Elektronvolt




Elektronvolt (symbol: eV) er ei måleining for energi. Éin elektronvolt er mengda energi eit fritt elektron vil få når det vert akselerert av ei elektrostatisk potensialdifferanse på éin volt. Eininga vert nytta i atom-, molekyl-, kjerne- og elementærpartikkelfysikk.


Eininga er svært lita og svarer til 1,602 × 10−19J. Eininga eigner seg særleg for bruk i atomfysikk for å syne til bindingsenergien til elektron. I kjernefysikk nyttar ein ofte dei multiple einingane keV (kilo-) = 103 eV og MeV (mega-) = 106 eV. I elementærpartikkelfysikk nyttar ein GeV (giga-) = 109 eV og TeV (tera-) = 1012, medan ein i molekylfysikk nyttar meV (milli-) = 10-3 eV og μeV (mikro-) = 10−6 eV.


BeV står får ein billion elektronvolt og er ein amerikansk namn for 109 eV. Ein amerikansk billion tilsvarar norsk milliard. Det standardiserte internasjonale namnet er GeV, gigaelektronvolt.



Kjelder |


  • elektronvolt. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/elektronvolt



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva