Dei franske sørterritoria
























































Dei franske sørterritoria














Dei franske sørterritoria sitt flagg.


Dei franske sørterritoria sitt våpen.

Flagget til dei franske sørterritoria.
Våpenet til dei franske sørterritoria.



Status

Fransk oversjøisk territorium (Territoire d'outre-mer)

Prefekt (Préfet)
Cécile Pozzo di Borgo

Hovudstad

Saint-Pierre på Réunion (administrasjonssete)

Offisielt språk

Fransk

Areal

- % vatn


439 781 km²


Folketal

- totalt

- folketettleik



ca. 140 ([])

ca. /km²



Verdsdel

Afrika og Antarktis

Internet-domene
.tf

Tidssone

UTC

Internasjonal telefonkode


Nasjonalsong


Dei franske sørterritoria (fransk Territoire des Terres australes et antarctiques françaises, forkorta TAAF) er eit fransk oversjøisk territorium som vart oppretta som ei eining i 1955. Sørterritoria omfattar ei rekkje øyar i Indiahavet sør for Afrika og eit landområde i Antarktis. Det er ingen fastbuande i sørterritoria, men om lag 150 forskarar og arbeidsfolk held til her året rundt. Dette talet aukar til rundt 300 sommarstid. Sørterritoria blir administrert av ein prefekt som er stasjonert på Réunion nord i Indiahavet.




Innhaldsliste






  • 1 Inndeling


  • 2 Historie


  • 3 Geografi


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Inndeling |


Dei franske sørterritoria er delt inn i fem distrikt, med kvar sin «distriktssjef». Distrikta er:




  1. Kerguelen-øyane


  2. Île Saint-Paul og Île Amsterdam

  3. Crozetøyane


  4. Adélie Land i Antarktis

  5. Îles éparses


Øyane blir administrert frå Saint-Pierre på Réunion. Det som blir rekna som hovudstaden i sjølve sørterritoria er busetnaden Port-aux-Français på Kerguelen. Her bur om lag 60 menneske heile året, og opp mot 120 sommarstid.


Îles éparses («dei spreidde øyane») har vorte rekna som det femte distriktet i sørterritoria sidan 2007. Øyane ligg i Indiahavet rundt Madagaskar. Øyane er utan busetnad, men kvar einskild øy blir gjort krav på av anten Madagaskar, Komorane, Seychellane eller Mauritius i tillegg til Frankrike.



Historie |


Medan fleire av Îles éparses og Île Saint-Paul var kjende frå før eller tidleg i oppdagartida, blei områda lengre sør i territoriet blei først oppdaga av menneske på 1700- og 1800-talet. Crozet-øyane blei oppdaga den 24. januar 1772 av Julian Crozet, som siglde med stillehavsutforskaren Marc-Jospeh Marion-Dufresne. Den franske antarktisekspedisjonen leidd av Yves-Joseph de Kerguelen de Trémarec kom til Kerguelen , som dei kalla Îles de la Fortune ('Lukkeøyane'), den 12. februar 1772. Adelie Land vart oppdaga i 1840 av den franske polfararen Jules Dumont d'Urville.



Geografi |




Kart over Dei franske sørterritoria. Adélie Land i Antarktis), Banc du Geyser (i Îles Éparses), og Bassas da India (i distriktet Îles Éparses) er ikkje med




Kerguelen-kål på Mayes i Kerguelen.


Territoriet omfattar Île Amsterdam, Île Saint-Paul, Îles Crozet og Îles Kerguelen sør i Indiahvet nær 43 °S, 67 °E, langs det franske kravområdet i Antarktis, Adélie Land, kalla opp etter kona til den franske polfararen Jules Dumont d'Urville.


Adélie Land dekkjer kring 432 000 km² og øyane i alt 7 781 km². Ingen av områda har fast busetnad, men i 1997 var det kring 100 forskarar som budde her frå vinteren (juli) til sommaren (januar).


Île Amsterdam og Île Saint-Paul er utdøydde vulkanar. Det høgaste punktet i territoriet er Mont Ross på Îles Kerguelen på 1850 meter over havet. Det er ikkje flystripe på nokre av øyane og langs den i alt 1232 km lange kyststripa finst det ingen hamner, berre ankarplassar til sjøs.





Kerguelen - Volcan du Diable.


Øyane i Indishavet får forsyningar frå spesialskipet «Marion Dufresne», som seglar ut frå Le Port på Réunion. Terre Adélie får forsyningar frå «Astrolabe», som seglar ut frå Hobart på Tasmania.


Territoriet inneheld den einaste landmassen som ligg direkte på andre sida av jordkloden for USA.



Sjå òg |



  • Franske oversjøiske departement og territorium

  • Det franske koloniriket



Kjelder |





  • «Qu’est-ce que les TAAF ?» ved www.taaf.fr


  • «L’archipel de Kerguelen» ved www.taaf.fr


  • «L’archipel de Crozet» ved www.taaf.fr


  • «Chronologie - Dix-huitième siècle» ved kerguelen-voyages.com


  • Denne artikkelen bygger på «Dei franske sørterritoria» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2012 og 12. oktober 2012.



Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettside for sørterritoria (fransk)

  • Sørterritoria i CIA World Factbook (engelsk)



  • Wikimedia Atlas of the French Southern and Antarctic Lands


  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for French Southern and Antarctic Lands frå Wikivoyage

  • Dei sørlege og antarktiske territoria

  • Crozet

  • Kerguelen

  • Terre Adélie

























Koordinatar: 49°15′0″S 69°10′1″E





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva