Venezialagunen






Venezialagunen


Venezialagunen (italiensk Laguna di Venezia) er ein lagune i Adriahavet der byen Venezia ligg. Namnet på lagunen på venetiansk har gjeve opphav til det internasjonale namnet for ei lukka, grunn bukt eller vik med saltvatn.


Venezialagunen strekkjer seg frå Sile i nord til Brenta i sør og har eit areal på 550 km². Om lag 8 % av lagunen er landområde, inkludert sjølve Venezia og fleire mindre øyar. Om lag 11% er permanent vatn eller kanalar, medan rundt 80% er gjørmete strender, tidvassgrunner eller marskland.


Ho er forbunde til Adriahavet via tre inngangar: Lido, Malamocco og Chioggia. Sidan lagunen ligg innerst i nesten lukka sjø får området store tidvassvariasjonar. Den mest ekstreme springfloa vert kalla acqua alta (italiensk for «høgt vatn»), som regelmessig gjev flaum i mykje av Venezia.


Venezialagunen er ein del av eit system som i romartida strekte seg frå Ravenna og nordover til Trieste. På 500-talet var lagunen ein tilfluktsstad for romanske folk som flykta frå inntrengande fiendar (hovudsakleg hunarar). Seinare vart lagunen kjernen i Republikken Venezia og det maritime riket deira. Lagunen er framleis viktig som hamn, for Arsenale di Venezia og fiske.




Øya Torcello sett frå lagunen


Lagunen vart danna seks til sju tusen år sidan då havet steig etter den siste istida og flauma inn over den adriatiske kystsletta. Elvesediment kompanserte for den søkkande kystsletta og sediment frå elva Po dreiv langs kysten og lukka viker og bukter. Venetianske prosjekt på 1300- og 1500-talet hindra lagunen i å utvikle seg til myrland. Pumping av vassførande sjikt sidan 1800-talet har gjort lagunen djupare. Opphavleg var mange av øyane myraktige, men drenering har gjort det mogeleg å bu her. Mange av dei mindre øyane er fullstendig kunstige, medan nokre av områda rundt hamnebyen Mestre er øyar som er forsvunne. Dei gjenverande øyane er hovudsakleg sanddyner, inkludert deived kyststripa (Lido, Pellestrina og Treporti).




Øyane i Venezialagunen


Dei største øyane eller øygruppene i området:




  • Venezia 5,17 km²


  • Sant'Erasmo 3,26 km²


  • Murano 1,17 km²


  • Chioggia 0,67 km²


  • Giudecca 0,59 km²


  • Mazzorbo 0,52 km²


  • Torcello 0,44 km²


  • Sant'Elena 0,34 km²


  • La Certosa 0,24 km²


  • Burano 0,21 km²


  • Tronchetto 0,18 km²


  • Sacca Fisola 0,18 km²


  • Isola Di San Michele 0,16 km²


  • Sacca Sessola 0,16 km²


  • Santa Cristina 0,13 km²


Andre øyar:



  • Cavallino

  • Lazzaretto Nuovo

  • Lazzaretto Vecchio

  • Lido

  • Pellestrina

  • Poveglia

  • San Clemente

  • San Francesco del Deserto

  • San Giorgio in Alga

  • San Giorgio Maggiore

  • San Lazzaro degli Armeni

  • Santa Maria della Grazia

  • San Pietro di Castello

  • San Servolo

  • Santo Spirito

  • Sottomarina

  • Vignole



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Venetian Lagoon» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2007.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Venezialagunen



  • Informasjon

  • Satellittbilete frå googlemaps

  • MILVa - interaktivt kart

  • Comune di Venezia, Servizio Mobilità Acquea


Koordinatar: 45°25′N 12°18′E





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva