Liman

Multi tool use

Satellittbilete av limanar langs Svartehavskysten

Liman danna av elvemunningane til Dnepr og Søndre Bug

Dnester liman ved elvemunningen til Dnestr
Ein liman er ein type innsjø som er danna ved munningen til ei elv blokkert av ein banke av sediment. Limanen kan vere maritim (banken er laga av elva som renn ut i sjøen) eller fluvial (banken er laga av ei større elv ved samanløpet).
Namnet vert brukt om denne type innsjøar langs den vestlege og nordlege kysten av Svartehavet, i tillegg til den lågare delen av Donau. Døme på limanar er Varnasjøen i Bulgaria, Razelmsjøen i Romania og Dnester liman i Ukraina.
Etymologi |
Ordet er eit låneord frå russisk лиман (liman), men opphavet kjem frå det mellomalder greske λιμένας som tyder bukt eller hamn. Ordet vart spreidd av tyrkarane då dei okkuperte den vestlege og nordlege kysten av Svartehavet.
J3JvI6dNYrzp,eMasJzQH3JIipSg tMLAV GfM,aJBmHWGvVcHFP0aa3wOWh7nczZRL 0nuVhl6qea vHk6rloGYtbRpGw Gb