Andreas Wenzel
















Andreas Wenzel

Andreas Wenzel.JPG

Fødd
18. mars 1958
Planken
Yrke
alpinist

Andreas Wenzel (fødd 18. mars 1958) er ein tidlegare alpin skirennar frå Planken i Liechtenstein som vann verdscupen i alpine greiner 1980 og tok to OL-medaljar i storslalåm, samt tre VM-medaljar i to ulike øvingar i tida 1978-84. Også systrene hans, Hanni og Petra Wenzel, høyrde til verdseliten i alpin skiidrett i 1970- og 1980-åra.



Aktiv |


Vinteren 1978 vann Wenzel to storslalåmrenn i verdscupen i alpine greiner. Mellom dei to verdscupsigrane deltok han i VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen, der han fyrst tok sølvmedaljen i storslalåm bakom suverene Ingemar Stenmark og deretter vann kombinasjonsøvinga.


Wenzel vann ein ny sølvmedalje i storslalåm under Vinter-OL 1980 i Lake Placid, endå ein gong vart svenske Stenmark for sterk. Også i kombinasjonen kom Wenzel på andreplass, men sidan den øvinga ikkje stod på OL-programmet men gjaldt som VM-øving, reiste han frå Lake Placid med både ein OL-sølv og ein VM-sølv. Med tre rennsigrar i verdscupen i tre ulike greiner vinteren 1980 og jamt gode plasseringar elles, gjekk han heilt til topps i verdscupen i alpine greiner 1980.


Etter nokre litt svakare sesongar kom Wenzel tilbake i OL-sesongen 1984 med fire sigrar i verdscupen. Under dei olympiske leikane 1984 i Sarajevo vann han bronsemedaljen i storslalåm.


Den 13. januar 1985 vann han kombinasjonen i Hahnenkamm-renna i Kitzbühel og tok sin 14. og siste siger i eit verdscuprenn. Seks av sigrane kom i kombinasjonsøvinga, fire i slalåm, to i storslalåm og ein i super-G. I alt stod han 47 gongar på pallen etter verdscuprenn.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


  • Denne artikkelen bygger på «Andreas Wenzel» frå Wikipedia på tysk, den 14. desember 2014.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva