Yatta




Koordinatar: 31°26′52.00″N 35°05′24.00″E












































Yatta

يطّا, Yattah
kommune

Yatta, Hebron.1.JPG

Moske i Yatta

Land

Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement

Hebron guvernement

Koordinatar

31°26′52.00″N 35°05′24.00″E

Areal
133,0 km²

Folketal
48 672 (2007)
Folketettleik

366 / km²


Borgarmeister
Khalil Younis




Palestine location map wide.png

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Yatta

Nettstad: www.yatta-munc.org


Yatta eller Yattah (arabisk يطّا, hebraisk skrift יטא) er ein palestinsk by i Hebron guvernement på ei høgd, kring 8 km sør for byen Hebron på Vestbreidda.[1] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på 48 672 i 2007.[2][3]



Historie |




Eldre menn i Yatta.


Yatta er identifisert med den bibelske byen Jutta.[4]
Ein jødisk gravplass datert til 100-talet evt. vart funnen i byen i 1931.[5]Eusebius (300-talet) skreiv at Yatta var «ein svært stor, jødisk landsby, 18 mil sør for Beit Guvrin.»[5]


I 1596 hadde han eit folketal på 127 muslimske familiar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, geiter og bikubar.[6] I 1931 var folketalet 4 034 muslimar.[7]


Survey of Western Palestine skildra landsbyen i 1870-åra som ein «stor landsby på ei høgd. Han er bygd av stein, men somme av innbyggjarane bur i telt. Vassforsyninga kjem frå cisterner. I sør ligg det graver hogde ut i berget, og vinpresser i stein finst over heile landsbyen. Området er særs steinete, sør for landsbyen ligg spreidde oliven, i vest, like nedanfor ei klippe, ligg ein liten olivenhage der leiren til kartleggingsgruppa slo leir i 1874. Sørvest for leiren står nokre fikentre. Landsbyen vert sagt å ha 17 000 sauer, i tillegg til geiter, kyr, kamelar, hestar og eslar. Sjeiken aleine har 250 sauer.»[8]


Minst sju palestinarar vart drepne i Yatta under den andre Intifada i 2002-2004.[9]



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Yatta i Hebron» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Stillman, Yedida Kalfon (1979), «Palestinian costume and jewelry», exhibition catalog of the Museum of International Folk Art (MOIFA) at Santa Fe (Albuquerque: University of New Mexico Press), ISBN 0-8263-0490-7 





  1. ↑ Columbia Encyclopedia: Juttah


  2. ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.


  3. ↑ «Palestina City Populations». MongaBay. Henta 5. september 2015. 


  4. ↑
    «Juttah», Encyclopedia of The Bible ;
    «Kapittel 15», Josva, bibel.no 



  5. ↑ 5,05,1 Ḥevrah la-haganat ha-ṭevaʻ (1990), Israel - land and nature, Society for the Protection of Nature i Israel, s. 83, henta 6. juni 2011 


  6. ↑ *Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century, Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft, s. 123 


  7. ↑ Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem, 1932, s. 34.


  8. ↑ The Survey of Western Palestine, Vol III, 1883, pp310 380.


  9. ↑ palestinarar killed by israelske security forces i Occupied Territories B'Tselem






Bakgrunnsstoff |



  • yatta-munc.org

  • Yatta Town





































Popular posts from this blog

Guggisberg

Riksmekleren

Robin Clark