Eide Forlag




Eide Forlag A/S er eit norsk bokforlag heimehøyrande i Bergen.




Innhaldsliste






  • 1 Oppstarten


  • 2 Etterkrigstida


  • 3 Fram mot notida


  • 4 Bakgrunnsstoff





Oppstarten |


Forlagsdrifta vart starta i 1880 av Johan Wilhelm Eide som tolv år tidlegare også hadde grunnlagt Bergens Tidende. Grunnen til at han gav seg ut på forleggjarversemd var at Vestmannalaget stod utan forleggjar til vinnaren av tevlinga foreininga hadde hatt om den beste ABC-boka på landsmål. Då tok boktrykkjar Eide, som opphavleg var frå Stryn, på seg å gje ut fyrstepremiemanuset til Andreas Austlid. Framover mot århundreskiftet gav Eide ut eit fåtal andre bøker, men forleggjarverksemda var eit underskotsforetak og snart gjekk forlaget i dvale.



Etterkrigstida |


Ikkje før i 1945 livna det til att, då med at ei sterk satsing på barnebøker. Pengane tente forlaget likevel på vaksenbokutgjevingar som til dømes Sjetlands-Larsen av Frithjof Sælen, Nord for det øde hav av Liv Balstad og Den tause verden av Jacques-Yves Cousteau, og det gav dei rom til å ha høg kvalitet på barnebøkene, som ofte var tapsprosjekt. Eide Forlag gav til dømes ut internasjonale barnebokklassikarar som Det suser i sivet av Kenneth Grahame, Alice i eventyrland og Gjennom speilet av Lewis Carrol og Peter Pan av J.M. Barrie for fyrste gong på norsk, alle omsette av Zinken Hopp. Dei gav også ut nye, fine utgåver av bøker som Tom Sawyer og Huck Finn av Mark Twain. Etter at forlaget gjekk på ein stor økonomisk smell med det store verket Havet og våre fisker tidleg på 60-talet vart verksemda gradvis trappa ned att.



Fram mot notida |


Ikkje før på midten av 80-talet byrja ein ny periode med vekst i forlaget. Det vart då satsa på mellom anna ein serie hefta kriminal- og spenningsbøker redigert av Gunnar Staalesen. Då det ikkje vart balanse i reknskapa i denne omgangen heller, bestemte Bergens Tidende seg for å selja selskapet og det vart kjøpt av Trine Kolderup Flaten som hadde vore ein av redaktørane dei siste åra og som no driv selskapet saman med Roald Flaten. Forlaget har no om lag 20 utgjevingar i året, og av utgjevingar frå dei siste åra kan nemnast Norsk forsvarshistorie i 5 band og ei satsing på science fiction og fantasy-litteratur.



Bakgrunnsstoff |


  • Nettsidene til Eide Forlag



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva