida amorittene styrde i Babylonia mot slutten av 2000-talet f.Kr. og byrjinga av 1000-talet f.Kr., hovudsakleg frå byen Mari og i ei mindre grad frå Alalakh, Tell Harmal, og Khafajah. Tidvis er slike ikkeakkadiske namn òg funne i tidlege egyptiske tekster, og eit stadnamn — «Sənīr» (שְׂנִיר) for Hermonfjellet — er kjent frå Bibelen (Femte Mosebok 3:9), og merkeleg nok kan det vera indoeuropeisk i opphavet sitt (moglegvis grunna hettittisk innverknad). Kjende karaktertrekk i språket er:
- Det vanlege nordvestlige semittiske skiljet imperfektiv-perfektiv er funne — det vil seia Yantin-Dagan, «Dagon gjev» (ntn); Raṣa-Dagan, «Dagon var glad» (rṣy). Det inkluderer ei tredjepersonsending -a (i motsetnad til akkadisk eller hebraisk), og ein vokal i imperfektum -a, som i arabisk framfor hebraiske og arameiske -i-.
- Det var ei verbform med ein fordobla andrekonsonant — det vil seia Yabanni-Il, «Gud skapar» (rotord bny).
- I fleire tilfelle der akkadisk har š, har amorittisk, som hebraisk og arabisk, h, såleis hu, 'hans', -haa, 'hennar', kausativ h- eller ʼ- (I. Gelb 1958).
- Førsteperson perfektum er i -ti (eintal), -no (fleirtal), som i kanaanittiske språk.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Amorittisk» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2015.
Litteratur |
- Cohen, D. (1985): Les langues chamito-semitiques, CNRS: Paris.
- Gelb, I. (1958): «La lingua degli amoriti» i: Academia Nazionale dei Lincei. Rendiconti, no. 8, 13, s. 143–163.
- Huffmon, H. B. (1965): Amorite Personal Names in the Mari Texts. A Structural and Lexical Study, Baltimore.
- Mugnaioni, Remo (2000): «Notes pour servir d’approche à l’amorrite» Travaux 16 – La sémitologie aujourd’hui, Cercle de Linguistique d’Aix-en-Provence, Centre des sciences du langage, Aix-en-Provence, s. 57-65.
- Streck, M. P. (2000): Das amurritische Onomastikon der altbabylonischen Zeit. Bind 1: Die Amurriter, Die onomastische Forschung, Orthographie und Phonologie, Nominalmorphologie. Alter Orient und Altes Testament Band 271/1, Münster.
Autoritetsdata |
- WorldCat
- LCCN
- BNF
- BNF (data)
|
|
EhEMZymJIydKxSo,JGGFRpgRjJNPCtByhi4o,wSYwpcxeqIKDZLaYw1GF tqWPOX,FmL2 e
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...