Sog
Sog | |
Wikimedia Commons: Sog | |
Sog (islandsk uttale såg) er ei elv på Island og ei av dei største i landet når det gjeld vassføring. Middelvassføringa er 110 m³/s. Ho renn frå Þingvallavatn og etter 21,9 km renn ho saman med elva Hvítá og dannar elva Ölfusá som renn vidare i 25 km før ho munnar ut i Atlanterhavet.
Det er tre vasskraftverk ved elva: Ljósafossstöð (14,3 MW), Írafossstöð (16,7 MW) og Steingrímsstöð (13,5 MW).
Sog renn gjennom to innsjøar, Úlfljótsvatn og Álftavatn.
Elva har mykje aure og laks.
Sjå òg |
- Elvar på Island
Bakgrunnsstoff |
- Kraftverket Ljósafossstöð
- Kraftverket Írafossstöð
- Kraftverket Steingrímsstöð
Koordinatar: