Oscillator






Skjematisk teikning


Ein oscillator, svingar eller svingekrets er eit system som utfører svingingar av kva for ein som helst art (mekaniske, akustiske, elektriske).



Mekanisk oscillator |


Ein mekanisk harmonisk oscillator oppstår når ein fri rørleg lekam påverkast av ei kraft som alltid er retta mot likevektsstillinga og er proporsjonal med avstanden til lekamen frå denne, til dømes elastiske svingninger ved små utslag. Den udempa harmoniske oscillatoren utfører reine sinussvingingar (harmoniske svingninger) omkring likevektsstillinga.



Elektriske oscillatorar |


Elektriske oscillatorar genererer udempa, periodiske elektriske spenningar av ulike former (oftast sinusforma), og inngår i mange typar elektronisk utstyr.


I teoretisk fysikk skildrast atoma og rørslene deira, t.d. i krystallgitter, som elektriske oscillatorar. Studiet av desse oscillatorane og den strålinga (lys, varmestråling) dei skapar, har vore grunnleggjande for forståinga av oppbygginga til materien og for utviklinga av kvantemekanikken.



Kjelder |


  • Oscillator. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/oscillator.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva