So Far Away av Dire Straits
So Far Away Singel av Dire Straits frå albumet Brothers in Arms | ||
B-side | Walk of Life (Europa) If I Had You (US) | |
|---|---|---|
Utgjeve | 1985 (Europa) 1986 (USA) | |
Sjanger | Roots rock | |
Lengd | 5:12 | |
Selskap | Vertigo (UK), Warner Bros. Records (United States) | |
Låtskrivar(ar) | Mark Knopfler | |
Produsent | Mark Knopfler, Neil Dorfsman | |
Dire Straits-kronologi | ||
| «Love Over Gold (live)» (1984) | So Far Away | «Money for Nothing» (1985) |
«So Far Away» er ein rockesong frå 1985 av Dire Straits. Han vart gjeven ut på albumet Brothers in Arms. Han vart den fjerde hitten til bandet på topp 20 i USA, med ein 19. plass. Den originale studioversjonen av songen finst på samleplata The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations frå 2005.
Innhaldsliste
1 Singel
2 B-side
3 Konsertversjon
4 Lister
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Singel |
«So Far Away» var den første singelen frå Brothers in Arms i Europa og kom ut den 8. april 1985. Songen nådde 20. plass i Storbritannia, fjerdeplassen i Storbritannia, sjetteplassen i Sveits, sjuandeplassen i Sverige og 33. plassen i Italia. Singelen vart òg gjeven ut i Australia, og nådde der 22. plass.
Etter songen klatra til 29. plass på Billboard Hot Mainstream Rock Tracks i 1985, vart «So Far Away» gjeven ut seinare det året som den tredje singelen frå albumet i Nord-Amerika, og ndåde tredjeplassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista og 19. plass på Billboard Hot 100.
B-side |
Den europeiske utgåva frå 1985 hadde eit anna spor frå Brothers in Arms som B-side, «Walk of Life».[1] Denne songen vart sidan gjeven ut som den fjerde offisielle singelen frå albumet Europa (den andre i Nord-Amerika) seint i 1985 og nådde sjuandeplassen på Hot 100 og andreplassen i Storbritannia, den høgaste plasseringa dei nådde i heimlandet. 7"-versjonen av «So Far Away» var ei forkorta utgåve, medan 12" var den fulle versjonen frå CD-utgåva. Han vert stundom feilaktig kalla ein "extended mix".
I USA var B-sida for singelen «If I Had You», frå Dire Straits-EPen ExtendedancEPlay frå 1983.[2] I Canada vart ein avgrensa dobbel vinylutgåve med den fulle versjonen «So Far Away» gjeve ut i lag med konsertopptak av «Going Home» og «Sultans of Swing», instrumentaldelen av «Why Worry» og eit Mark Knopfler solospor, «Fear and Hatred».[3]
Konsertversjon |
Ein av songane på Mark Knopfler-albumet Real Live Roadrunning frå 2006 er ein duettversjon av «So Far Away» med den amerikanske countrysongaren Emmylou Harris.
Lister |
| Liste (1985) | Plassering |
|---|---|
Australia Kent Music Report | 22 |
Canadian RPM Singles Chart | 24 |
Dutch Top 40 | 23 |
Irish Singles Chart | 14 |
Italian Singles Chart | 33 |
New Zealand | 25 |
Noreg | 4 |
Sverige | 7 |
Swiss Music Charts | 6 |
| South African top 20 [4] | 5 |
UK Singles Chart | 20 |
| US Billboard Hot 100 | 19 |
| US Hot Adult Contemporary | 3 |
| US Top Rock Tracks | 29 |
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «So Far Away (Dire Straits song)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ http://www.discogs.com/Dire-Straits-So-Far-Away/master/23911
↑ http://www.discogs.com/Dire-Straits-So-Far-Away/release/1718679
↑ http://www.discogs.com/Dire-Straits-So-Far-Away/release/919049
↑ http://rock.co.za/files/springbok_top_20_(D).html Henta 1 April 2014
Bakgrunnsstoff |
Heile songteksten på MetroLyrics
Dire Straits | |
|---|---|
Mark Knopfler · John Illsley · Alan Clark · Guy Fletcher · David Knopfler · Pick Withers · Hal Lindes · Terry Williams · Jack Sonni | |
| Studioalbum | Dire Straits · Communiqué · Making Movies · Love over Gold · Brothers in Arms · On Every Street |
| Konsertalbum | Alchemy · On the Night · Live at the BBC |
| Samlealbum | Money for Nothing · Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits · Private Investigations: The Best of Dire Straits & Mark Knopfler |
| EPar | ExtendedancEPlay · Encores |
| Singlar | «Sultans of Swing» · «Water of Love» / «Down to the Waterline» · «Lady Writer» · «Romeo and Juliet» · «Skateaway» · «Tunnel of Love» · «Private Investigations» · «Industrial Disease» · «Twisting by the Pool» · «Love Over Gold» (live) · «So Far Away» · «Money for Nothing» · «Brothers in Arms» · «Walk of Life» · «Your Latest Trick» · «Calling Elvis» · «Heavy Fuel» · «On Every Street» · «The Bug» · «You and Your Friend» |
| Tilknytte artiklar | Diskografi · Michael Brecker · The Notting Hillbillies · Chris White · Birmingham at Barbarella |