Kortnebbdukkpetrell































Kortnebbdukkpetrell

Status i verda: LC Livskraftig





Systematikk

Klasse:

Aves

Orden:

Procellariiformes

Familie:

Procellariidae
Slekt:
Pelecanoides

Art:

P. georgicus

Vitskapleg namn
Pelecanoides georgicus

Lesson, 1828


Kortnebbdukkpetrell (Pelecanoides georgicus) er ein dukkpetrell og medlem av ordenen stormfuglar. Det er ein av fire svært like alkeliknande små sjøfuglar som lever pelagisk på den sørlege halvkula. Dei har utbreiing i Sør-Atlanteren og øyar av dei sørlege Indiahavet, på øyar og holmar utanfor New Zealand og på søraustlege australske øyar.



Skildring |


Kortnebbdukkpetrell er ein liten, tjukkfallen petrell, 180-220 mm i lengd og veg rundt 90-150 gram.[1]Fjørdrakta har svart overside, skittenkvit underside og han har eit svart nebb.[2] Vengene har tynne kvite striper. Andletet og halsen kan vere meir brunt enn svart. Beina er blå.[2] Dersom ikkje denne fuglen er observert svært nært, er han nesten umogleg å skilje frå smalnebbdukkpetrell. Kortnebbdukkpetrellar har langt lysare fjører på undersidene av vengene enn smalnebbdukkpetrell. Det er berre små skilnader storleik.[3]


Kortnebbdukkpetrellar beitar primært på planktoniske krepsdyr, spesielt kril, men vil òg ete småfisk og unge blekksprutar. Dei er kjente for dugleiken til å dukke. Kortnebbdukkpetrell har vorte registrert ned til 48,6 meter, meir typisk 20 m.[4]


Han hekkar i koloniar på subantarktiske øyar, på Sør-Georgia i Sør-Atlanteren og på Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelen-øyane og Heard- og McDonaldøyane i det sørlege Indiahavet. På New Zealand hekkar han på Codfish Island. Dei spreier seg sirkumpolart til omkringliggande havområde og streiffuglar har vorte registrert ved Falklandsøyane og Australia.[5]


Hekkesesongen er oktober-februar.[5] Hoa legg éit egg som dei rugar i 44-52 dagar. Ungane er flygedyktige etter 43-60 dagar.[1] Truslar mot kortnebbdukkpetrell inkluderer joar, kattar og rotter. Dei er utdøydde på Auckland-øyane fordi new zealand-sjøløva øydela reira.[1] Populasjonen er estimert til om lag 15 millionar individ (2004) og er minkande.[5]



Kjelder |



  • Denne artikkelen byggjer på «South Georgia Diving Petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012



Referansar |





  1. 1,01,11,2 The Polar Conservation Organisation faktaark South Georgia Diving-petrel


  2. 2,02,1 Dewey, T. 2009. "Pelecanoides urinatrix" (On-line), Animal Diversity Web. Henta 12. mai 2012 frå http://animaldiversity.ummz.umich.edu/site/accounts/information/Pelecanoides_urinatrix.html


  3. Barrie Heather and Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005


  4. Prince, P. A.; M. Jones (1992). Maximum dive depths attained by South Georgia Diving Petrel Pelecanoides georgicus at Bird Island, South Georgia Antarctic Science 4 (4): 433–434. Henta den 12. mai 2012


  5. 5,05,15,2 BirdLife International (2012) Species factsheet: Pelecanoides georgicus. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. mai 2012




Bakgrunnsstoff |



  • Videoar, bilete og lydopptak av kortnebbdukkpetrell hos Internet Bird Collection



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva