Île des Pingouins (Pingvinøya) er ei aude øy i dei subantarktiske Crozetøyane sør i Indiahavet. Med eit areal på berre 3 km² er ho ei av dei minste øyane i gruppa. Administrativt høyrer øya til Dei franske sørterritoria. Ho er ein viktig hekkestad for sjøfuglar.
Innhaldsliste
1Skildring
2Viktig fugleområde
3Sjå òg
4Kjelder
Skildring |
Île des Pingouins ligg vest i øygruppa der ho er den sørlegaste øya, kring 30 km søraust for Île aux Cochons og 95 km vest-sørvest for Île de la Possession. Ho er lita og mykje erodert av sjøen, med bratte sider. Ho er 4 km lang og 1 km brei. Dei omliggande kystklippene er frå 50 m til 300 m høge og er i røynda umogeleg å nå frå sjøen og sjeldan vitja. Ho har ingen innførte dyreartar og har eit heller urørt plante- og dyreliv samanlikna med dei andre øyane i øygruppa.[1]
Viktig fugleområde |
Minst 29 fugleartar hekkar på øya, som av BirdLife International har fått status som viktig fugleområde (IBA). Ho har særs høg tettleik av sjøfuglar, inkludert ein million par gulltoppingvinar, 300 par svartbrynalbatrossar, fire par sølvhovudalbatrossar (som er den einaste hekkstaden deira i Indiahavet) og 30 par gråalbatrossar, samt fleire tusen par med marionkvalfugl og kvithakepetrell. Andre fuglar som hekkar i forholdsvis store tal er mellom andre vandrealbatross, sotalbatross, gråhovudalbatross og indisk gulnebbalbatross, nordkjempepetrell, blåpetrell og kergulenpetrell og smalnebbdukkpetrell. I mindre grad finn ein òg kerguelenterne og blåaugd skrav.[1]
Sjå òg |
Antarktiske øyar nord for 60 °S
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Île des Pingouins» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2012.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,1BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Île des Pingouins. Downloaded from http://www.birdlife.org on 17. oktober 2012.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...