Welsh-ponni er ein ponnirase som stammar frå Wales. Rasen er delt inn i fire kategoriar: Welsh Mountain kat. A, Welsh-ponni kat. B, Welsh Cob kat. C og Welsh Cob kat. D.
Innhaldsliste
1Skildring
2Historie
3Førekomst
4Bruk
5Bakgrunnsstoff
Skildring |
Welsh cob
Welsh mountain-ponni
Rasestandarden varierer noko frå kategori til kategori. Storleiken spelar ei viktig rolle for inndelinga.
Welsh mountain kat. A: Opptil 122 cm i mankehøgd.
Welsh-ponni av ridetype kat. B: Opptil 137 cm i mankehøgd.
Welsh-ponni av cob-type kat. C: Opptil 137 cm i mankehøgd.
Welsh cob kat. D: Inga øvre grense.
Dei ulike kategoriane kan kryssast med kvarandre etter visse reglar:
A X B = B
B X C = C
B X D = C eller D (avhengig av høgd)
C X D = C eller D (avhengig av høgd)
Er foreldra av same kategori vert avkommet også av den kategorien.
Historie |
Welsh-ponnien stammar frå små, walisiske fjellponniar. Opp gjennom hundreåra har andre hestetypar blitt kryssa inn, mellom anna arabarhest og hackneyhest. The Welsh Pony and Cob Society vart skipa i 1901 og er den største av dei britiske hesteraseorganisasjonane. Den fyrste stamboka kom i 1902. Opplegget med inndeling i kategoriar kom inn i biletet i 1949.
Førekomst |
Welsh-ponnien finst i store delar av verda, også i Noreg.
Bruk |
Welsh-ponnien vert for det meste brukt til ride- og køyreponni for barn og unge.
Bakgrunnsstoff |
Norsk ponniavlsforening om Welsh-ponni
The Welsh Pony and Cob Society Cymdeithas y Merlod a'r Cobiau Cymreig
Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...