Byprefektur

Multi tool use
Byprefektur (kinesisk 地级市, dìjí shì, 'regionnivå-by') viser til ei administrativ eining i Folkerepublikken Kina. Ho ligg mellom den større provinsen og det mindre fylket.
Det første byprefekturet vart danna den 5. november 1983. Frå byrjinga av 1980-åra har prefekturbyar i stor grad overteke stillinga til dei eldre prefektura. Eit vanleg prefektur må oppfylla fleire kriterium for å få status som byprefektur: Dei må ha eit bymessig område med over 250 000 innbyggjarar, industri med verdiskaping på over 2 billionar yuan, tertiærnæringar som er større enn primærnæringar i området og står for minst 35 % av verdiskapinga, og inntektene til dei lokale styresmaktene må vera på over 200 millionar yuan.
Dei fleste provinsane har hovudsakleg byprefektur på det neste nivået. Av 22 provinsar og fem autonome område i Kina er det berre i tre provinsar (Yunnan, Guizhou, Qinghai) og to autonome regionar (Xinjiang og Tibet) som har fleire enn tre administrative einingar under seg med annan status.
Dei største byprefektura er Baoding i provinsen Hebei, Zhoukou i Henan, Nanyang i Henan og Linyi i Shandong. Alle desse har fleire innbyggarar enn Tianjin, som er den minst folkerike byprovinsen i landet.
Mellom byfylke og byprefektur ligg «lågare byprefektur», eit byfylke med mynde som ligg tett oppunder den til eit byprefektur. Femten store byprefektur er blitt gjevne status som lågare byprovinsar, noko som gjev dei ein god del meir sjølvstyre.
Sjå òg |
- Oversyn over byprefektur i Kina
Kjelder |
- http://www.china.org.cn/english/Political/28842.htm
- Denne artikkelen bygger på «Prefecture-level city» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2009.
SDyt ZZneij,d16CgPPsSSEiNuknqP
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...