Hornøya

Multi tool use
Hornøya
|
Geografi
|

|
Stad |
Barentshavet
|
Koordinatar |
70°23′12″N 31°09′07″EKoordinatar: 70°23′12″N 31°09′07″E
|
Høgaste punkt |
60 moh.
|
Administrasjon
|
Land |
Noreg
|
Fylke |
Finnmark
|
Hornøya er den austlegaste øya i Noreg (70° 22' N, 31° 10' Ø) og ligg ein drøy kilometer utanfor Vardø i Barentshavet. På det høgaste punktet på øya (60 moh) ligg Vardø fyr.
Etter at fyret var tautomatisert i 1991 er ikkje øya busett lenger, om ein ser bort frå nokre biologar frå Universitetet i Tromsø som forskar på øya sommarstid og bur i fyrvaktarhuset.
Øya består av sandstein og skifer og er om lag 900 gonger 650 m.
Ho har bratte stup på vestsida, medan austsida skrånar ned mot havet.
Avsluttinga vert danna på denne sida av ei halvøy, Store Avløysinga.
Lille Avløysinga er ein holme som ligg rett sør for Hornøya.
På vestsida, mellom Hornøya og naboøya Reinøya, ligg Prestholmen.

Hornøya sett frå Hasselneset i Vardø - ein populær stad for fuglekikking.
Hornøya har ein av dei største sjøfuglkoloniane i Noreg. I dei bratte fjellsidene hekkar totalt meir enn 40 000 par av alke, lomvi, krykkje, lunde, polarlomvi, storskarv, teist og toppskarv.
Elles på øya (og Reinøya) hekkar store mengder gråmåse samt svartbak.
Andre fuglearter er brushane, linerle og eitt par ramnar.
Spesielt polarlomvien trekker til seg fugleentusiastar langvegsfrå. Øya er freda som naturreservat, og det er forbod mot å ta seg inn til fuglefjellet.
På ulike stader på Hornøya finn ein restar etter tyske bygg frå den andre verdskrigen.

Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.
cvKu6uxL0scZNnNldeWjJZWQzM
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...