Lleida























































Lleida

Lleida - La Seu Vella (des de Cappont).jpg












Flagget til Lleida

Byvåpenet til Lleida

Flagget til Lleida

Byvåpenet til Lleida



Plassering




Lleida is located in









Styresmakter
Land

Flag of Spain.svg Spania

Autonom region

Catalonia

Provins

Lleida
Grunnlagd

500-talet fvt.
Borgarmeister
Angel Ros i Domingo
Geografi
Flatevidd
 - By


211,7 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik


131 731
  622,3 /km²
Koordinatar

41°36′″N 0°37′″EKoordinatar: 41°36′″N 0°37′″E
Høgd over havet
155 - 300 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer
25001 - 25008

Nettstad: www.paeria.es

Lleida (spansk Lérida) er ein by vest i Catalonia i Spania.


Han har kring 130 000 innbyggjarar og er provinshovudstad i provinsen Lleida. Han er den sjuande største byen i Catalonia. [1] Byen er òg av dei eldste i Catalonia og var ein busetnad for eit iberisk folkeslag. Her ligg òg det eldste universitetet som vart oppretta i Krona Aragón i mellomalderen. Det vart grunnlagd i 1297 og er det tredje eldste i landet.


Økonomien er hovudsakleg basert på handel og tenester, samt ein større jordbruksindustri. Lleida er den største byen som ligg i indre område av Catalonia.



Historie |


I antikken vart byen kalla Iltrida og Ilerda og var den viktigaste byen til ilergetane, eit iberisk folk. Indíbil, kongen til ilergetane og Mandoni, kongen til ausetanane, forsvarte byen mot Romarriket.


Under romarane vart byen ein del av den romerske provinsen Hispania Tarraconensis og var ein viktig stad, både historisk og geografisk. Han låg på ei høgd på høgresida (eller vestsida) av elva Sicoris (dagens Segre), den største sideelva til Ebro og eit lite stykke oppfor samløpet med Cinga (dagens Cinca). Byen styrste dermed landområdet mellom desse elvane, samt den viktige vegen frå Tarraco (dagens Tarragona), som var provinshovudstaden, og områda nordvest i Spania.[2]


Byen vart hovudsete til Pompeius i Spania under borgarkrigen til Cæsar (49 fvt.). Byen vart omleira av Cæsar sjølv (slaget ved Ilerda) og Cæsar tok byen. Under Romarriket blømde Ilerda og vart ein municipium. Innbyggjarane fekk prege sine eigne myntar. Det gjekk fine bruer over Sicoris, men under Ausonius hadde byen forfalle. Han vart igjen viktig att i mellomalderen.


Etter Romarriket fall kom byen under vestgotarane og seinare vart han ein del av det muslimske Hispania før han vart erobra frå maurarane av grev Ramon Berenguer IV av Barcelona i 1148.


Det låg stort universitet i byen, det eldste i Krona Aragón, fram til 1717, då det vart flytta av Filip V til den nærliggande byen Cervera. Universitet i Lleida er i dag i drift att.


Lleida var ein viktig by i forsvaret av Barcelona under den spanske borgarkrigen og fall til opprørarane, som utførte kraftige luftåtak på byen i 1937 og 1938. Den 2. november 1937 gjekk Legion Kondor til åtak på Lleida og vart berykta fordi dei retta måla sine mot ein skule. 48 born og fleire lærarar døydde.




la Seu Vella Lleida Lérida



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lleida



  • Offisiell nettstad

  • Universitetet i Lleida

  • Turistinformasjon



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Lleida» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. http://www.all-rankings.com/rank.php?r=873615f766


  2. Antonine Itinerary s. 391, 452.









Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva