Mauser-rifle M98

Multi tool use

Bruka Mauser M98 på utstilling
Mauser Modell 98 er det mest kjende av alle tyske gevær. Det er ei fem skots repetér-rifle med bolt-sluttstykke og fast innebygd magasin. Det var standardgevær i den tyske hæren i første verdskrigen, så i Reichswehr etter denne, og i karabin-utgåve i andre verdskrigen.
Det tyske standardkaliberet var 8x57 mm med tilføyinga IS.
Våpenet vart innført i den tyske hæren i 1898. Ti år seinare kom ei noko kortare utgåve. Mauser-konstruksjonen er svært robust og god, og vart eit førebilete for mange andre. Geværet vart produsert i masseomfang i om lag femti år, og vart bruka over mesta heile verda. Så mykje som 100 millionar eksemplar kan ha vorte produserte. Enno i dag er variantar i bruk, først og fremst som sivile pålitelege jaktgevær.
Dei viktigaste versjonane:
- G98: Grunnversjonen, produsert frå 1898, tysk standardvåpen under første verdskrigen.
- K98a: Ein kortare versjon (karabin) som kom i 1908, men som ikkje avløyste den lengre versjonen som standard.
- K98k: Same lengd som K98a. Vart serieprodusert frå 1935 og innført som standardvåpen i Wehrmacht. Over 12 millionar K98k vart produserte før 1945.
Mauser-gevær vart produserte på lisens i ei rekkje land, blant dei Sverige, Spania, Iran og Chile. Dei skil seg mest i kaliber.
I Noreg vart etterlatne Mauser-karabinar bruka i Hæren og særleg i Heimevernet etter okkupasjonen var over. Desse våpna fekk etter kvart nye løp i kaliber 7,62x63 mm (.30-06), som var det daverande amerikanske standard-kaliberet. Kongsberg Våpenfabrikk laga òg eigne versjonar, som vart bruka som skarpskyttargevær i militæret og som skyttarlagsvåpen. I det siste tilfellet i kaliber 6,5x55 mm.
Kjelde |
Først og fremst tysk wikipedia, art. K98k.
Bakgrunnsstoff |
- Russisk våpenside (eng.)
- Wehrmachtsleksikon
LXtmDyeeNXWf
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...