Perustormsvale, Oceanodroma markhami, er ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien. Arten har utbreiing i Humboldtstraumen utanfor Sør-Amerika, frå nordlege Chile til sørlege Ecuador.
Innhaldsliste
1Skildring
2Kjelder
2.1Referansar
3Bakgrunnsstoff
Skildring |
Foto: Jaime Jahncke
Dette er ei stor stormsvale, ca. 21,5-23 centimeter. Fjørdrakta er mørk brun, men oversida av vengene har tydelege bleike øvre vengband. Halen er djupt kløfta.[1]
I ein studie har ein funne at føda er sett saman av bl.a. blekksprutar, ein ansjosart anchoveta (Engraulis ringens), og ein art av pelagiske trollhummarar (Pleuroncodes monodon).
Perustormsvaler dannar lause hekkekoloniar opp til 5 kilometer frå sjøen. Einaste kjente hekkeplassar for denne arten ligg innanfor Paracas naturreservat, på øyane San Gallan, La Vieja, og inne på Paracas-halvøya. Ein trur dei òg kan ha andre hekkekoloniar på andre øyar og inne i kystørkenen i Peru og Chile. I Paracas er hekkeperioden frå juni til november, desember. Storleiken på populasjonen er estimert til 50 000 kjønnsmodne individ.
Kjelder |
BirdLife International (2012) Species factsheet: Oceanodroma markhami. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mai 2012.
García-Godos, I., Goya, E. & Jahncke, J. 2002. The diet of Markham’s Storm Petrel Oceanodroma markhami on the central coast of Peru. Marine Ornithology 30: 77–83.
Referansar |
↑Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
Bakgrunnsstoff |
Videoar, bilete og lydopptak av perustormsvale hos Internet Bird Collection
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...