Lerkefamilien
Lerkefamilien | ||
Songlerke, Alauda arvensis Foto: Daniel Pettersson | ||
Systematikk | ||
Klasse: | Aves | |
Orden: | Passeriformes | |
Familie: | Alaudidae | |
Vitskapleg namn | ||
Alaudidae |
Lerkefamilien, vitskapleg namn Alaudidae, samlar nær hundre artar små til mellomstore sporvefuglar, 12 til 24 cm i lengd og 15 til 75 gram i vekt. Alle artar finst i «den gamle verda» og i nordlege og austlege Australia. Berre ein art, fjellerke, har spreidd seg til Nord-Amerika. Habitata varierer mykje, men mange artar lever i tørre område. Lerker er ein veldefinert biologisk familie, blant anna gjennom den distinkte forma på tarsen.[1]
Innhaldsliste
1 Skildring
2 Artslista
3 Kjelder
3.1 Referansar
4 Bakgrunnsstoff
Skildring |
Lerker har meir forseggjorte lydytringar enn mange andre fuglar, og ofte ekstravagante songar gjeve i flygeoppvisingar. Desse melodiøs lydane for det menneskelege øyret, kombinert med ein vilje til å ekspandere inn i menneskeskapte habitat - så lenge desse ikkje er for intensivt dyrka - har sikra lerker ein framtredande plass i litteratur og musikk, spesielt songlerke i Nord-Europa og topplerke og kalanderlerke i Sør-Europa.
Med desse songane under flyging, forsvarer hannar hekketerritorium og tiltrekker makar. Dei fleste artane byggjer reir på bakken, vanlegvis koppforma av daudt gras, men hos nokre artar er reiret meir komplisert og dels overbygd. Nokre få ørkenartar hekkar svært lågt i buskar, kanskje slik at lufta sirkulerer og kjøler reiret. Lerkeegg er vanlegvis flekkete, og kullstorleiken varierer frå 2, særleg hos artar i dei tørraste ørkenane, til 6 hos artar i tempererte område. Lerker rugar i 11 til 16 dagar.
Som mange andre bakkelevande sporvefuglar, har dei fleste lerkeartar lang bakklo, som ein trur gjev stabilitet når dei står. Dei fleste artar har stripa brun fjørdrakt, nokre klårt merkte med svart eller kvitt. Den fargelause utsjånaden kamuflerer dei på bakken, særleg når dei ligg på reiret. Dei lever av insekt og frø, sjølv om vaksne hos dei fleste artane et frø primært, vil alle artar mate ungar med insekt i minst den første veka etter klekking. Mange artar grev med nebbet for å avdekke mat. Nokre lerker har tunge nebb, ekstremt hos tjukknebblerke, for å knuse frø, medan andre har lange, nedbøygde nebb, som er spesielt eigna for graving.
Blant artar der ein har kunnskap om myting er lerkane dei einaste sporvefuglar som fell alle fjørene i den første mytinga. Dette kan skuldast dårleg fjørkvaliteten hos ungane, som igjen kan kome av lågare kvalitet på føda dei får frå foreldra den første levetida.
Artslista |
Lerker i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Mirafra
Australlerke, Mirafra javanica, Australasian Bushlark, LC, Horsfield, 1821
Ghatslerke, Mirafra affinis, Jerdon's Bushlark, LC, Blyth, 1845
Busklerke, Mirafra erythroptera, Indian Bushlark, LC, Blyth, 1845
Indokinalerke, Mirafra erythrocephala, Indochinese Bushlark, LC, Salvadori & Giglioli, 1885
Bengallerke, Mirafra assamica, Bengal Bushlark, LC, Horsfield, 1840
Burmalerke, Mirafra microptera, Burmese Bushlark, LC, Hume, 1873
Madagaskarlerke, Mirafra hova, Madagascar Lark, LC, Hartlaub, 1860
Savannelerke, Mirafra cantillans, Singing Bushlark, LC, Blyth, 1844
Jordlerke, Mirafra albicauda, White-tailed Lark, LC, Reichenow, 1891
Tuareglerke, Mirafra cordofanica, Kordofan Lark, LC, Strickland, 1850
Lavalerke, Mirafra williamsi, Williams's Lark, DD, Macdonald, 1956
Sahellerke, Mirafra rufa, Rusty Lark, LC, Lynes, 1920
Monotonilerke, Mirafra passerina, Monotonous Lark, LC, Gyldenstolpe, 1926
Boerlerke, Mirafra cheniana, Latakoo Lark, NT, Smith, 1843
Kenyalerke, Mirafra pulpa, Friedmann's Lark, DD, Friedmann, 1930
Strandlerke, Mirafra ashi, Ash's Lark, EN, Colston, 1982
Somalilerke, Mirafra somalica, Somali Long-billed Lark, LC, Witherby, 1903
Raudvenglerke, Mirafra hypermetra, Red-winged Lark, LC, Reichenow, 1879
Melankolilerke, Mirafra africana, Rufous-naped Lark, LC, Smith, 1836
Angolalerke, Mirafra angolensis, Angola Lark, LC, Barboza du Bocage, 1880
Flagrelerke, Mirafra rufocinnamomea, Flappet Lark, LC, Salvadori, 1865
Klaprelerke, Mirafra apiata, Cape Clapper Lark, LC, Vieillot, 1816
Kalaharilerke, Mirafra fasciolata, Eastern Clapper Lark
Kragelerke, Mirafra collaris, Collared Lark, LC, Sharpe, 1896
Ogadenlerke, Mirafra gilletti, Gillett's Lark, LC, Sharpe, 1895
Slekt Heteromirafra
Hargeisalerke, Heteromirafra archeri, Archer's Lark, CR, Clarke, 1920
Negelelerke, Heteromirafra sidamoensis, Sidamo Lark, CR, Erard, 1975
Transvaallerke, Heteromirafra ruddi, Rudd's Lark, VU, Grant, 1908
Slekt Calendulauda
Rosenbrystlerke, Calendulauda poecilosterna, Pink-breasted Lark
Sabotalerke, Calendulauda sabota, Sabota Lark
Krattlerke, Calendulauda africanoides, Fawn-colored Lark
Revelerke, Calendulauda alopex, Foxy Lark
Raudlerke, Calendulauda burra, Red Lark
Karoolerke, Calendulauda albescens, Karoo Lark
Vortemelklerke, Calendulauda barlowi, Barlow's Lark
Dynelerke, Calendulauda erythrochlamys, Dune Lark
Slekt Pinarocorys
Rustgumplerke, Pinarocorys erythropygia, Rufous-rumped Lark, LC, Strickland, 1852
Umbralerke, Pinarocorys nigricans, Dusky Lark, LC, Sundevall, 1850
Slekt Ammomanopsis
Gruslerke, Ammomanopsis grayi, Gray's Lark
Slekt Chersomanes
Sylklolerke, Chersomanes albofasciata, Spike-heeled Lark, LC, Lafresnaye, 1836
Kingeretelerke, Chersomanes beesleyi, Beesley's Lark
Slekt Certhilauda
Namaqualerke, Certhilauda curvirostris, Cape Lark, LC, Hermann, 1783
Agulhaslerke, Certhilauda brevirostris, Agulhas Lark
Sotholerke, Certhilauda semitorquata, Eastern Long-billed Lark, LC, Smith, 1836
Khoisanlerke, Certhilauda subcoronata, Karoo Long-billed Lark, LC, Smith, 1843
Benguelalerke, Certhilauda benguelensis, Benguela Lark
Kortklolerke, Certhilauda chuana, Short-clawed Lark, LC, Smith, 1836
Slekt Alaemon
Langnebblerke, Alaemon alaudipes, Greater Hoopoe-Lark, LC, Desfontaines, 1789
Løpelerke, Alaemon hamertoni, Lesser Hoopoe-Lark, LC, Witherby, 1905
Slekt Chersophilus
Nattlerke, Chersophilus duponti, Dupont's Lark, NT, Vieillot, 1820
Slekt Eremopterix
Sotlerke, Eremopterix australis, Black-eared Sparrow-Lark, LC, Smith, 1836
Brunrygglerke, Eremopterix leucotis, Chestnut-backed Sparrow-Lark, LC, Stanley, 1814
Svartkronelerke, Eremopterix nigriceps, Black-crowned Sparrow-Lark, LC, Gould, 1839
Grårygglerke, Eremopterix verticalis, Gray-backed Sparrow-Lark, LC, Smith, 1836
Sporvelerke, Eremopterix signatus, Chestnut-headed Sparrow-Lark, LC, Oustalet, 1886
Masailerke, Eremopterix leucopareia, Fischer's Sparrow-Lark, LC, Fischer & Reichenow, 1884
Gråkronelerke, Eremopterix griseus, Ashy-crowned Sparrow-Lark, LC, Scopoli, 1786
Slekt Ammomanes
Mørkhalelerke, Ammomanes cinctura, Bar-tailed Lark, LC, Gould, 1839
Rusthalelerke, Ammomanes phoenicura, Rufous-tailed Lark, LC, Franklin, 1831
Ørkenlerke, Ammomanes deserti, Desert Lark, LC, Lichtenstein, 1823
Slekt Ramphocoris
Tjukknebblerke, Ramphocoris clotbey, Thick-billed Lark
Slekt Melanocorypha
Kalanderlerke, Melanocorypha calandra, Calandra Lark, LC, Linné, 1766
Fjellkalanderlerke, Melanocorypha bimaculata, Bimaculated Lark, LC, Ménétries, 1832
Tibetlerke, Melanocorypha maxima, Tibetan Lark, LC, Blyth, 1867
Mongollerke, Melanocorypha mongolica, Mongolian Lark, LC, Pallas, 1776
Kvitvenglerke, Melanocorypha leucoptera, White-winged Lark, LC, Pallas, 1811
Svartlerke, Melanocorypha yeltoniensis, Black Lark, LC, Forster, 1767
Slekt Calandrella
Dverglerke, Calandrella brachydactyla, Greater Short-toed Lark, LC, Leisler, 1814
Rustdverglerke, Calandrella cinerea, Red-capped Lark, LC, Gmelin, 1789
Bleikdverglerke, Calandrella blanfordi, Blanford's Lark
Fjelldverglerke, Calandrella erlangeri, Erlanger's Lark
Steppedverglerke, Calandrella acutirostris, Hume's Lark, LC, Hume, 1873
Somalidverglerke, Calandrella somalica, Somali Short-toed Lark, LC, Sharpe, 1895
Flekkdverglerke, Calandrella rufescens, Lesser Short-toed Lark, LC, Vieillot, 1820
Sanddverglerke, Calandrella raytal, Sand Lark, LC, Blyth, 1844
Slekt Eremalauda
Nomadelerke, Eremalauda dunni, Dunn's Lark, LC, Shelley, 1904
Slekt Spizocorys
Damaralerke, Spizocorys starki, Stark's Lark
Rosennebblerke, Spizocorys conirostris, Pink-billed Lark, LC, Sundevall, 1850
Astrildlerke, Spizocorys fringillaris, Botha's Lark, EN, Sundevall, 1850
Kystlerke, Spizocorys obbiensis, Obbia Lark, DD, Witherby, 1905
Maskelerke, Spizocorys personata, Masked Lark, LC, Sharpe, 1895
Tårelerke, Spizocorys sclateri, Sclater's Lark, NT, Shelley, 1902
Slekt Pseudalaemon
Korthalelerke, Pseudalaemon fremantlii, Short-tailed Lark, LC, Lort Phillips, 1897
Slekt Galerida
Topplerke, Galerida cristata, Crested Lark, LC, Linné, 1758
Krattopplerke, Galerida theklae, Thekla Lark, LC, Brehm, 1858
Malabartopplerke, Galerida malabarica, Malabar Lark, LC, Scopoli, 1786
Savannetopplerke, Galerida modesta, Sun Lark, LC, Heuglin, 1864
Kaneltopplerke, Galerida deva, Tawny Lark, LC, Sykes, 1832
Tjukknebbtopplerke, Galerida magnirostris, Large-billed Lark, LC, Stephens, 1826
Slekt Alauda
Songlerke, Alauda arvensis, Sky Lark, LC, Linné, 1758
Orientlerke, Alauda gulgula, Oriental Skylark, LC, Franklin, 1831
Razolerke, Alauda razae, Razo Skylark, CR, Alexander, 1898
Slekt Lullula
Trelerke, Lullula arborea, Wood Lark, LC, Linné, 1758
Slekt Eremophila
Fjellerke, Eremophila alpestris, Horned Lark, LC, Linné, 1758
Hornlerke, Eremophila bilopha, Temminck's Lark, LC, Temminck, 1823
Songlerke Alauda arvensis, trelerke Lullula arborea og fjellerke Eremophila alpestris hekkar i Noreg. Topplerke Galerida cristata hekka tidlegare medan kalanderlerke Melanocorypha calandra og dverglerke Calandrella brachydactyla er sjeldne gjestar.
Kjelder |
Denne artikkelen byggjer på «lark» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011
Kikkawa, Jiro (2003). «Larks». I Perrins, Christopher (ed.). Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 578–583. ISBN 1-55297-777-3.
Ridgway, Robert (1907). «The Birds of North and Middle America, Part IV». Bulletin of the United States National Museum 50: 289–290. Henta 2008-06-25.
Referansar |
↑ A. L. Rand (1959) Tarsal Scutellation of Song Birds as a Taxonomic Character, The Wilson Bulletin, Vol.71, nr.3, side:274-277
↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff |
Videoar, bilete og lydopptak av lerker hos Internet Bird Collection
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lerkefamilien