Nadine av Chuck Berry
Nadine Singel av Chuck Berry | ||
B-side | «O Rangutang» | |
|---|---|---|
Utgjeve | Februar 1964 | |
Innspelt | November 1963, Chess Studios, Chicago | |
Sjanger | Rock and roll, Rhythm and Blues | |
Selskap | Chess | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
Chuck Berry-kronologi | ||
| «Come On» (1961 | Nadine | «No Particular Place to Go» (1964 |
«Nadine» - òg kjend som «Nadine - Is It You?» er ein song skriven og framført av Chuck Berry. Han vart gjeven ut på singel i februar 1964 og var den første musikken Berry gav ut etter han hadde sete i fengsel ei stund.
Innhaldsliste
1 Komposisjon
2 Lister
3 Andre versjonar
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Komposisjon |
Etter at han i desember 1959 vart arrestert for brot mot Mann Act, vart Berry etter kvart dømd til eit og eit halvt år i fengsel, frå februar 1962 til oktober 1963. Han hadde ikkje gjeve ut ein singel sidan «Come On» i oktober 1961.
«Nadine» vart spelt inn i november 1963 i Chess studio i Chicago, som den første innspelinga etter han kom ut av fengsel. Ein annan song frå innspelinga, «You Never Can Tell», kom òg ut på singel.[1]
Songen liknar den første hitten til Berry, «Maybellene», med ein liknande tekst om å følgje etter ei jente. «Nadine» blir forfølgd til fots og i ein taxi og ikkje i bil som i «Maybellene».[1]
Lister |
Songen kom ut i februar 1964 med B-sida «O Rangutang».[2] Singelen nådde 23. plassen på Billboard Hot 100, sjuandeplassen på R&B-lista og 27. plassen på UK Singles Chart.
Andre versjonar |
Songen er òg blitt spelt inn av mange andre artistar, som John Hammond jr., Waylon Jennings, Billy Boy Arnold, Dion, George Thorogood, New Riders of the Purple Sage, Juicy Lucy, Dire Straits, Michael Nesmith, Motörhead, Dicky Lee, Stan Ridgway og The Seldom Scene.[3]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Nadine (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2017.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,1 Pegg, Bruce (2005). Brown Eyed Handsome Man: The Life and Hard Times of Chuck Berry. Routledge. s. 165. ISBN 0415937515. Henta 6. juli 2017.
↑ «Nadine». 45cat. Henta 6. juli 2017.
↑ «Covered 'Berries'». ChuckBerry.com. Henta 6. juli 2017.
Bakgrunnsstoff |
Heile songteksten på MetroLyrics
Chuck Berry | |
|---|---|
| Studioalbum | After School Session (1957) · One Dozen Berrys (1958) · Chuck Berry Is on Top (1959) · Rockin' at the Hops (1960) · New Juke Box Hits (1961) · Two Great Guitars (med Bo Diddley) (1964) · St. Louis to Liverpool (1964) · Chuck Berry in London (1965) · Fresh Berry's (1965) · Chuck Berry's Golden Hits (1967) · Chuck Berry in Memphis (1967) · From St. Louie to Frisco (1968) · Concerto in «B Goode» (1969) · Back Home (1970) · San Francisco Dues (1971) · The London Chuck Berry Sessions (1972) (Side 1) · Bio (1973) · Chuck Berry (1975) · Rock It (1979) · Chuck (2017) |
| Konsertalbum | Chuck Berry on Stage (1963) · Live at the Fillmore Auditorium (1967) · The London Chuck Berry Sessions (1972) (Side 2) · Chuck Berry Live in Concert (1978) · Hail! Hail! Rock 'n' Roll (1987) · Live! (2000) · Live on Stage (2000) · Chuck Berry – In Concert (2002) |
| Samlealbum | Rock, Rock, Rock (1956) · Chuck Berry Twist (1962) · Chuck Berry's Golden Decade (1967, 1973, 1974) · The Great Twenty-Eight (1982) · The Chess Box (1988) · The Anthology (2000) · Volume 2 (1995) |
| Hitsinglar | «Maybellene» / «Wee Wee Hours» (1955) · «Roll Over Beethoven» / «Drifting Heart» (1956) · «Too Much Monkey Business» / «Brown Eyed Handsome Man» (1956) · «School Days» / «Deep Feeling» (1957) · «Rock and Roll Music» / «Blue Feeling» · «Sweet Little Sixteen» / «Reelin' and Rockin'» (1958) · «Johnny B. Goode» / «Around and Around» (1958) · «Almost Grown» / «Little Queenie» (1959) · «Back in the U.S.A.» / «Memphis, Tennessee» (1959) · «Nadine» (1964) · «No Particular Place to Go» (1964) · «My Ding-a-Ling» (1972) |
| Andre artiklar | Diskografi · Chuck Berry House · Hail! Hail! Rock 'n' Roll |