Tallinn















































Tallinn

Hamna og Gamlebyen i Tallinn
Hamna og Gamlebyen i Tallinn











Flagget til Tallinn

Byvåpenet til Tallinn

Flagget til Tallinn

Byvåpenet til Tallinn



Plassering




Tallinn is located in Estland









Styresmakter
Land

Flag of Estonia.svg Estland

Maakond

Harju maakond
Først nemnt i
1154
Borgarmeister
Taavi Aas
Geografi
Flatevidd
 - By


159,2 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2013)
   - folketettleik


427 894
  2 687,8 /km²
Koordinatar

59°26′0″N 24°45′0″EKoordinatar: 59°26′0″N 24°45′0″E
Tidssone
- Ved sommartid

EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon

Nettstad: www.tallinn.ee

Tallinn (eldre Lindanäs; tysk og (tidlegare svensk Reval) er hovudstad og med eit folketal omkring 400 000 den største byen i Estland. Byen ligg heilt nord i landet ved Finskebukta. Namnet på estisk språk er ei samandraging av Taani linn, noko som tyder «danskeborga» eller «den danske byen». Reval er det tradisjonelle tyske og svenske namnet, men etter kvart er Tallinn mest bruka. I samband med andre verdskrigen vart svenskane og tyskarane tvinga til å flytta ut av landet. Andre historiske namn er mellom anna Koluvan, Lindanise, Lindanisa (Lindanäs), Revalia, Revel, Reveln, Räffle og Tallin.


Gamlebyen i Tallinn vart i 1997 teken med på verdsarvlista til UNESCO.




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


    • 1.1 Historiske namn


    • 1.2 Legenda bak namnet Reval




  • 2 Historie


    • 2.1 Slaget ved Lyndanisse og påfølgjande dansk styre


    • 2.2 Hansaforbundet og tysk dominans


    • 2.3 Den store nordiske krigen


    • 2.4 Estland får sjølvstende i 1918


    • 2.5 Andre verdskrigen


    • 2.6 Estland sitt sjølvstende i 1991


    • 2.7 Tallinn i dag




  • 3 Politikk


  • 4 Administrative bydelar


  • 5 Folketalsutvikling


  • 6 Geografi


  • 7 Økonomi


  • 8 Demografi


  • 9 Religion


  • 10 Attraksjonar


    • 10.1 Toompea


    • 10.2 Gamlebyen


    • 10.3 Kadriorg


    • 10.4 Pirita




  • 11 Transport


    • 11.1 Transport innad i byen


    • 11.2 Fly


      • 11.2.1 Internasjonale destinasjonar


      • 11.2.2 Innanlandsdestinasjonar


      • 11.2.3 Passasjertrafikk




    • 11.3 Helikopter


    • 11.4 Tog og veg


    • 11.5 Ferje




  • 12 Klima


  • 13 Utdanning


  • 14 Venskapsbyar


  • 15 Tidsline


  • 16 Litteratur


    • 16.1 Bøker


    • 16.2 Reiseguidar




  • 17 Bakgrunnsstoff


    • 17.1 Offisielle sider


    • 17.2 Turistsider


    • 17.3 Artiklar om Tallinn







Etymologi |




Tallinn


Namnet «Tallinn(a)» har bakgrunn i estisk språk, men den opphavlege tydinga til ordet er debattert. Den mest brukte forklaringa er at ordet stammar frå Taani-linn(a), som på estisk tyder Danskebyen. Men ordet kan òg kome av tali-linna (Vinterbyen) eller talu-linna (Husbyen).


Endinga -linna tydde, likt -burg på tysk og -grad på slavisk, opphavleg festning, men er i dag brukt som ending i bynamn.


Tallinna avløyste det tidlegare offisielle tyske namnet Reval i 1918, då Estland fekk sjølvstende frå Russland. I byrjinga på 1920-åra vart namnet på byen endra frå Tallinna til Tallinn.



Historiske namn |


Det tyske og svenske namnet Reval (Latin: Revalia, gammalsvensk: Räffle) oppstod på 1200-talet ut frå det estiske fylket Rävala. Andre kjende historiske namn på Tallinn er Lindanise (sjå slaget ved Lyndanisse), Lyndanisse på dansk, Lindanäs på svensk, på gammalt austslavisk, Kesoniemi på finsk og Kolyvan (Колывань) og Ledenets på gammalt austslavisk.



Legenda bak namnet Reval |




Eit av mange forsvarstårn i Tallinns bymur


Eitt av forsvarstårna i bymuren som går rundt gamlebyen i Tallinn heiter Kiek in de Kök (lågtysk for Ein kik inn på kjøkkenet). På tårnveggen er det ein skulptur som skildrar ei hjortejakt på Toompea (Domberg), og i følgje legenda var det denne hjortejakta som gav namn til Reval.


Den danske kong Valdemar II var på hjortejakt på Toompea då han fekk auge på ein kronhjort. Kongen likte dyret og gav ordre om at det skulle fangast levande. Uheldigvis for kongen stakk hjorten av og ramla ned frå ein klippe og brekte nakken. På tysk tyder Reh-fall hjortefall. Namnet Reval er ifølgje legenda utleia av Reh-fall.


Historikarane trur ikkje på legenda - dei kan fortelje at namnet Revel kjem frå det gamle estiske fylkesnamnet Revalia. Det finst mange nedteikningar av namnet Reval frå tida før den danske kongen første gong vitja Estland i 1219.



Historie |


Sørkysten av Finskebukta har truleg vore busett av stammer som snakka austersjøfinsk frå omkring 1000-talet fvt..


I 1154 førte den arabiske kartografen al-Idrisi Tallinn inn på eit verdskart som han teikna på oppdrag frå kong Roger II av Sicilia.



Slaget ved Lyndanisse og påfølgjande dansk styre |




Tallinns store våpenskjold, som stammar frå Valdemar II


Som ei viktig hamn for handel mellom Russland og Skandinavia vart Tallinn sentral i ekspansjonsplanane til Den tyske riddarordenen og Danmark under Dei nordlege krosstoga på byrjinga av 1200-talet. På denne tida vart kristendommen innført i Estland.


Etter å ha samla ein særs stor hær drog kong Valdemar II av Danmark mot Estland med 1 500 langskip i eit krosstog mot det danskane såg på som dei heidenske estlendarane. Flåten nådde den nordlege provinsen Revele i Estland i byrjinga av juni 1219. Med i flåten var, utover kongen, erkebiskop Anders Sunesen og biskop Theoderik av Estland. I hæren var òg fleire av kongen sine vasallar, tyskarar under grev Albert og sorbarar under Vitslav I av Rügen.


Krossfararane slo seg ned ved Lyndanisse (i dag Tallinn) og byrja å byggje ei borg, «Castrum danorum», som seinare på estisk vart kalla Tallinn, danskeborga. Under bygginga av borga kom fleire estiske forhandlarar på vitjing for å trekke ut tida, medan dei sjølve samla hæren sin.




Dannebrog fell ned frå himmelen under slaget ved Lyndanisse


Kvelden 15. juni 1219 gjekk estlendarane til åtak på danskane og deira allierte frå fem kantar, i det som i dag er kjend som slaget ved Lyndanisse. Biskop Theoderik vart drepen av estlendarane som trudde dei hadde drepe kongen. Alt tydde på eit katastrofalt nederlag for krossfararane, men sorbarane vart ikkje oppdaga av den estiske åtaksstyrken. Vitslav gjennomførte eit raskt motåtak som stansa den estiske framrykkinga. Dette gav resten av krossfararane tid til å samle seg og omgruppere før dei i fellesskap klarte å drive den estiske hæren på flukt. Tallinn og store delar av det som i dag er Estland vart etter dette underlagt Danmark.


I følgje segna knelte erkebiskop Anders Sunesen i bønn på ein bakketopp under slaget. Når han strekte armane mot himmelen, rykte danskane fram, når han vart trøytt og tok armane ned att, trekte dei seg attende. Hjelparar kom til for å støtte den gamle erkebiskopen sine armar. Då kampen var på sitt mest intense, sende Gud hjelp i form av eit flagg som fall ned frå himmelen. Flagget var raudt med ein kvit kross. Dette oppmuntra dei danske soldatane ytterlegare og dei vann ein stor siger. Kong Valdemar kunngjorde at det krossflagget som gav danskane sigeren heretter skulle vere det danske flagget, i dag kjend som Dannebrog.


På 1200-talet tillét den danske kongen bystyret i Reval (som byen den gongen heitte) å nytte det personlege våpenskjold hans, tre blå løver med kroner på gyllen bakgrunn.



Hansaforbundet og tysk dominans |


I byen vart det stort sett snakka tysk, og tysk var det offisielle språket, men estisk kultur vart teken vare på, fortrinnsvis av bønder utanfor bymurane. Frå 1285 var byen medlem av Hansaen, ein handelsorganisasjon med utspring i den tyske byen Lübeck på 1200-talet.


I 1343 var det eit opprør mot kyrkja, og danskane selde Tallinn saman med sine andre fastlandseigedomar i Nord-Estland til Den tyske riddarordenen. Dette innleia ein langvarig tysk dominans.


Etter den livlandske krigen mellom Russland, Polen og Sverige, kapitulerte Tallinn for Sverige i 1561. Byen vart verande svensk i nærare 200 år. Den svenske perioden vert av estlendarane omtalt som «den gode, gamle svensketida».



Den store nordiske krigen |




Peter I av Russland erobra Tallinn frå svenskane i 1721. Måleri frå 1838 av Hippolyte Delaroche


Dei svenske troppane stasjonert i Tallinn kapitulerte under Den store nordiske krigen og overgav byen til Russland under freden i Nystad 30. august 1721. Medan svenskane hadde søkt å avgrense påverknaden frå tyskarane, gjenoppretta den russiske tsaren Peter I alle dei tyske privilegia.



Estland får sjølvstende i 1918 |


24. februar 1918 proklamerte Estland seg sjølvstendig med Tallinn som hovudstad, og det gamle våpenskjoldet frå Valdemar II si tid vart innført som statens nasjonalsymbol. Sjølvstendetida vart etterfølgt av ein tysk okkupasjon og ein frigjeringskrig mot Russland. 2. februar 1920 inngjekk Estland ein fredsavtale med Sovjetunionen i Tartu, der Russland for alltid lovde å godkjenne sjølvstendet til Estland.



Andre verdskrigen |


Under den andre verdskrigen vart Estland først okkupert av Sovjetunionen i 1940-41, så av Tyskland 1941-44 og igjen av Sovjetunionen i 1944. Estland vart etter krigen var slutt annektert av Sovjetunionen og Tallinn vart hovudstad i den estiske sosialistiske sovjetrepublikk. Under sovjettida vart det gamle våpenskjoldet forbode, men det vart gjeninnført som nasjonalsymbol ved sjølvstendet i 1990.



Estland sitt sjølvstende i 1991 |




Songar av den estiske poeten Johann Voldemar Jannsen vart sunge under Den syngande revolusjonen. Songen hans Mu isamaa, mu õnn ja rõõm vart Estlands nasjonalsong både ved sjølvstendet i 1920 og 1991


Estland har sidan 1869 arrangert nasjonale songfestivalar. Her kombinerer dei mange av dei estiske song- og musikktradisjonane med nasjonale songar. Songfestivalen har gjennom sin 130 år lange historie fungert som estisk nasjonal opposisjon mot tsarherredømet og sovjetstyret, feira estisk sjølvstende (1920-1940 og 1991-) og har vore ein arena for estisk nasjonalisme og songtradisjonar.


Den estiske lausrivingsprosessen frå Sovjetunionen vert kalla Den syngande revolusjonen, og den første protestperioden vart mellom anna utløyst av Tsjernobylulykka og sovjetiske planar om massiv utnytting av dei estiske fosforittfunna. Glasnost gjorde det mogeleg å vise ein fjernsynsserie som opna augo på folk for kva sovjetisk styre hadde tydd i form av rovdrift og forureining. Det oppstod ønske om å få kontroll over eigne ressursar.


Den syngande revolusjonen starta i samband med nattsongfestivalen i Tallinn sommaren 1988, då sovjetpatriotiske songar i løpet av natta vart bytta ut med forbodne songar med nasjonalt innhald. I september same året vart ein ny songfestival arrangert, og ytringsfridomen vart strekt enno meir. I 1990 song 30 000 korsongarar for 450 000 tilhøyrarar i parken Lauluväljak. Den syngande revolusjonen varte i fire år, til Estland oppnådde sjølvstende i 1991.



Tallinn i dag |


Utanom danske og tyske innslag, ber Tallinn òg preg av at han har vore underlagt Sverige og Russland. Tsaren bygde m.a. Alexander Nevskij-katedralen, til minne om ein person som estlendarane ser på som ein undertrykker.


I dag utgjer Tallinn eit dynamisk vekstsenter i Austersjøregionen, og byen har på mange måtar greidd omveltingane som følgde Sovjetunionens fall på ein relativt vellukka måte.



Politikk |


Tallinn vert styrt etter ein parlamentarisk styringsmodell. Dette inneber at eit byråd (ei byregjering) står ansvarleg overfor bystyret, på same måte som ei regjering står ansvarleg overfor nasjonalforsamlinga. (Oslo og Trondheim vert styre etter same prinsipp).


Bystyret er det øvste organet i Tallinn og vert valt for fire år. Bystyret vert leia av ordføraren i Tallinn.


Byrådet er regjeringa i Tallinn og har sju medlemmer, byrådsleiaren og seks byrådar.



Administrative bydelar |


Tallinn er inndelt i åtte administrative bydelar (estisk linnaosad, eital linnaosa).


Mustamäe vest i byen er eit høghusområde, hovudsakleg bygd i sovjettida. Den tekniske høgskulen og ei veksande teknologipark ligg i bydelen.


Pirita heilt i aust er eit fritids- og villaområde. Her ligg gjestehamna i byen, den største badestranda, den botaniske hagen og fleire parkar. Elva Pirita jõgi, som er den største i området, går gjennom bydelen
















































Bydel
Areal
Folketak
Haabersti 18,6 km² 35 000
Kesklinn 28,0 km² 34 985
Kristiine 9,4 km² 27 531
Lasnamäe 30,0 km² 108 644
Mustamäe 8,0 km² 62 219
Nõmme 28,0 km² 35 043
Pirita 18,7 km² 8 507
Põhja-Tallinn 17,3 km² 52 573


Folketalsutvikling |




Rådhuset i Tallinn (Raekoda)


Tallinn har om lag 400 000 innbyggjarar.



























































År
Folketal
(registrert)
1372
3 250
1772
6 954
1816
12 000
1834
15 300
1851
24 000
1881
45 900
1897
58 800
1925
119 800
1959
283 071
1989
478 974
1996
427 500
2000
340 000
2007
399 096

I følgje Eurostat, EU sitt statistikkbyrå, er Tallinn den hovudstaden i unionen som har den største delen av ikkje-EU-borgarar. 27,8 % av innbyggjarane kjem frå land utanfor EU, dette skuldast hovudsakleg immigrasjon frå andre sovjetrepublikkar under den sovjetiske perioden (1944-1991). Mange av desse immigrantane og etterkomarane deira kvalifiserer ikkje til estisk statsborgarskap.


Ifølgje Estland sitt offisielle statistikkbyrå utgjer estlendarar 53,7 % av folketalet i Tallinn i 2006, medan etniske russarar utgjer 36,5 %.



Geografi |




Kart over Estland med Tallinn si plassering på den sentrale nordkysten


Tallinn ligg på sørsida av Finskebukta i det nordlege sentrale Estland.


Tallinn sin største innsjø er Ülemistesjøen (9,6 km²), og er den største drikkevasskjelda i byen. Harkusjøen er den nest største innsjøen i Tallinn og er på 1,6 km². Ulikt mange andre byar, er den einaste viktige elva i Tallinn kommune i Pirita, som er ein forstad til byen


Tallinn sitt høgaste punkt er 64 moh og ligg i Nõmme, i den sørvestlege delen av byen.


Kystlinja er 46 km og omfattar tre halvøyar: Kopli, Paljassaare og Kakumäe.



Økonomi |


I tillegg til å vere den største hamna og hovudstad i landet, har Tallinn hatt ein positiv utvikling innanfor informasjonsteknologibransjen (IT). 13. desember 2005 karakteriserer den amerikanske avisa The New York Times Estland og Tallinn som «eit slags Silicon Valley i Baltikum». Skype er eit at dei mest kjende IT-bedriftene som held til i byen. Mange av byen sine IT-bedrifter held til i det tidlegare sovjetiske Institutt for kybernetikk, eit institutt som har fått mykje av æra for Estland sin framgang innan IT.


Andre viktige næringsvegar i Tallinn er tekstil- og matindustri, samt service- og offentleg sektor.



Demografi |


Som følgje av den sovjetiske okkupasjonen etter den andre verdskrigen og ein målretta russisk koloniseringspolitikk, utgjer russarar i dag ein svært stor del av folkesetnaden i byen.



























Nasjonalitet
Andel
Estlendarar
53,7 %
Russarar
36,5 %

Ukrainarar
3,7 %

Kviterussarar
2,0 %
Andre
4,1 %


Religion |




Dødedansen i Nikolaikyrkja i Tallinn av Bernt Notke























Religion
Andel

Protestantisme
30 %

Russisk-ortodoks
28 %

Katolisisme
3 %
Uspesifisert
eller ikkje medlem av trussamfunn
39 %


Attraksjonar |




Alexander Nevskij-katedralen




Toompea Loss, den estiske parlamentsbygningen



Toompea |



For meir om dette emnet, sjå Toompea.


Toompea (Domberg) var tidlegare staden der Estland sine styresmakter hadde sitt sete. Først heldt biskopane til her, deretter Den tyske riddarordenen, deretter det baltisk-tyske adelskapet. Den estiske regjeringa held til her i dag, saman med mange ambassadar.


Hovudattraksjonane er:



  • Muren med bastionar

  • Den russisk-ortodokse Alexander Nevskij-katedralen. Katedralen vart bygd i perioden 1894-1900 da russifiseringa var på sitt høgaste, og er kalla opp etter ein russisk storfyrste som vann over svenskane i eit slag ved elva Neva i 1240. Under krossen i kuppelen er den islamske halvmånen, eit symbol på det ortodokse Russland sin siger over det islamske Tyrkia i 1878.

  • Den lutherske katedralen Toomkirik. Katedralen er Estland si lutherske hovudkyrkje og er den eldste kyrkja i byen, sannsynlegvis påbyrja av danskane i 1219. Omtalt for første gong i 1233 i samband med eit klageskrift frå prestane til paven i Roma over dei blodige samenstøta mellom den danske kongen sine menn og Den tyske riddarordenen.


  • Castrum Danorum (Toompea loss; «Danskeborga»). Slottet er bygd på restane av ei festning ført opp av estiske stammar på byrjinga av 900-talet, og 20. august 1991 utropte Estland sitt sjølvstende her. No sete for det estiske parlamentet.



Gamlebyen |




Oversiktsbilete over gamlebyen i Tallinn, Vanalinn




Olavskyrkja i Tallinn


Tallinn sin gamleby var tidlegare ein hansaby, og var senter for handel i regionen i mellomalderen og opplevde ei storheitstid. Trass i at gamlebyen opp gjennom tidene har vorte åtaka, plyndra, rasert og bomba, vert han rekna som ein av dei best bevarte gamlebyane i Europa. Gamlebyen vart teke opp på UNESCO si verdsarvliste i 1999. Styresmaktene har sett i gang eit omfattande restaureringsarbeid etter fleire år med manglande vedlikehald.


Hovudattraksjonar:



  • Rådhusplassen (estisk: Raekoja plats) med verdas eldste framleis fungerande apotek frå 1422.

  • Rådhuset (estisk: Raekoda). Tallinn sitt rådhus er det einaste uberørte rådhuset i gotisk stil i heile Nord-Europa. Bygd i 1404 og feira i 2004 600 år.

  • Bymuren med tårna (spesielt «Tjukke Margaret» og «Kiek in de Kök»)


  • Olavskyrkja (estisk: Oleviste kirik). Kyrkja er kalla opp etter kong Olav den heilage. Ho var på 1800-talet den høgaste bygningen i verda med ei høgd på 124 meter. Ho går tilbake til førreformatorisk tid, då Estland var katolsk. No er ho kyrkje for metodistane, men òg byen sine baptistar får nytte ho til gudstenester.



Kadriorg |


Bydelen har mange trebygningar frå 1800-talet, der eit større restaureringsarbeid er sett i gang etter mange års forfall.


Det tidlegare sommarpalasset som Peter den Store fekk oppført til si andre kone dronning Katarina I ligg i Kadriorg, bygd like etter den store nordiske krigen av Niccolo Michetti. Palasset vert i dag brukt av Estland sitt kunstmuseum og som presidentbustad. Kadriorg ligg 2 km aust for bysentrum.



Pirita |


Pirita ligg to kilometer nordaust for Kadriorg


Hovudattraksjonar:



  • Marinaen som vart bygd i samband med Sommer-OL 1980 for regattaøvingane,

  • Den botaniske hagen

  • Tallinn sitt fjernsynstårn (estisk: Tallinna teletorn) vart bygd i samband med Sommer-OL 1980 og er 312,6 meter høgt. Grunnsteinen vart lagd ned 30. september 1975 og vart innvia 11. juli 1980. I 21. etasje i tårnet er det eit utkikksrom som er ope for turister, 170 meter over bakkenivå. På klåre dagar kan ein sjå heilt til Finland.



Transport |



Transport innad i byen |


Tallinn by har eit omfattande nettverk av offentleg transport, fordelt på buss, trikk og trolleybuss. Billettprisane vert sett på som rimelege (7 EEK) og det er ein pris uansett avstand. Billettar kan ein kjøpe på førehand eller hos sjåfør, det sistnemnte er dyrare.



Fly |




Fly frå Air Baltic på Tallinn lufthamn


Tallinn lufthamn ligg 4 km søraust for Raekoja plats (Rådhusplassen). Transport inn til sentrum går via bussrute eller drosje.



Internasjonale destinasjonar |























































Flyselskap
Destinasjon:

Aero Airlines

Helsingfors

AirBaltic

Riga, Vilnius

CSA Czech Airlines

Praha

easyJet

London (Stansted), Berlin (Schönefeld)

Estonian Air

Barcelona, Berlin, Brüssel, Dublin,
Dubrovnik, Frankfurt, Hamburg, Kiev,
København, London, Manchester, Milano,
Moskva, Oslo, Paris, Simferopol, Stockholm

Finnair

Helsingfors

Flynordic

Stockholm

KLM

Amsterdam

LOT Polish Airlines

Warszawa

Lufthansa

Frankfurt

Norwegian

Oslo

SAS

Stockholm


Innanlandsdestinasjonar |











Flyselskap
Destinasjon

Avies

Kuressaare, Kärdla


Passasjertrafikk |




Helikopter frå Copterline på Helsingfors-Malmin lufthamn























































































Månad
Internasjonalt
Innanlands
Totalt
Januar
83 916
1 274
85 190
Februar
84 160
1 432
85 592
Mars
102 999
1 904
104 903
April
110 235
1 791
112 026
Mai
118 769
2 293
121 062
Juni
135 072
2 262
137 334
Juli
131 047
2 445
133 492
August
134 293
2 384
136 677
September
131 170
2 124
133 294
Oktober
131 694
1 978
133 672
November
113 610
1 581
115 191
Desember
100 881
1 745
102 626
Hele året
1 377 846
23 123
1 401 059

Kjelde: Tallinn-airport.ee, tal for 2005



Helikopter |


I tillegg er det ei helikopterrute med avgang kvar time til Helsingfors. Ruta vert operert av Copterline, som reklamerer med at ruta er den raskaste hovudstad-til-hovudstad-ruta i verda. Helikopteret tar av frå Linnahall på utsida av gamlebyen, og ikkje frå flyplassen.



Tog og veg |




Inne i eit estisk togsett


Togselskapet Edelaraudtee som har britiske eigarinteresser og vart stifta i 1997, opererer tre jernbanestrekningar ut frå Tallinn:



  • Tallinn - Viljandi - Pärnu

  • Tallinn - Tartu

  • Tallinn - Narva


Tallinn har pendlertogruter frå sentralbanestasjonen (Balti jaam), som mellom anna stoppar i følgjande byar:



  • Aegviidu

  • Pääsküla

  • Keila

  • Riisipere

  • Paldiski


  • Klooga)


Toga er elektriske og opererast av togselskapet Elektriraudtee. Togsetta er ei blanding av modernisterte eldre EMU-tog fra sovjettida og nybygde togsett. Den første elektriske togstrekningen i Tallinn vart opna i 1924 og var på 11,2 km til Pääsküla.


Rutebussar er òg tilgjengeleg til desse byane, samt andre destinasjonar som mellom anna St. Petersburg i Russland og Riga i Latvia. Selskapet EVR Ekspress opererer nattogsruta til Moskva.


Motorvegen Via Baltica (del av E67 frå Helsingfors til Praha) knyter Tallinn med landa sørover (Latvia, Litauen, Polen).



Ferje |




Ferje frå Eckerö Line i Tallinn hamn


Fleire ferjeselskap har ruter til og frå Tallinn:



  • Eckerö Line

  • Viking Line

  • Silja Line

  • Linda Line Express

  • Tallink


Ferjedestinasjonar:




  • Helsingfors (Finland)


  • Stockholm (Sverige)


  • Åland (Finland)


  • St. Petersburg (Russland)


  • Rostock (Tyskland)


Den mest brukte passasjerferjestrekningen er ruta til Helsingsfors, som ligg om lag 80 km nord for Tallinn. Turen tar 1 time og 20 minutter med hydrofoil, og 4 timer med vanleg konvensjonell ferje.



Klima |




Klimadiagram for Tallinn med oversikt over nedbør og temperaturar


Klimaet er vått med moderate temperaturer om vinteren. Om sommaren har Tallinn nordisk klima, med ein midla dagtemperatur på 15-20 °C. Stort sett som Søraust-Noreg, men noko meir skiftande. Byen har moderate nedbørsmengder gjennom heile året, men mest om våren og sommaren.









































































Månad

Temperatur
°C

Nedbør
(mm)

Januar
-5,0
33

Februar
-5,8
26

Mars
-3,0
24

April
2,6
32

Mai
8,4
41

Juni
13,1
49

Juli
16,4
71

August
15,0
68

September
11,0
75

Oktober
5,6
65

November
0,8
45

Desember
-3,0
39

Årsmiddel
4,7
568


Utdanning |


Fleire høgare utdanningsstader held til i Tallinn, inkludert:



  • Tallinns teknologiske høgskule

  • Universitetet i Tallinn

  • Det estiske musikkakademiet

  • Det estiske kunstakademiet

  • Det estiske luthersk evangeliske teologiinstitutt

  • Estlands handelshøgskule


Det største utdanningsstedet for høgare utdanning i Tallinn er Tallinns teknologiske høgskule (estisk: Tallinna Tehnikaülikool - TTÜ) med 11 000 studentar. Etablert i 1918.


Universitetet i Tallinn (estisk: Tallinna Ülikool) med røter tilbake til 1919, er eit av dei største utdanningsstadane for høgare utdanning i Estland med sine 6 640 studentar.



Venskapsbyar |




  • Belgia Gent i Belgia


  • Sverige Malmö i Sverige


  • Storbritannia Liverpool i Storbritannia


  • USA Los Gatos i California, USA


  • Tyskland Schwerin i Mecklenburg-Vorpommern, Tyskland



Tidsline |




  • 1154 – Tallinn oppført på eit verdskart av den arabiske kartografen al-Idrisi.


  • 1219 – Den danske kongen Valdemar II tok kontroll over byen.


  • 1346 – Danmark selde Tallinn saman med sine andre område i Nord-Estland til Den tyske riddarordenen.


  • 1561 – Etter den livlandske krigen mellom Russland, Polen og Sverige, kapitulerer Tallinn for Sverige


  • 1721 – Dei svenske troppane stasjonert i Tallinn kapitulerte under Den store nordiske krigen og overgav byen til Russland


  • 1918 – Byen sitt namn vert endra frå Reval til Tallinna


  • 1918 – 24. februar vert sjølvstendeerklæringa proklamert i Tallinn og byen vert hovudstad i den sjølvstendige staten Estland


  • 1918 – Tallinn sin teknologiske høgskule vert oppretta


  • 1919 – Universitetet i Tallinn vert oppretta


  • 1920-åra – Byen sitt namn vert endra frå Tallinna til Tallinn


  • 1924 – Den første elektriske togstrekningen i Tallinn vert opna og var på 11,2 km til Pääsküla.


  • 1975 – 30. september vert grunnsteinen til Tallinn sitt fjernsynstårn lagt ned


  • 1980 – 11. juli vert Tallinn sitt fjernsynstårn innvigd


  • 1980 – Tallinn er vertsby for regattaøvingane under Sommer-OL 1980


  • 1991 – 20. august utoper Estland seg som sjølvstendig stat i slottet på Domfjellet (Toompea loss)


  • 1997 – Tallinn sin gamleby, Vanalinn, vert ført opp på UNESCO si verdsarvliste.



Litteratur |



Bøker |




  • (en) Sulev Maèvali: Historical and architectural monuments in Tallinn. ASIN B0007AUR60


  • (en) Elena Tannu: The living past of Tallinn. ISBN 5-7979-0031-9


  • (en) Dmitri Bruns: Tallinn: Architectural landmarks, places of interest. ASIN B0006E6P9K


  • (en) Karl Helemäe: Tallinn, Olympic Regatta city. ASIN B0006E5Y24



Reiseguidar |



  • Peter Kyhn, Aschehoug: Turen går til Estland, Latvia og Lituauen. ISBN 82-03-22941-7


  • (en) Clare Thomson, Footprint Publishing: Tallinn. ISBN 1-904777-77-5


  • (en) Neil Taylor, Bradt City Guide: Tallinn. ISBN 1-84162-096-3



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tallinn



Offisielle sider |




  • (en) (de) Estlands turiststyresmakter


  • (en) (de) (sv) Tallinns turiststyresmakter


  • (en) Tallinn lufthamn sine heimesider


  • (en) Tallinn hamn



Turistsider |




  • (en) Hotell i Tallinn


  • (en) Biletgalleri


  • (en) Biletgalleri oldtallinn.com


  • (en) Vêrmelding for Tallinn



Artiklar om Tallinn |




  • Ta ein weekend i Tallinn (VG)


  • Frå kuleramme til kule kafear i postkommunistiske Tallinn (VG)


  • Tallinn - ei mellomalder-perle (Adresseavisen)























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva