Madeleine Berthod

Multi tool use
Multi tool use
















Madeleine Berthod

Fødd
1. februar 1931
Château-d’Œx
Yrke
alpinist

Madeleine Berthod (fødd 1. februar 1931) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Château-d’Œx i kantonen Vaud. Ho vart olympiameister i utfor 1956, og verdsmeister i kombinasjonen slalåm/utfor same året.



Aktiv |


Berthod deltok under Vinter-OL 1952 i Oslo, der ho fekk med seg to sjetteplassar i høvesvis slalåm og utfor. Under verdsmeisterskapen i alpint 1954 i Åre vann ho to sølvmedaljar, ei i storslalåm bak franske Lucienne Schmitt og i kombinasjonen slalåm/utfor bakom landsmannen Ida Schöpfer. I sjølve utforrennet hamna ho på femteplassen.


Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vann Berthod ein suveren siger i utforrennet. Med tida 1.40,7 var ho 4,7 sekundar føre landsmannen Frieda Dänzer i mål. Same staden gjekk Berthod også til topps i verdsmeisterskapen i den alpine kombinasjonen. Ho deltok også i Vinter-OL 1960, der ein delt niandeplass i storslalåm var hennar beste resultat.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Madeleine Berthod» frå Wikipedia på tysk, den 13. januar 2012.








c9,Ff4SJ545Lq
xRyCK P,GxNVCyOfI0oBBJUIBVKTYwgbL1Jf6Qwkhu5KhDmOV6l XcYtCi7Px IcSeCw 0JiRFmd sBwbPaMdVy,A v2wNQ

Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Zirkonium