Furu
Furu | ||
Status i verda: Livskraftig
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Pinophyta | |
Klasse: | Pinipsida | |
Orden: | Pinales | |
Familie: | Pinaceae | |
Slekt: | Pinus | |
Art: | P. sylvestris | |
Vitskapleg namn | ||
Pinus sylvestris |
Furu, fure eller toll (Pinus sylvestris), ofte kalla tolle i Midt-Noreg,[1] er ein planteart i furuslekta (Pinus). Denne arten er den einaste naturleg vilveksande furuarten i Noreg.
Innhaldsliste
1 Utbreiing
2 Utsjånad
3 Bruk
4 Anna
5 Ord for ‘furu’
6 Sjå òg
7 Kjelder
7.1 Fotnotar
8 Bakgrunnsstoff
Utbreiing |
Furu finst frå Storbritannia i vest, til Sibir i aust, Kaukasusfjella i sør, og Nord-Noreg i nord. I nord veks ho frå havnivå opp til 1000 moh; i sør veks ho frå 1200 til 2600 moh. Ho finst i heile Noreg.
Utsjånad |
Furua vert opp til 35 meter høg. Einskilde tre i særleg gunstig jord har vorte opp til 45 meter. Gamle tre har grov og mørkbrun skorpebork nedst og tynn, lyst raudlet bork høgare opp. Hokonglane sit på stutte skaft, er spisse, og går frå gulbrune til gråbrune i farge ettersom dei mognast.
Nålene er lange, og sit parvis i knippe.
Bruk |
Furu er eit treslag med mange bruksområde, og er difor viktig for skogbruket. Det blir avverka store mengder furu i Noreg kvart år til bruk i industrien som materiale til bygg- og møbelproduksjon, papirmasse, og framstilling av tjære og terpentin.
Furuveden er særs rik på kvae. Tidlegare produserte ein såkalla alved ved å la kvista og toppkappa furustammer stå att på rot over fleire år slik at kvaa trekte opp frå rota og ut i veden. Slik vart mesteparten av virket impregnert og eigna seg såleis ypparleg som kledningsmateriale for hus og andre bygningar.
Anna |
I Vesterålen veks dei eldste trea i Noreg. Det eldste av desse furutrea er frå år 1228, medan daude trestubbar går heilt tilbake til år 877.
Ord for ‘furu’ |
Furu: Det norrøne ordet fura, som er i slekt med svensk «fura», dansk «fyrretræ» og engelsk «fir» (gammal skotsk tyding: ‘furu’, moderne engelsk tyding: ‘edelgran’ Abies) finst i fleire former i norske dialektar:
Fåra, Jæren
Fǫrå, fǫrrå, Ytre Nordmøre (særleg i tydinga furu som trevirke)
Føru, furu Indre Nordmøre
Tolle
- Tǫ’ļļ Nordmøre (jf. svensk «tall»)
Sjå òg |
- Gadd
Kjelder |
Scots Pine på Wikipedia på engelsk.- Lid, J. (2005), Norsk flora (7. utgåva). Samlaget, Oslo.
Fotnotar |
↑ Ordet tolle f. i tydinga Pinus sylvestris er særleg registrert frå Nordmøre og Romsdalen i setelarkivet til Norsk ordbok, men finst òg belagt frå Trøndelag. På Helgeland blir ordet derimot bruka både om furu og gran.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Furu