Stirling




Denne artikkelen handlar om byen i Skottland. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Stirling (fleirtyding).















































Stirling



skotsk-gælisk
skotsk
Sruighlea
Stirlin

Stirling sentrum
Stirling sentrum
Plassering




Stirling is located in









Styresmakter
Land

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Konstituerande land

Flag of Scotland.svg Skottland

Region

Stirling
Tradisjonelt grevskap

Stirling and Falkirk
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)


33 710
Koordinatar

56°7′″N 3°56′″WKoordinatar: 56°7′″N 3°56′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer
FK7-FK9
Telefon-retningsnummer
0 1786



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stirling



Stirling (Sruighlea på gælisk) er ein by og ein burgh i regionen Stirling i Skottland. Han har kring 33 500 innbyggjarar. Byen er klynga rundt ei stor festning og ein gammal bydel frå mellomalderen. Han er eit senter for styresmakter, detalj- og engroshandel, og lettare industri. Stadnamnet Stirling har ukjend opphav.





Stirling Castle, sett frå sørvest.


Historia til Stirling er stolt då han er den gamle hovudstaden i kongeriket Skottland og var ein kongeleg burgh fram til 1975. I 2002, som ein del av dronning Elisabeths gulljubileum vart Stirling gjeve status som city.


Opp gjennom historia har Stirling vore åstad for dramatiske hendingar i skotsk historie.



Historie |


Arkeologien har spora ei busetjing i Stirling tilbake til steinalderen. Sidan Romarriket okkuperte Storbritannia har Stirling vore ein viktig stad på grunn av høgda han ligg på, som var lett å forsvare og som det sidan vart reist ei festning på, Stirling Castle. I tillegg låg Stirling strategisk plassert i tilhøve til elva Forth. Det er trudd at Stirling var festninga Iuddeu eller Urbs Giudi der Oswiu av Northumbria vart kringsett av Penda av Mercia i 655 slik som det er vorte nedskriven hos krønikeskrivaren Bede og andre samtidige annalar.


Ei ferje og seinare ei bru over elva til Stirling og deretter ei hamn gjorde staden til eit knutepunkt for handel og førte rikdom og innverknad. Byen fekk charter som kongeleg burgh av kong David I av Skottland på 1100-talet. Chartret vart seinare ratifisert av seinare monarkar der byen då vart referert til som Strivelyn.


Under dei langvarige krigane til Skottland med England vart viktige slag utkjempa ved Stirling. Andrew Murray og William Wallace nedkjempa engelskmennene i 1297 i slaget ved Stirling Bridge, og ved ein landsby rett ved i 1314 nedkjempa den skotske kongen Robert Bruce i utgangspunktet dei overlegne hærstyrkane til den engelske kongen Edvard II i slaget ved Bannockburn.


Byen har to latinske motto som begge var plassert på dei første segla som burgh. Eit av dei er verna frå 1296:[1]



Hic Armis Bruti Scoti Stant Hic Cruce Tuti («The Britons stand by force of arms, The Scots are by this cross preserved from harm sin») og Continet Hoc in Se Nemus et Castrum Strivilinse («The Castle and Wood of Stirling town are in the compass of this seal set down»)[2]

I nærleiken av festninga står Det Heilage Krossen-kyrkja (Church of the Holy Rude «Rude» eller «Rood» er gammalengelsk for det engelske ordet «Cross» = kross) og som er den mest viktige historiske bygningen i byen. Kyrkja vart ombygd på 1400-talet etter at Stirling brann ned i ein katastrofal brann i 1405. Kyrkja er den einaste overlevande kyrkja i Storbritannia, unntatt Westminster Abbey, som har hatt ei kroning. Den 29. juli 1567 vart babtsonen til Maria I av Skottland krona som Jakob VI av Skottland her. Han vart seinare òg konge av England som Jakob I. Kulehol frå troppane til Oliver Cromwell i løpet av den engelske borgarkrigen er enno synleg på tårnet til kyrkja og bygningen.


I løpet av borgarkrigen stod slaget ved Stirling i 1648 midt i Stirling by den 12. september 1648.


Festningsverket fortsette å spele ei strategisk militær rolle i løpet av jakobittopprøret på 1700-talet . I 1715 klarte ikkje jarlen av Mar å ta kontroll over festninga. I januar 1746 erobra hæren til Charles Edward Stuart byen, men klarte ikkje å erobre festninga. Då hæren trekte seg tilbake og nordover sprengte dei kyrkja til St. Ninians der dei hadde lagra ammunisjon. Berre tårnet til kyrkja overlevde og står enno.


Økonomisk har elva Forth og hamna gjeve støytte til handel, inkludert handel med te frå India og handel med tømmer frå Austersjøen. Då jarnbanen vart utbygd var det byrjinga med nedgangen til sjøfarten og på midten av 1900-talet vart hamna nedlagt.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Stirling» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. RM Urquhart, Scottish Burgh and County Heraldry, London, 1973


  2. Ei direkte omsetjing utan rim: «Britonane har hæren sin medan skottane har krossen sin» og «Stirlings festning og skog er området til dette seglet».







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

  • University of Stirling





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva