Forbrukar- og administrasjonsdepartementet




Forbrukar- og administrasjonsdepartementet er eit tidlegare norsk departement.


Departementet vart oppretta den 8. mai 1972, under Regjeringa Bratteli I.


Departementet kom for ein stor del i staden for Familie- og forbrukardepartementet, som vart lagt ned samtidig. Inger Louise Valle, som hadde vore statsråd i Familie- og forbrukardepartementet vart den første statsråden i det nyoppretta Forbrukar- og administrasjonsdepartementet.


Departementet vart lagt ned under Regjeringa Syse, den 31. desember 1989. Frå 1. januar 1990 vart familie- og forbrukarsakene behalde i det nye Familie- og forbrukardepartementet. Og frå same dag vart administrasjonssakene saman med arbeidssakene frå Kommunal- og arbeidsdepartementet ført over til det nyoppretta Arbeids- og administrasjonsdepartementet.



Historie |


Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver.




  • Familie- og forbrukardepartementet 21. desember 1956 - 7. mai 1972

  • Forbrukar- og administrasjonsdepartementet 8. mai 1972 - 31. desember 1989


  • Familie- og forbrukardepartementet 1. januar 1990 - 31. desember 1990


  • Barne- og familiedepartementet 1. januar 1991 - 31. desember 2005


  • Barne- og likestillingsdepartementet 1. januar 2006-



Sjå også |


Norske forbrukar- og administrasjonsministrar



Kjelder |


  • Familie- og forbrukardepartementet hos Regjeringen.no



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva