Abdullah Gül

















Abdullah Gül

Abdullah Gül 2011-06-07.jpg

Fødd
29. oktober 1950
Kayseri
Yrke
politikar, diplomat, samfunnsøkonom

Abdullah Gül på Commons

Abdullah Gül (fødd 29. oktober 1950 i Kayseri) var president i Tyrkia frå 2007 til 2014. Han høyrer til partiet AKP.


Gül har utdanning i økonomi frå Universitetet i Istanbul, med doktorgrad derfrå i 1983.[1] Han arbeidde som økonom ved den islamske utviklingsbanken i Jidda frå 1983 til 1991.[1]


Etter at AKP vann valet i 2002 var Gül var statsminister frå november 2002 til mars 2003.[1] Partileiaren Recep Tayyip Erdogan kunne ikkje verte statsminister fordi han var tidlegare straffedømd for religiøs verksemd. Då denne delen av grunnlova vart fjerna i 2003 trekte Gül seg som statsminister for at Erdogan skulle kunne ta over.[2] Gül vart vise-statsminister og utanriksminister i 2003 i Erdogans nye regjering. Som utanriksminister var Gül aktivt med i forhandlingane med EU om eit tyrkisk EU-medlemskap, noko han sjølv er tilhengjar av.


I april 2007 utnemnde regjeringa Erdogan Gül til sin kandidat for presidentposten, til harde protestar frå opposisjonen. Protestane kom i stor grad av Gül si fortid som islamist.[3][4] Gül vart valt til president 28. august 2007. 28. august 2014 tok Recep Tayyip Erdogan over embetet.



Personleg liv |


Abdullah Gül vart fødd i Kayseri 29. oktober 1950 som son til Adeviye Gül og Ahmet Hamdi Gül.[1]


I 1980 gifta Abdullah Gül seg med den då 15 år gamle kusina si, Hayrünnisa Özyurt (fødd 1965).[5]
Paret har tre barn; to søner kalla Mehmet Emre og Ahmet Münir og ei dotter kalla Kübra. Gül er er fan av fotballklubben Beşiktaş J.K..[6]



Kjelder |




  1. 1,01,11,21,3 «Presidency of the Republic of Turkey : Abdullah GÜL». Henta 2013-06-11. 


  2. «CNN.com - Turkish PM quits for Erdogan - Mar. 11, 2003». 2003-03-11. Henta 2013-06-11.  Den ukjende parameteren |h1= vart ignorert (hjelp)


  3. Gul sworn in as Turkey's first former Islamist president Daily Mail (29 August 2007). Besøkt 10. juni 2013.


  4. Turks elect ex-Islamist president BBC News (28 August 2007). Besøkt 10.juni 2013.


  5. Dündar, Can, Bir Evlilik Yıldönümü, henta 2007-08-29 


  6. "Köşk'e üçüncü beşiktaşlı" (tyrkisk), Haber3, April 24, 2007.








Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?